Sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet. Her frå hennar første arbeidsdag som «heimvendt» redaktør.

Dagbladet feirar 150 år med hyllest til eigen historie i jubileumsutgåve

– Tabloidjournalistikken har vore vidareutvikla gjennom mange år. Me er ikkje ei avis for eliten, seier sjefredaktør Alexandra Beverfjord om 150-åringen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Baksida av jubileumsvedlegget, som følgjer med Dagbladets onsdagsutgåve, syner den første framsida av avisa, som vart gjeven ut 2. januar 1869.

150 år har gått, mykje har skjedd, men Dagbladet har bestått.

Første arbeidsdag etter nyttår feira Geir Ramnefjell, Sigrid Hvidsten, Hanne Haugsgjerd og Jeanette Andersen Dagbladet sin 150-årsdag. Dei sto i ein «minikaffibar» og serverte kaffi og gratulerte tilsette som kom på arbeid 2. januar.

– Dagbladet har som kjerneverdiar å vere maktkritisk og uavhengig, er framtidspositive, kunnskapsdrivne og trur verken på religion eller overtru. Dagbladet har også alltid vore mot moralisme, og var den første avisa med både kondomreklamar og sex- og samlivsspalter, seier ansvarleg redaktør Alexandra Beverfjord til Medier24 onsdag morgon.

– Unik posisjon i norsk medieflora

Ho legg til:

– Avisa var òg først ute med tabloidjournalistikken – kor me kombinerer «hard news» og underhaldning.

I tillegg til ei offentleg markering med jubileumsvedlegg, feira redaksjonen med ein «minikaffibar» i inngangen, kor alle redaktørane serverte kaffi til dei som kom på jobb og gratulerte med dagen.

Offisiell markering er 19. januar på Sentralen, kor kulturminister Trine Skei Grande, Finn Graff, Ole Paus og Else Kåss Furuseth er trekkplaster.

Sjølv starta Beverfjord som journalist i Dagbladet i 2001. I ein femårsperiode frå 2013 til 2018 var ho i NRK, før ho kom «heim» igjen til Hasle og overtok redaktørjobben etter John Arne Markussen.

Slik ser ekstrabilaget til Dagbladet ut 2. januar 2019 – 150 år etter avisa si første utgåve.

– Vedlegget er ei hyllest til 150 års historie frå starten og fram til no, kor me tek for oss ulike sider ved Dagbladet. Me har hatt ei heilt unik posisjon i norsk medieflora i løpet av dei 150 åra avisa har eksistert, seier ho.

 

Store namn

Dagbladet vart skipa i 1869 av Anthon Bang, med Venstre-politikar Hagbard Berner som første redaktør.

Slik såg Dagbaldet si første utgåve ut – gjengjeve i avisa si jubileumsutgåve 2. januar 2019.

– Sidan har avisa trekt til seg mange store namn, som Arne Garborg, Johan Borgen, Amalie Skram og Jens Bjørneboe. DB har i tillegg vore ei annleis avis på meiningsjournalistikken. Mellom anna var me den første avisa på borgarleg side som stilte seg kritisk til nazisme og Hitler sitt Tyskland. Avisa er liberal, med ei sosial profil, legg Beverfjord til.

– Tabloidjournalistikken har vore vidareutvikla gjennom mange år. Me er ikkje ei avis for eliten, og når store deler av befolkninga kvar dag. I dag har Dagbladet 1,4 millionar lesarar kvar einaste dag – på papir og nett, seier ho.

Beverfjord legg til:

– Vårt hovudfokus er å levere ei populær avis med tyngdepunkt på nyheiter, sport og underhaldning. Og så skil me oss ut ved at he me har ein særeigen kultur- og meiningsjournalistikk. Me har òg utmerka oss med gravejournalistikk.

Powered by Labrador CMS