Aina Borch (Ap), ordførar i Porsanger.Stian Eliassen
Porsanger-ordførar ut mot Ságat: – Media skal ikkje vere ei politisk stemme
«Flott at det snart er valg», skreiv Ságat-redaktør Geir Wulff på Facebook. «Hvordan staves "Judas"?» skreiv nyheitsredaktør Lars Birger Persen i same medium.
Det er mildt sagt steile frontar i Finnmark om dagen. Stortinget sitt vedtak om å slå saman Troms og Finnmark har møtt massiv motstand i Finnmark, og fylkestinget har nekta å stille til fellesnemnd.
Måndag snudde Finnmark Ap, og aksepterte å gå inn i fellesnemnd med Troms. Då serverte den samiske avisa Ságat ei sak med følgjande tittel: «Styret i Finnmark Ap sviktet Finnmark».
– Det er å ta standpunkt. Media skal vere ei nøytral stemme, og ikkje ei politisk stemme, seier ordførar i Porsanger kommune, Aina Borch (Ap), til Medier24.
Seinare kom Persen med følgjande statusoppdatering på Facebook: «Om man har sviktet så bør man tåle å bli kalt sviker. Lik og del om du er enig.»
Det er likevel ikkje det ho reagerer sterkast på. Måndag kom nyheitsredaktør Lars Birger Persen med følgjande statusoppdatering på Facebook:
«Hvordan staves "Judas"? Spør for en venn.»
På Aina Borch sin Facebook-status om det mykje omtalte styrevedtaket, kommenterte ansvarleg redaktør i avisa, Geir Wulff, følgjande:
.«Ille at vi har politikere med så nedlatende holdninger til folkets soleklare røst! Flott at det snart er valg.»
– Borch er ikkje vaksen for oppgåva
– Eg tykkjer det er veldig spesielt at redaktørane i ei avis ytrar seg så sterkt i sosiale medier om saka, seier Borch, men presiserer:
– Eg har ingenting imot det dei skriv i avisa, som ofte er både relevante og riktige referert. Men dei har makt over ordskiftet, og styrer både debatten og vinklingar med overskrifter. Og så er det det personlege engasjementet i denne saka eg opplever som problematisk, seier ho.
Både nyheitsredaktør Lars Birger Persen og ansvarleg redaktør Geir Wulff er kritisk til korleis Borch handterer meiningane som kjem, både i avisa og på Facebook.
– Borch er blant dei politikarane som ikkje toler å høyre folket si meining, og som difor med fordel kan vurdere om ho bør halda fram i politikken, seier Persen.
Wulff stemmer i:
– At ein reagerer slik som Aina Borch gjer, tydar på at ein ikkje er vaksen for oppgåva. Det er ikkje første gang at ho reagerer mot Ságat, seier han. For tre år sidan skreiv Nordlys om då Borch valte å seie opp Ságat-abonnementet sitt som følgje av eit oppslag.
På kritikken frå dei to redaktørane, svarar Borch til Medier24 via e-post:
«Jeg ønsker ikke å kommentere saken ytterligere. Det får stå for deres regning. Det jeg likevel vil presisere at jeg ønsker debatt om er redaktørers personlige engasjement i en sak som denne, når det også speiles i dekning av saken. Jeg vet at en politiker aldri har noe å vinne på å kritisere media, men synes dette ble for spesielt til å stå uten det jeg håper blir en saklig debatt.»
Ynskjer ikkje å kommentere Judas-status
Verken Persen eller Wulff er einig i kritikken som kjem frå Borch.
– Når det gjeld kritikken frå Aina Borch er eg einig i at det har vore ein del utsegn på Facebook som har vore over grensa. Eg meiner eg har vore innanfor grensa. Eg har aldri kalla ho eller andre noko, og har aldri gått over grensa, seier Persen.
– Men du kom med Judas-merknader på Facebook?
– Det kan tolkast i mange retningar. Det ynskjer ikkje eg å gjere.
– Men du veit vel sjølv bodskapen med din eigen status?
– Om Borch lurar på kva eg meinte med statusen, får ho spørje meg. Eg kjem ikkje til å kommentere meir på det, seier han.
– Me er ein meiningsberande avis
Til Medier24 seier Wulff:
– Borch er fullstendig på jordet. Problemet er at ho ikkje toler å få sakleg kritikk. Ein ting er å formidle nyheiter. Ein annan ting er å gi uttrykk for meiningar. Me er ei meiningsberande samisk avis. Me ville ikkje ha fylt vårt samfunnsoppdrag om me unnlét å kommentere saker.
– Er det å forsømme samfunnsoppdraget å ikkje kome med Judas-kommentarar, om politiske prosessar, på Facebook?
– Kva var det Judas gjorde? Han selde vår herre for 30 sølvpengar. Kva har Finnmark AP gjort? Dei har ikkje fått sølvpengar ein gang, så det er hakket verre, seier Wulff.
Borch er uroa over engasjementet til redaktørane, og fryktar dei har ein politisk agenda.
– Det me stiller spørsmål til her er media si rolle om å vere ei nøytral stemme og ikkje ha ein politisk agenda i det dei gjer. Det opplever eg at redaktørane i Ságat i veldig stor grad har, seier ho.
– Hadde eg vore fersk, hadde eg kasta korta
Porsanger-ordføraren er likevel oppteken av at kritikken ikkje berre bør gjelda Ságat, men aviser generelt. Borch opplever derimot at Finnmark Dagblad dekkjer saka på ein god måte.
– Dei opptrer sakleg. Eg har ikkje analysert overskriftene, men eg oppfattar at dei er saklege. Redaktøren skriv fine leiarar, og meiner me bør koma oss vidare. Men eg opplever ikkje at dei er aksjonistar den eine eller andre vegen, seier ho.
Ho fryktar konsekvensane dette kunne fått dersom ho ikkje var ein røynd politikar, men ung og fersk.
– No har eg mange års røynsle, og eg føler eg står støtt i midt politiske verke. Hadde eg vore ung, ny og fersk, og skulle stå i ein slik type storm, så hadde eg kasta korta og sagt eg ikkje orkar det. Det kunne blitt ei personleg belastning for både meg, familien og livet eg skal ha i tillegg til å vere politikar, seier ho.
Borch presiserer vidare:
– Eg vil ikkje framstille meg som om eg treng sympati. Men frykta styrer mykje av det offentlege ordskiftet. Ságat er eit godt døme på korleis dei byggjer oppunder eit ordskifte som vert heilt feil, seier ho.
– Ikkje tvil om at Borch svikta Finnmark
Nyheitsredaktør Persen meiner dei har belegg for å fastslå at partiet svikta fylket.
– Kven er Ságat, som nøytral avis, til å definere kven som er svikarar?
– Me har ikkje definert kven som er svikarar, men me har i tittelen definert at Finnmark Ap svikta Finnmark. Det ser me på som eit faktum. Styret i partiet har bygd opp ei tru hos folk om at dei ynskjer å gå til rettssak mot staten. Dei hadde gått så langt at prosessvarselet var ferdigutarbeida, dei mangla berre å feste frimerket og sende det, svarar han.
Wulff held fram:
– Sjølvsagt er det grunnlag for å fastslå svik. Det er ikkje tvil om at Aina Borch er ein av dei som har svikta Finnmark og Porsanger grovt. Me hadde ei folkeavstemming kor 87 prosent (av dei som deltok på fylkesbasis) og 93 prosent (av dei som deltok i Porsanger kommune), stemte nei til samanslåing. Det er eit svikt å bøye av når ein no står i startgropa til å få ei rettsleg avklaring på om Stortinget har brote lova eller ei.