Eirik Hoff Lysholm, sjefredaktør i Dagsavisen.

Dagsavisen utvidar:

Demokraten har tapt 20 millionar kroner dei siste ti åra. Slik skal Dagsavisen snu trenden

– Me har ein forretningsmodell som handlar om denne type posisjonar, seier Dagsavisen-sjef Eirik Hoff Lysholm til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Fredag ettermiddag kom meldinga om at Dagsavisen kjøper Fredrikstad-avisa Demokraten, som har gått med millionunderskot dei siste åra. Dagsavisen ynskjer ikkje å stadfeste kjøpssum overfor Medier24.

Det liknar situasjonen då dei kjøpte Rogalands Avis (RA), som hadde endå større underskot enn Demokraten.

 

Utsett posisjon

– Me har ein forretningsmodell som handlar om denne type posisjonar. Me har snudd Dagsavisen frå mykje større underskot til ganske gode overskot dei siste åra, seier Hoff Lysholm til Medier24.

Også RA har dei fått over på rett kjøl, som ifølgje Lysholm vil «gå i null» for andre år på rad i 2017.

– Me vil få til det same med Demokraten. Me har ein modell som handlar om å styrkje mediemangfaldet i utsette posisjonar, der andre ville ha slept taket. Det er ein grunn til at me får overta dei. Det handlar om at dei har tapt pengar, og så prøver me oss, seier han.

 Tal i millionar kroner.

Saka held fram under grafikken.

– Knallhard konkurranse

Administrerande direktør i Agderposten, Nils Kristian Gauslaa, erkjenner at det har vore krevjande å drive nummer-to-avis i Fredrikstad, kor Fredriksstad Blad har den dominerande posisjonen.

– Avisa er i ein krevjande marknad, med ei veldig god nummer-éin-avis. Demokraten har halde god stand når det gjeld opplag, men det er annonseinngangen som har vore svak. Den har blitt stadig svakare etter at annonsørar gjekk over til nett, seier han.

– De har ikkje evna å tilpasse dykk «det digitale skiftet»?

– I andre aviser har me klart det greit, men det har vore meir krevjande i Demokraten. FB er kjempegode digitalt. Det er knallhard konkurranse, seier han.

Han har tru på at Dagsavisen har eit betre utgangspunkt.

– Me trur Dagsavisen har eit betre konsept for ei slik avis. Me meiner at me, i mange høver, kan vere ein god eigar, men i dette tilfellet er Dagsavisen betre, seier han.

 

Vert kanskje rom for forsterkningar

Hoff Lysholm har ein klar ambisjon med kjøpet:

– Me har ein modell tilpassa å klare oss i lokale posisjonar med lågare bemanning og ein stofflyt med Dagsavisen som gjer det mogleg å få det til. Avisa får eit tyngre produkt, større digitalt nærvær, og så skal me i Demokraten sitt tilfelle kanskje tilføre redaksjonelle ressursar, men det må me sjå nærare på seinare.

– Det er ei avis kor det kjem eit naturleg generasjonsskifte. Når me kjøper avisa, overtek me formelt med berre Tom [Pentz Pedersen, journ. anm.] som redaktør. Me har 3,5 årsverk der frå før, så ser me om det vert rom for utlysingar, seier han vidare.

Powered by Labrador CMS