Kjetil Stormark relanserer nett­avisa Aldri­mer: – Hjarta i halsen

Nisjeavisa til Kjetil Stormark, Aldrimer, er tilbake – med ny forretningsmodell, og utan støtte frå rike onklar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Like over påske relanserte redaktør Kjetil Stormark forsvarsavisa Aldrimer, etter at den hadde lege brakk sidan oktober.

No har han innført ei betalingsløysing for abonnentar og satsar på å finansiera avisa med annonse- og brukarinntekter. 

– Det er litt for tidleg å konkludera korleis det går etter to veker. Det står att å sjå. Eg har fått ein god del abonnentar – utan at eg vil gå ut med eit tal – men for få til å seia at seia at drifta er sikra framover, seier han til Medier24.

– Det er «in the making», – me har halde det gåande i to veker – med relansert nettavis og ny løysing. No må me visa, over tid, at dette er eit tilbod som fortener å bli betalt for, legg han til.

Byggjer stein på stein

Tidlegare har avisa vore finansiert av private sponsorar.

Siste beløp frå dei to største støttespelarane tikka inn på konto i 2019. Økonomiske utfordringar parert med helseproblem gjorde det utfordrande å driva avis, men Stormark gir ikkje opp.

– I etterpåklokskapens lys burde me ha starta overgangen tidlegare, men helseutfordringar gjorde at me ikkje klarte det tidleg nok, seier Stormark.

– Jo mindre eg får ein telefon frå Norsk Tipping, er det å byggja stein på stein og sjå om det gir nok effekt, legg han til.

Redaktør Kjetil Stormark.

Då avisa gjekk på lufta igjen, hadde Norge alt vore stengt i ein månad, og annonseinntektene i mediebransjen har stupt. 

– Eg hadde håpa det ikkje skulle bli så nervepirrande som det blir. Eg har ikkje ein gong gidda å prøva å skaffa annonseinntekter slik marknaden er no. Det blir meir krevjande enn eg håpa og trudde, så det er litt hjarta i halsen for tida.

Vil bli ei breiare avis 

No brukar han av eigne sparepengar for å redda nettavisa.

– Difor er dette litt meir spanande enn eg ynskja. Men eg brenn for dette journalistisk. Det er viktig at nokon har eit spesielt fokus på forsvar og beredskap, seier han.

Aldrimer skriv om tema knytt til sivil og militær beredskap, men ynskjer framover å bli litt breiare.

– Me har tidlegare vore ei forsvarsavis, som ikkje var intensjonen, men det er så mykje å ta av at det vart ein konsekvens. Me ynskjer meir dekning rundt totalberedskapen, seier han.

Powered by Labrador CMS