Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) og nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten.

Aftenposten reagerer på «bestilling» frå departement: – Svært uryddig

VG fekk sak som først var selt inn til Aftenposten . No legg Kunnskapsdepartementet seg flat og beklagar dårleg handtering.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tysdag fekk Aftenposten ei sak om at regjeringa vil innføre fritt skuleval i heile landet av Kunnskapsdepartementet, då det skulle koma ei pressemelding dagen etter.

Aftenposten takka ja, og journalisten vart ringd opp av ein politisk rådgjevar som ville at avisa skulle møte representantar for alle dei fire ungdomspartia i regjering, i tillegg til kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner. Det takka dei nei til.

Sms frå politisk rådgjevar Maria Kristine Göthner i Kunnskapsdepartementet til Aftenposten-journalist Frøydis Braathen.

Kunnskapsdepartementet sa då at dei ikkje kunne garantere at ikkje ungdomspolitikarane sjølv tok dette vidare til andre medium. Eit par timar seinare gav dei beskjed om at ei teknisk feil i pressemeldinga gjorde at dei måtte utsetje pressemeldinga til dagen etter. Deretter fekk dei beskjed om at ungdomspartia hadde gått til VG, og at VG i tillegg hadde intervjua Sanner i saka.

– Det viktigaste for oss er ikkje at me mista saka, men at dei bestiller korleis me skal løyse det. Det er opp til oss å vinkle, velje kjelder og kor stor plass me gir sakene. Dette er redaksjonelle avgjersler som er vårt ansvar, og fridom, seier nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen til Medier24.

 

Sende mail til departementet

Aftenposten tykte Kunnskapsdepartementet opptredde så ureieleg at ho sende ein e-post til kommunikasjonssjef Anbjørg Bakken, med politisk rådgjevar Maria Kristine Göthner og seniorrådgjevar Arild Strømmen på kopi.

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten.

«Departementet kan ikke "bestille" hvordan vi løser nyhetssaker. Hvordan vi vinkler sakene, hvilke bilder vi tar og hvor stor plass vi gir en sak er redaksjonelle vurderinger som hverken kommunikasjonsrådgivere eller politisk ledelse kan legge føringer for», skriv ho.

Vidare står det:

«Dersom vi får en sak med løfte om eksklusivitet må vi kunne stole på at den ikke samtidig selges inn til andre medier. At dere ikke kan bestemme at ungdomspolitikerne må forholde seg til allerede lovet eksklusivitet forstår vi ikke helt.»

Tveøy Strøm-Gundersen er understrekar at dei vart møtt med forståing av departementet, som fort beklaga episoden.

– Me har hatt god dialog, og dei har beklaga det overfor oss, så det er greitt. Dette er ei enkelthending, og påverkar ikkje relasjonen mellom oss og departementet, men eg er oppteken av det prinsipielle, seier ho.

– Dette tek me lærdom av

Politisk rådgjevar Maria Kristine Göthner i Kunnskapsdepartementet.

Både kommunikasjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Anbjørg Bakken, og politisk rådgjevar Maria Kristine Göthner tek sjølvkritikk:

– I ettertid ser me at denne saka ikkje vart godt nok handtert i Kunnskapsdepartementet. No må me sjå på våre interne rutinar for å unngå at slikt skjer igjen. Me ynsker å ha eit godt forhold til media, og ynskjer difor å opptre ryddig når det gjeld medieførespurnadar og offentleggjering av regjeringa sine saker, seier Bakken.

Göthner legg til:

– Denne saka har me ikkje handtert godt nok, og dette tek me lærdom av. Det har eg òg beklaga overfor Aftenposten. Dette var ei viktig sak for ungdomspartia og som politisk rådgjevar ynskja eg å få fram dette.

– Ynskjer ikkje å styre

Bakken er samd i kritikken frå Aftenposten om at dei ikkje skal leggje seg opp i medium sine redaksjonelle avgjersler.

– Eg er heilt samd i at me som kommunikasjonsavdeling ikkje skal styre korleis media løyser sakene dei får tips om. Vår jobb er å gjera regjeringa sin politikk kjent, og gi media moglegheit til å omtale saker og intervjue statsråden. Me korkje skal eller ynskjer å styre korleis media omtaler saker dei dekkjer, seier ho til Medier24.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner og kommunikasjonssjef Anbjørg Bakken i bakgrunnen.

– Kva var det som gjorde at òg VG fekk tak i saka, når de hadde lova eksklusivitet til Aftenposten?

– Me kontakta Aftenposten for å spørje om dei ynskja å omtale eit forslag frå regjeringa om fritt skuleval, som skal sendast ut på høyring frå departementet i haust. Etter den første kontakten med Aftenposten sin journalist overtok politisk rådgjevar vidare dialog med media. Når det gjeld eksklusivitet, er det slik at departementet alltid gir ut same informasjon til alle medium som spør om det, dersom me vert kontakta. I denne saka vart me ikkje kontakta av andre medium, seier Bakken.

Powered by Labrador CMS