«NRK bidrar til mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt. Oppdraget til NRK er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod som skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga.
Det samla tilbodet til NRK i 2019 hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar. NRK hadde eit solid innhaldstilbod som er ei kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap.
NRK har eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod, ei rekke debattprogram og faste program som forklarer nyheitsbildet og set det inn i ein større samanheng. NRK hadde ei brei dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
NRK oppfyller krava til lokalt nærvær og lokal innhaldsproduksjon, og har distriktssendingar alle kvardagar.
NRK oppfyller kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og tilbod som appellerer til ulike aldersgrupper. NRK har også sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2019.
NRK har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma, og arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet sitt.
NRKs sportssendingar dekker både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar, inklusive idrettsutøvingane til dei funksjonshemma.
NRK har eit breitt og variert kulturtilbod og oppfyller dei ulike krava knytte til formidling av norsk drama og ein variasjon av norske kulturuttrykk.
NRK oppfyller kravet til å spegle den religiøse arven i Noreg og eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet.
NRK oppfyller krava om å spele minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1 og NRK P3 med god margin, og delen norsk musikk i NRK P2 ligg med 39,6 prosent marginalt under kravet.
NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt og at NRK skal utvise særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press, særleg i program retta mot barn og unge»