Oppdatert 18.56: Medier24 får onsdag kveld stadfesta av Medietilsynet at Dagbladet Pluss får svar på klaga si onsdag rundt klokka 12.
Medietilsynet nærmar seg ferdig med å behandla Dagbladet Pluss si klage på pressestøtteavslag. Det viser ein ein e-post-korrespondanse mellom Medietilsynet og Advokatfirmaet Wiersholm, som Medier24 har fått innsyn i.
Dagbladet Pluss fekk avslaget 4. november i fjor, og sende inn klaga 20. desember. Selskapet engasjerte Advokatfirmaet Wiersholm i klageprosessen.
Sluttfasen
I ein e-post datert 26. februar skriv juridisk seniorrådgjevar Linda M. Andersen at Medietilsynet no er i sluttfasen av arbeidet, og at dei tek sikte på å ferdigstilla behandlinga av klaga innan om lag to veker.
Det har no gått 14 dagar.
– Det kjem mest sannsynleg denne veka her, seier kommunikasjonsrådgjevar Nina Bjerke i Medietilsynet til Medier24.
Klaga er på 36 sider, og i tillegg kjem vedlegg på totalt 195 sider. Dersom Medietilsynet står på sitt, vert klaga sendt videre til behandling i Medieklagenemnda.
Basert på tala Dagbladet Pluss sjølv rapporterte inn og avisa sitt opplag ville Dagbladet Pluss kunne motta om lag 25 millionar kroner i tilskot i fjorårets fordeling.
Reagerer på behandlingstida
Advokat og partnar Hans Erik Johnsen uttrykte den 24. februar misnøye med saksbehandlingstida til Medietilsynet. Han viste til at Dagbladet Pluss hadde ein frist på 1,5 månad på å klaga.
«Klagebehandlingen i underinstansen har nå foregått i over to måneder, uten at Dagbladet Pluss har fått noen informasjon om når Medietilsynets saksbehandling vil være ferdig. Det er da naturlig å vise til de prinsipper for god saksbehandling som kommer til uttrykk i fvl. § 11 a.)», skriv han i e-posten.
Vidare skriv advokat Johnsen:
«Vi vil i den sammenheng også vise til at det nærmer seg søknadstidspunkt for produksjonstilskudd for 2020 og vil understreke at det også i det perspektivet er uheldig at saksbehandlingen for 2019 trekker unødig ut i tid.»
– Omfattande
Medietilsynet forklarar behandlingstida med at Dagbladet har levert ein sakas store omfang og kompleksitet.
«Klagen er omfattende med mange anførsler, og det har også blitt lagt frem nye opplysninger i saken i form av tre nye analyser (to eksterne og én intern) som Medietilsynet har gjennomgått, samt bedt Høgskulen i Volda om å uttale seg til», skriv Medietilsynet.
Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet eller konsernsjef Dag Sørdahl i eigarselskapet Aller Media onsdag morgon.