Schibsted-aviser mistar «søstrene i sør» til Polaris. Uavklart framtid for dei fire lokalavisene i vest
– Ser ikkje på det som veldig aktuelt å selja dei fire lokalavisene til Polaris, seier Schibsted. Polaris held augene opne for moglegheiter, seier konsernsjef Per Axel Koch.
Dermed får Polaris ein etterlengta ekspansjon i ein heilt ny region for konsernet, som spring ut frå fusjonen mellom Adresseavisen og Harstad Tidende i 2008.
Samstundes krympar eigarselskapet Schibsted sin lokalavisdivisjon frå åtte til fire aviser.
– Eg må seie eg vart overraska. Eg såg ikkje den komma. Men det skjer store endringar nesten heile tida. I det perspektivet er dette nesten ein heilt vanleg dag på jobb, seier redaktør Eirik Langeland Fjeld for dei to Schibsted-avisene Strilen og Bygdanytt til Medier24.
Saman med Askøyværingen og Vestnytt har dei to avisene vore tydeleg samorganisert med dei tre avisene i sør, med konserndirektør for lokalaviser i Schibsted, Sturle Rasmussen, som organisator.
Nyttig samarbeid
Redaktør for Askøyværingen og Vestnytt, Marit Kalgraf, følgjer opp:
– Eg fekk vita om salet knapp tid før børsmeldinga kom ut, men var ikkje involvert elles. Eg fekk ikkje akkurat sjokk, men var ikkje klar over at det skulle skje.
Dei to redaktørane fortel om eit tett samarbeid med avisene i sør – Lindesnes Avis, Lister og Søgne og Songdalen Budstikke.
– Eg opplevde samspelet som veldig nyttig. Det er store og fine fagmiljø i Schibsted, men som ein større gjeng aviser av vår storleik kunne me spela ball saman. Det var nyttig, med diskusjonar om alt frå daglegdagse ting som presseetikk og større ting som strategiske val, seier Langeland Fjeld.
– Me hadde leiarsamlingar og fagsamarbeid på redaktør- og marknadssida. Som ein del av Schibsted var det bra å samla lokalavisene i ei eining og verta fleire opp mot Schibsted sentralt, seier redaktørkollega Kalgraf.
Mistar nøkkelperson
Rasmussen, som også er styreleiar for dei fire avisene, annonserte måndag at han sluttar i Schibsted.
– Eg har sjølv teke initiativ til at det meste av porteføljen eg har hatt ansvar for er omstrukturert eller selt, høvesvis Sysla og Lokalavisene på Sørlandet. Dermed var det ein grei anledning å vurdera om eg skulle ta ein runde til i Schibsted, eller om tida no var moden for å «flytta heimefrå», seier Rasmussen til Medier24.
Siv Juvik Tveitnes, konserndirektør for Schibsted Media, seier til Medier24 at han ikkje skal erstattast.
– Nei, han skal nok ikkje det. No skal me vurdera korleis eigarskapet blir. Det har me ikkje svar på, seier Tveitnes til Medier24.
Både Langeland Fjeld og Kalgraf er samd i at dei mistar ein viktig person inn mot Schibsted sentralt.
– Han har vore ein utruleg bra person å ha inn mot Schibsted. Rasmussen er utruleg flink på strategi, og har eit godt samarbeid med Siv. No ventar me ein ny struktur, men ser ikkje med uro på det, seier Kalgraf.
Ho får støtte av redaktørkollegaen sin.
– Når Sturle Rasmussen sluttar, mistar de gjennomslagskraft inn mot Schibsted sentralt?
– Det kan ligge ei fare i det, både med Sturle si organiseringsevne, men òg i kraft av at han er den han er. Han har jobba heile sitt vaksne liv i systemet, kjenner folk, og har eit godt kontaktnett, i Schibsted. Det blir ei stor endring for oss. Det skal me vera obs på. Men eg trur dette skal gå heilt fint, seier Langeland Fjeld.
Polaris fekk ein vekkjar i fjor
Polaris Media har sjølv uttalte mål om vekst, og held auga opne for potensielle moglegheiter som skulle dukka opp. Konsernsjef Per Axel Koch seier til Medier24 at dei fekk seg ein vekkjar i slutten av 2018 då Amedia kjøpte opp heile Nordsjø Media, utan at Polaris var med i kampen.
– Det var til ettertanke. Då me ikkje vart spurt om det, vart me litt overraska. Det var ein vekkjar for oss, og sidan har me jobba litt meir med korleis me strukturerer oss, seier Koch til Medier24.
– Er det aktuelt for dykk å ta over Schibsted-avisene i vest?
– Det er ikkje noko me kommenterer på, men me har ikkje diskutert det, seier Koch.
– Har de ein ambisjon om å ta større deler av landet?
– Me har eit mål om å bli større. Me meiner me gjer det me kan ganske bra, og det er mange som kunne tenka seg på å bli med på det. Det er Polaris Media Agder eit bevis på. Dukkar det opp moglegheiter, vil me sjå på dei. Men me har ikkje lagt noko plan, seier Koch.
Har ikkje vurdert å selja til Polaris
Både Koch i Polaris og Juvik Tveitnes i Schibsted avviser at Askøyværingen, Strilen, VestNytt og Bygdanytt var involvert i prosessen om Polaris sitt innhogg på Sørlandet.
– Absolutt ikkje, seier Juvik Tveitnes.
– Ser du for det at dei kan bli seld til Polaris på sikt?
– Nei, eg ser ikkje på det som veldig aktuelt no. Dei er viktige i bergensregionen. Me har ikkje konkludert på korleis me skal gjera det, men slik sett er dei kanskje nærare knytt til BT enn andre alternativ, seier ho.
– Kan dei små lokalavisene i vest bli små, og litt gløymd, i Schibsted sin mediedivisjon, som driv med store region- og riksaviser?
– Ein tydeleg organisering skal me løysa. Det kjem, seier Juvik Tveitnes.
Redaktør Langeland Fjeld i Strilen og Bygdanytt seier til Medier24 at han trivst i Schibsted, og at han ikkje har sterke meiningar om eit eventuelt Polaris-oppkjøp.
– Kunne de hatt godt av å bli ein del av Polaris, som har lokalaviser som si kjerneverksemd, i motsetnad til Schibsted?
– Eg veit ikkje. Eg kjenner for lite til kvardagen og verkelegheita i Polaris til å meina noko kvalifisert om det. Eg opplever Schibsted som ekstremt framoverlente på teknologi og utvikling. Eg forstår spørsmålet, og eg ser problemstillinga, men det er noko med å ha med desse bulldosarane som visar veg. Me sit på system og kunnskap som ikkje er tilgjengeleg elles.
Budd på konsolideringar
Meir enn nokon gang tidlegare ser me at konkurransen mellom to så store mediekonsern, som Polaris og Amedia, spissar seg til, og førre veke karakteriserte Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser dagens marknad som nærast eit duopol.
Amedia kjøpte for eit knapt år sidan ni aviser frå Nordsjø Media på Sørvestlandet, og tok nyleg over Sogn Avis. Dermed står dei med 74 titlar i Norge, inkludert Nettavisen. I tillegg vann dei, i tospann med Bonnier Media, ein intens bodkrig med Polaris Media om svenske MittMedia.
– Er det viktig for dykk å veksa for å hindra at Amedia får for store marknadsdelar?
– Det blir feil inngang, fordi me vil aldri veksa for at andre ikkje skal veksa. Me meiner me har noko å by på, og skal vera attraktive å bli større med, seier han.
Polaris kontra Mittmedia-tapet med å kjøpa opp kriseramma Stampen Media, torsdag utvida porteføljen sin med ei rekkje oppkjøp i Sverige. Koch er budd på fleire konsolideringar.