– Betydeleg interesse for stillinga, seier styreleiar André Støylen i Amedia. Både interne og eksterne søkjarar har meldt seg på i kampen om konsernsjefjobben.
I mars vart det kjent at Are Stokstad går av som konsernsjef i Amedia, kor han byrja som toppsjef i 2013.
Tre månadar seinare har konsernet enno ikkje landa ein ny direktør som skal ta over for Stokstad.
– Me har ikkje gitt oss ein eksakt dato på kor tid me skal ha landa tilsetjinga. Me satsar på i løpet av sommaren, men på eit tidspunkt vil ferieavvikling gjera noko med prosessen, så om ikkje blir det ikkje før ein nærmar oss skulestart, seier styreleiar André Støylen i Amedia til Medier24.
– Spanande jobb
Han leier tilsetjingsutvalet, kor styremedlem Gunnar Sellæg og tillitsvald Britt-Ellen Negård også sit.
Støylen vil ikkje avsløra kor mange som har søkt, kor langt dei er i prosessen, og kor mange aktuelle kandidatar som står att.
– Det har vore betydeleg interesse for stillinga. Det er hyggjeleg, men ikkje overraskande. Det bør vera ein spanande jobb i medienorge, og me har både interne og eksterne søkjarar, seier han.
Amedia er blant landets største mediekonsern og eig 75 lokalaviser i tillegg til Nettavisen. Konsernet omsette i 2019 for 3,8 milliardar kroner og fekk eit resultat før skatt på 325 millionar kroner.
Ingen korona-forseinkingar
Etter det Medier24 kjenner til var det knytt spenning til om den nye konsernsjefen skulle innstillast til styremøte 17. juni, men Støylen kan overfor Medier24 avkrefta at dei vil vera ferdige innan den tid.
– Me har framleis nokre intervju igjen å gjera, så me har ein jobb å gjera også etter styremøte onsdag, seier han.
– Har koronakrisa forseinka prosessen?
– I grunnen ikkje. Det var nokre utfordringar i starten av prosessar, men eg vil ikkje seia at det har forseinka prosessen. Me er omtrent der me skal vera, seier han.