Jan Inge Fardal er leiar for Vestafjelske Redaktørforening og redaktør i Sogn Avis.Erik Waatland
Sogn Avis såg ingen annan utveg enn Amedia: – Måtte inn i noko større
Men Rune Hetland i LLA er uroa over at konserna sluker lokalavisene. – I ferd med å bli eit duopol, seier generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser.
Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis fortel til Medier24 at eigarskiftet gir dei moglegheiter dei tidlegare ikkje har hatt.
– Me måtte inn i noko større for å få dei verktøya og moglegheitene som Amedia gir. Me har sett på ulike løysingar, men det var ingen tvil om at Amedia var konsernet som best kan vareta oss, seier han.
Han erkjenner at det er med vemod at dei no seier frå seg sitt lokale eigarskap, som dei har hatt gjennom 120 år.
– Men slik verda har blitt, er det ikkje lenger noko val for aviser av vår storleik. Det er ikkje mogleg å klara seg heilt åleine lenger.
– Om fem år trur eg ikkje det vil vera att aviser av vår storleik som er lokalt eigde.
Åtvarar mot å bli for like
Avtroppande generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) tykkjer det er forståeleg at fleire lokalaviser «kryp til korset» og vert seld til større konsern.
– I mange høver er det fornuftig. For mange enkeltaviser har det vore heilt naudsynt å gå inn i konsern, fordi dei ikkje har teke grep for å omstilla seg, seier han.
– Per i dag er det ikkje noko som tilseier at dette ikkje er bra, men det er bra med variert eigarskap, seier Hetland.
Vidare legg han vekt på at konserna ikkje må gjera avisene for like.
– Eit kvart aviskonsern må klara å sjå den lokale identiteten og setja pris på skilnadar. Det er veldig mykje å spara på å uniformera mykje, men det kan bli ei fare for at alt vert for likt, seier Hetland.
– Me er i ferd med å få eit duopol her, med Schibsted-eigde Polaris Media og Amedia. Dei vil ikkje akkurat få mindre søkjelys på seg om korleis dei handterer dette ut frå eit samfunnsperspektiv. Mediebransjen er veldig viktig for lokalt demokrati, seier Hetland.
Hetland legg likevel til at det er naturleg at konserna veks, fordi dei digitale fellesløysingane er av stor betydning og at det er både dyrt og krevjande å finna eigne løysingar.
– Kan skyte seg sjølv i foten
Medieforskar Jens Barland ved Høyskolen Kristiania er samd med Hetland i at ein går i ein retning med omtrent berre to eigarar i den norske avisfloraen.
– Det går i retninga duopol, ja, men eg må leggje til to ting, seier Barland.
– I Norge skal ein vera veldig glad for at det finst store norske aktørar som tek initiativ til å gjera dette. Det er ikkje utanlandske aktørar med andre formål som tek desse posisjonane og kjøper opp. Ein kan hevda at duopol-situasjonen undergrev konkurransen, men at ein sikrar norske, og dyktige, eigarar, veg tyngst, seier Barland. Han er også instituttleiar for Institutt for kommunikasjon på Høyskolen Kristiania.
– Det andre er at eigarane må sørgja for at dei lokale media for lov til å vera lokale, som først og fremst opererer på vegner av samfunnet dei representerer og betener. Om dei byrjar å straumlinjeforma dette for mykje, skyt dei seg sjølv i foten.
– Ingen profittkrav
Blant dei få lokalt eigde avisene av ein viss storleik er Sunnhordland på Stord i Hordaland. Dei er eigd av Hystad-familien på Stord, og har gjennom åra takka nei til alle konsern som har banka på døra.
Redaktør Magne Kydland ser både fordeler og ulemper ved å vera lokalt eigd og å stå utanfor dei store konserna.
– Me kan bestemma ting i større grad sjølv, og me har ingen vanvitige profittkrav hengjande over oss. Me får lov til å gjera ein god del ting, dersom me berre argumenterer godt nok for det. Til dømes har me stadig ei grafisk avdeling på huset, og vunne ein del prisar, både i Norge og i Europa dei siste åra, noko me ikkje hadde klart utan den avdelinga, seier Kydland.
– Økonomisk melkeku
Kydland legg til:
– Eg ser jo at å vera med i eit konsern òg har sine fordeler. Me har til dømes avgrensa med ressursar til digital utvikling, som er noko av grunnen til at me har vi gått inn i eit samarbeid med Agderposten-konsernet for eit samarbeid om produksjonsløysingar, seier han og understrekar at det er krevjande for ei lita lokalavis å henga med på den digitale utviklinga utan støtte frå et konsern.
– Dersom me hadde blitt kjøpt opp av eit konsern, hadde sikkert det gått bra det òg, seier Kydland.
Han hugsar spesielt tida i Haugesunds Avis, som han beskriv som ei «økonomisk melkeku» for konsernet på den tida.
– Me gjekk jo og irriterte oss over alle millionane me sende over fjellet og opp til Oslo. Det slepp me i Sunnhordland, seier Kydland.
Vil vurdera eigarskapet
Dagleg leiar Reidar Hystad i Sunnhordland seier til Medier24 at dei er mange grunnar til at dei har halde på det lokale eigarskapet. Det går mellom anna på kjensler, seier han.
– Det er noko med det når oldefar din starta avisa då han var blind i 1902. Det har noko å seia for at eigarskapet har halde så lenge, seier han.
Hystad avviser ikkje at det kan bli endringar òg for dei.
– Me vil alltid tenkja de besta for produktet vårt, og det var grunnen til at me gjekk inn i Agderposten-samarbeidet. No kjem me til å sjå kva som skjer framover, og ta nye avgjersler på bakgrunn av det. Me kjem ikkje til å tvihalda på eit opplegg dersom det ikkje gjer oss betre.
– Me har hatt kontakt med dei ulike konserna på mange måtar, men per no er det ingenting anna enn at me ser kva som skjer.
Hystad er samd i at det er krevjande å driva digital utvikling på eiga hand.
Amedia: – Avisene er ikkje verktøy for det sentrale
Konsernsjef Are Stokstad i Amedia seier til Medier24 at det dei er «ekstremt medvitne» på å halda fast på den lokale identiteten til avisene.
– Det viktigaste for oss er den lokale forankringa. No har me 900 journalistar over heile landet, og me jobbar etter «nedanfrå og opp»-strukturen. Det er ikkje slik at lokalavisene vert verktøy for det sentrale, seier han.
– De har kjøpt opp ti aviser det siste året. Skal de ta resten også?
– Strategien vår er å samarbeide med uavhengige aviser – slik me har med Sogn Avis i lang tid. Når moglegheita har oppstått med til dømes Nordsjø og Sogn Avis, og ser behovet for eit fellesskap, så gjer me det.
– Er det negative sider ved at ein går mot ein slik duopol-situasjon?
– Det er ikkje tvil om at det skjer ein konsentrasjon, og at det Schibsted og Polaris er eitt selskap – med felles strategi og Schibsted-kontroll i Polaris. Men det er viktig korleis me sikrar mangfaldet, og så er det slik at dei digitale utfordringane krev at me har skala for å investera i løysingane og kompetanse.
Journalist Ole Alexander Saue var sommarvikar i Sunnhordland i 2016 og 2017. Eira Lie Jor har difor gjort intervjuet med Sunnhordland-redaktør Magne Kydland.