Anders Sooth Knutsen, seksjonsleiar i VG si dagsorden-avdeling og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.
Anders Sooth Knutsen, seksjonsleiar i VG si dagsorden-avdeling og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.

VG slår tilbake: Meiner Tolga-kritikken bommar

– Ingenting av dette rokkar ved fakta i vår sak, seier Tora Bakke Håndlykken og Anders Sooth Knutsen i VG.

Publisert

Tysdag morgon publiserte Nettavisen og tre Amedia-aviser to nyheitssaker og éin kommentarartikkel, sistnemnde signert Nettavisen-redaktør Erik Stephansen, om den mykje omtalte Tolga-saka som VG avslørte i oktober i fjor.

VG-saka peikte på ei rekkje kritikkverdige forhold rundt brørne Arvid, Lars Peder og Magnus Holøyen i kommunen Tolga då dei vart sett under verjemål mot si vilje.

Avsløringa har vunne Den store journalistprisen, eit SKUP-diplom, og la grunnlaget for ei statleg gransking som konkluderte med feilførte diagnosar, feil ved registrering av psykisk utviklingshemma og verjemål som skulle vore oppheva tidlegare.

I sakskomplekset, som fire Amedia-aviser har samarbeidd om, konkluderer nyheitsredaktør Erik Stephansen med at det i VG si avsløring «er utelatt så mye at den rett og slett ikke er riktig».

– Dei framstiller det som om at VG har forsøkt å underslå opplysningar. Det er ikkje riktig, seier nyheitsredaktør i VG, Tora Bakke Håndlykken, til VG.

Faksimile frå VG sin artikkel «Tre brødre på Tolga».
Faksimile frå VG sin artikkel «Tre brødre på Tolga».

Saman med seksjonsleiar for VG si Dagsorden-avdeling, Anders Sooth Knutsen, tek ho imot Medier24 for å svare på skuldingane frå Akersgata-naboane i Amedia.

– I kommentaren til Stephansen skriv han «En helt annan Tolga-historie». Har han belegg for det?

– Alle dei opplysningane me bringa fram i vår sak står støtt. Det er viktig å gå inn i kva som faktisk er vår sak. Me har gjort konkrete funn, som ei offentleg gransking har ettergått og konkludert med. Det er knapt nokre journalistiske prosjekt som har blitt så grundig ettergått som vår sak, seier Bakke Håndlykken og Sooth Knutsen til Medier24.

– Våre funn er som følgjande: To av dei tre brørne vart erklært psykisk utviklingshemma på feilaktig grunnlag. Tolga har fått urettmessig sju millionar i statleg tilskot. Det vart oppretta tre verjemål, to verjemål vart erklært ugyldig før publisering, og eitt vart erklært ugyldig like etter publisering.

– Det er dette Tolga-saka handlar om, følgjer Sooth Knutsen opp.

Jurist Rune Fjeld, som leia etterforskinga av Tolga-saka, ynskjer ikkje å kommentere saka overfor Medier24.

 

– Open om alle detaljar

Håndlykken meiner VG sine saker står støtt uavhengig av Amedia-avisene sine publiseringar.

Frank Haugsbø og Mona Grivi Normann tok imot Den store journalistprisen i mai. Journalist Maria Mikkelsen var ikkje til stades.
Frank Haugsbø og Mona Grivi Normann tok imot Den store journalistprisen i mai. Journalist Maria Mikkelsen var ikkje til stades.

Vidare peiker dei på at fleire forhold, omtalt i Amedia-avisene sine artiklar, kom først etter VG sine saker – som ein konsekvens av den statlege granskinga.

– Informasjonen som ligg til grunn for Nettavisen si publisering, var ikkje til stades då me publiserte. Det er eit premiss som ikkje kjem godt nok fram i Amedia sine artiklar, seier Bakke Håndlykken.

– Burde de følgt opp på same måte som Amedia-avisene?

– Dette er blant dei største graveprosjekta VG har gjort, med tre av dei mest samvitsfulle journalistane me har i Norge. Dei la hjarta og sjel i å finne svar, og publiserte alle svara dei hadde på det tidspunktet, i oktober, seier Sooth Knutsen.

– Målet har heile tida vore å få fram heile biletet. I den journalistiske prosessen får du i blant berre dei svara du får. Det betyr ikkje at ein underslår informasjon. Me har vore opne om alle detaljar i denne saka, seier Bakke Håndlykken.

– Er det noko ein tek sjølvkritikk på, etter sakene til Amedia-avisene?

– Me har publisert opplysningane me hadde på det tidspunktet. Det er gjort vanskeleg avvegingar heile vegen. Når me har gjort feil, beklagar me. I denne saka meiner me har gjort eit veldig viktig journalistisk arbeid. Alle fakta ligg til grunn, og saka står støtt.

 

– Me har følgt saka tett

Sooth Knutsen seier følgjande om kvifor dei ikkje har følgt opp saka på same måte som Amedia-avisene:

– VG tvilar ikkje på at det er tilsette i Tolga kommune som har ynskja det beste for brørne. Likevel vil eg seie at dersom Tolga kommune i fleire år har kjent til konkrete og alvorlege bekymringar om enkeltpersonar, burde dette vore følgt opp på ein heilt annan måte enn å opprette ulovlege verjemål. Det er svært alvorleg om det låg føre mistanke om straffbare forhold som ikkje vart brakt vidare.

– De gjorde i mars eit bevisst val om å ikkje skrive om forholdet. Kvifor?

– Me har følgt saka tett i alle fasar, og me har nokre faste presseetiske omsyn me tek. Dei vurderingane gjeld òg i denne saka, på lik linje med liknande saker. Det handlar om at det var i eit tidleg stadium av etterforskinga og forhold knyt til privatlivet til fleire personar, seier Håndlykken.

Ho peiker vidare på Vær Varsom-plakaten som slår fast at ein må ta særlig omsyn der tredjepersonar kan få ei urimeleg belastning.

– I denne saka ville ein omtale ført til at dei involverte vart identifisert. Difor valde me å ikkje omtale det på det tidspunktet. Me kontakta aktørane for å sjå om dei ville medverke, men ingen ville ha offentleg omtale. Me har vore i kontakt med aktørane heile vegen.

Håndlykken presiserer at saka ikkje handlar om bakgrunnen for oppretting av verjemål – men lovmessigheita. – Me har verken då eller no teke stilling til årsaka til det, seier ho.

– Kva tenkjer de om Erik Stephansen sin kommentar?

Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.
Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.

– Det får du følgje opp på andre måtar. Du får ringe andre om du vil ha kritikken du er på jakt etter. Den kjem ikkje eg med no.

Saka held fram under biletet.

 

– Ikkje riktig

Eit søk i Atekst viser at avisene som omtalte nemnde forhold var NTB, Amedia-avisene Nettavisen, Ringsaker Blad, Tvedestrandsposten, Bergensavisen, Arbeidets Rett, Østlendingen, Hamar Arbeiderblad og Firda Tidend, Resett, ABC Nyheter, Dagsavisen, Sunnmørsposten, Adresseavisen. NRK Hedmark og Oppland siterte pressemeldinga frå politiet, utan å identifisere.

VG er nemnt fleire gongar i Amedia sine saker tysdag, og dei peiker mellom anna på fleire forhold som vart sitert av «i en rekke medier landet rundt. Men ikke i VG.» I tillegg skriv Stephansen at VG si framstilling av saka er feil. Ingen i VG vart kontakta i forkant av publisering, og dei fekk høvet til å svare på spørsmål først etter publisering.

– Me var ikkje kjent med at sakene kom i dag, nei. Me er usamd i måten dei framstiller det på, seier Bakke Håndlykken.

– Det er ikkje riktig som Nettavisen skriv, at det berre er VG som gjorde dei vurderingane, legg ho til.

 

Redaktør Erik Stephansen i Nettavisen.
Redaktør Erik Stephansen i Nettavisen.

– Får vere Stephansen sin metode

– Lèt Nettavisen etter seg eit feilaktig inntrykk av at VG er dei einaste som omtaler forholdet?

– Ja. Eg har ikkje full logg på alle medium, men dei timane eg sat og sjekka den ettermiddagen er det ikkje riktig at VG var det einaste mediet.

– Han skriv ikkje at VG er einaste. Men er det inntrykket det gir?

– Eg har ikkje finlese, men den vurderinga er opp til andre å gjera.

– Stephansen skriv at VG si framstilling er feil. Kva meiner de om det?

– Då må han konkretisere kva han viser til som var kjent på tidspunktet me publiserte, seier Bakke Håndlykken.

– Eg tykkjer ikkje formuleringa til Stephansen er riktig, seier Sooth Knutsen.

– Til Medier24 seier han at han ikkje kan utdjupe før alle sakene deira er publisert. Kva tenkjer de om det?

– Dei får står for sine vurderingar, seier Håndlykken.

Sooth Knutsen legg til:

– Det får vere Stephansen sin metode i så fall.

Bakke Håndlykken seier det er greitt at dei gjer journalistisk arbeid på saka, og at dei er mottakelege for kritikk. Ho meiner likevel ikkje at den er treffande i dette høvet.

– De opplever at de vert kritisert. Kva tenkjer de om at de ikkje får svare før artiklane er publisert?

– Me registrerer det, og tenkjer at me nok hadde vald ei anna løysing, seier Håndlykken.

Sooth Knutsen legg til:

– Eg leier gravegruppa til VG, og hadde ikkje gjort det på denne måten. Me hadde gitt samtidig imøtegåing. Det er journalistane si oppgåve å få inn alle nyansane i ei sak.

Anders Sooth Knutsen, seksjonsleiar i VG si dagsorden-avdeling.
Anders Sooth Knutsen, seksjonsleiar i VG si dagsorden-avdeling.
  • Erik Stephansen seier til Medier24 at dei publiserte VG sitt PFU-tilsvar, og at dei soleis er innanfor presseetikken. Les heile tilsvaret i botnen av saka.

 

Ikkje vurdert PFU enno

Dei tykkjer likevel det er for tidleg å svare på om det er aktuelt å melde Amedia-avisene til Pressens Faglige Utvalg.

– Dei står i eit publiseringsløp, og så får dei ta dei journalistiske vala dei tek, og me våre, seier Bakke Håndlykken.

Erik Stephansen svarar:

I ein e-post til Medier24 skriv Erik Stephansen i Nettavisen:
 
«Nettavisen og resten av Tolga-teamet til Amedia har vært opptatt av å rulle opp hva som faktisk skjedde på Tolga.
VGs versjon av saken er velkjent etter mange store oppslag. 
 
At vi viser hva som egentlig skjedde, er ikke noe som utløser tilsvar fra VG etter 4.14.
 
Men som nevnt i artikkelen: Vi publiserte samtidig VGs tilsvar til PFU-klagen fra Tolga kommune. 
 
Og siden vi også publiserte en kommentarartikkel med kritikk av VG, inviterte vi avisen til å komme med vanlig tilsvar - etter VVP-paragraf 4.15.
 
Konkret fikk VG fem spørsmål kl 08.00 i dag tidlig, som vi fremdeles ikke har fått noe svar på. Det synes vi er rart, siden de klager over å ikke ha fått mulighet til tilsvar hos oss.
 
Så en liten ting til slutt: Nyhetsredaktør Tora Håndlykken forsøker å få det til å se ut som om jeg i min kommentar skrev at VG var den ENESTE avisen som ikke skrev om pågripelsen og siktelsen av deres hovedkilde. Det skrev jeg ikke. Jeg skrev at "Nyheten ble sitert av NTB og en rekke aviser landet rundt. Men ikke av VG."»

– Vurderer de det?

– Me tenkjer ikkje på det akkurat no.

– Korleis er det å bli sett under lupa på denne måten?

– Eg tykkjer det er greitt at medium granskar medium. Det er ei fin utvikling. Eg trur likevel det er riktig å diskutere kvar ein brukar ressursane. Hadde eg styrt ressursane, er kanskje ikkje dette ei sak eg hadde prioritert, seier Sooth Knutsen.

– Er det enklare å ta VG, no som slusa er open?

– Me er ikkje kritisk til at det vert laga kritisk journalistikk mot VG. Men kritikken må vere rettkomen, og det stiller me spørsmål til i dag. Det er ingenting av det som står i Nettavisen og Amedia-avisene som rokkar ved fakta og konklusjonane etter VG si sak.

Powered by Labrador CMS