- JON HUSTAD, journalist i Dag og Tid
I helga var eg på nytt litt småhata på Twitter.
Årsaka var Aftenposten. For ei veke attende vart eg oppringt av Øystein Aldrige, som er journalist der.
Han fortalde at dei skulle laga ei større sak om «emokratiet» og klikk hjå nettaviser. For å vera ærleg har eg ikkje så sterke meiningar om temaet i den forstand at det ikkje interesserer meg.
Men det er aldri for seint å ha det kjekt.
Eg fann ut at eg skulle finna ut kva Aftenposten var viljug til å setja på trykk for å få klikk og generera emosjonar.
To ting plar vera ein sikkert ting om ein vil hissa opp journalistar og få klikk: Å seia noko negativt om kvinner og noko positivt om menn, helst middelaldrande eller eldre menn.
Eg sa dette: «Ja, jeg synes det er altfor mye kjerringsnakk i mediene.»
Og: «Se bare på Aftenposten, som har endret seg dramatisk. Før var kronikkene skrevet av eldre, kloke menn. Så kom behovet for klikkvinnere. Da blir det lettere å slippe til Sophie Elise, eller hva hun nå heter, enn det er å slippe til Lars Roar Langslet.»
Eg nemnde Langslet, ein kamerat av meg som eg snakka med fire-fem gonger i året, for å sjå om Aftenposten hadde fått med seg at den tidlegare kronikkredaktøren i nett Aftenposten var død.
Det hadde Aftenposten, dei meinte òg at dei måtte opplysa lesarane om dette og gav utsegna mi fylgjande hale: «Langslet, som var Norges første kulturminister, døde for øvrig i januar.»
Kom så utsegnene mine på? Fekk eg lov å seia «kjerringsnakk”, og «eldre kloke menn»?
Sjølvsagt. Slike sveipande generaliseringar gjer seg godt når ein skal ha klikk.
I papirutgåva som ikkje får klikk, hadde saka denne ingressen: «I 'emokratiet' legger private følelse premiset for samfunnsdebatten. Bjørn Vassnes mener selve demokratiet er truet av emosjoner og stemningsbølger.»
Dette var litt keisamt, ikkje sant, og kven er i grunnen Bjørn Vassnes?
Nettdesken visste råd. Dei laga denne ingressen då saka vart lagt ut: «Det er altfor mye kjerringsnakk i mediene, ifølge Jon Hustad. Bjørn Vassnes mener selve demokratiet er truet av emosjoner og stemningsbølger.»
Så der har vi det: Både kjeringsnakk og generaliserande halvgamle menn generer klikk.
Men som ei dame sa på Twitter: «Slapp av. Ingen med vettet i behold lytter til Hustad!»
Då sett vekk frå Aftenposten.
Til slutt ein vits for å generera litt klikk: Kor mange feministar treng vi for å skru i ei lyspære? Det er faen ikkje morosamt!
Og ja det er for mykje kjeringsnakk i media.