Erna Solberg går for en ny periode som leder for partiet Høyre. Her blir hun intervjuet under NHOs årskonferanse.

MENINGER:

Fleire norske journalistar må frigjera seg for maktas forlokkande slør

«Dei veit å prioritera i Akersgata. Det som derimot er sjokkerande, er mangelen på kritiske spørsmål i møte med den tidlegare statsministeren», skriver Per Emil Skjelbred.

Publisert

For ordens skyld: Skjelbred er ansatt som rådgiver i Rødts stortingsgruppe, men skriver dette som privatperson.

Førre veke kunne Aftenposten fortelja at Erna Solberg tar attval og med det sannsynlegvis blir Høgre sin statsministerkandidat i 2025. Dette er ikkje akkurat ein sjokkerande nyheit, all den tid Solberg har insistert på at ho ikkje er ferdig i politikken og Ine Eriksen Søreide har sagt at ho treng meir tid før ho kan bli partileiar.

Likevel set Aftenposten to journalistar, ein kommentator og ei framside av til dette. Dei veit å prioritera i Akersgata. Det som derimot er sjokkerande, er mangelen på kritiske spørsmål i møte med den tidlegare statsministeren.

Medan Solberg fortel om korleis ein kombinerer rolla som ein av Norges mektigaste med eit familielivet og vitsar om at arvtakaren truleg har byrja på skulen, er det påfallande få kritiske spørsmål å spora.

Aftenposten-journalistane vel heller å spørja om ho ikkje skal starte pub i Halden og om ho var i tvil om sin vidare karriere. Attpåtil blir det sjølvsagt rom for litt kjendiseri: Ei kvinne kjem bort for å ønskja Solberg, eller statsministeren som det feilaktig tidlegare stod i bildeteksten, godt nyttår.

Betre blir det ikkje av den påfølgjande kommentaren frå politisk redaktør, Kjetil B. Alstadheim.

Han har nemleg konkludert; Erna Solberg er Bob Dylan. Som Dylan er Solberg på ein «Never Ending Tour», er poenget til Alstadheim. Festlig, ja. Presist, nei. For Solberg er ingen musikkartist. Ho er ein av landets mektigaste politikarar, som har leia partiet i 19 år og nå tar fatt på to til. Den merittlista freistar til andre samanlikningar, som eg skal spara meg for her.

Aftenposten er ikkje åleine. Det er fleire om beinet i kampen for å avpolitisera Erna Solberg, slik Trygve Svensson har peikt på tidlegare. Som statsminister var ho danse-Erna, «synge med Fantorangen»-Erna, «plukke plast»-Erna, Eminem-Erna og birøkter-Erna. Litt for sjeldan var ho politikar og partileiar i møte med pressa.

Det som er påfallande, er korleis den same avpolitiseringa ikkje ser ut til å gjelda for hennar største motstandar, Jonas Gahr Støre. Som Mímir Kristjánsson skreiv, før valet i 2021, har pressens behandling av Støre i opposisjon grensa til mobbing. Ein kvar minste menneskelege feil, som å gløyma billett på t-banen, har blitt blåst oppe som ein skandale. Samstundes har Solberg heller gått fri for sine mindre overtramp. Kva skuldast dette?

Eg trur, slik Kristjánsson, at det handlar om journalistar si beundring av makt og mektige menneske. Solberg, i lag med sitt arsenal av kommunikasjonsrådgjevarar, har skapt ei forteljing om den store leiaren, viss makt og posisjon ikkje skal trekkjast i tvil. Den same forteljinga har store delar av norsk presse slukt rå. Støre og hans våpendragarar har ikkje lukkast med det same, og er såleis blitt den lette offeret både i opposisjon og nå i posisjon.

Dette er synd av fleire grunnar. Det er synd for Erna Solberg, som blir tatt så alvorleg av pressa at ho ikkje blir stilt spørsmål om politikk og kva hennar prosjekt skal vera for dei neste åra. Det er synd for Jonas Gahr Støre, som i opposisjon måtte bruka tid på å forklara kvifor han hadde på seg ein Bjørn Dæhlie-jakke, heller enn å snakka om politikk. Men mest av alt er det synd for norsk journalistikk og eit fareteikn på kva som kan komma.

I USA har dei for lengst gjort politikk til eit spørsmål om personar, ikkje prioriteringar, skattar, velferd og lovar. Der har også delar av pressa godteke denne avpolitiseringa, og fungert som mikrofonstativ for styresmaktene. Det er liten tvil om at dette har svekkja tilliten til media. Enn så lenge er me ikkje der i Norge, men inga land er vaksinert mot ei slik utvikling.

Mitt nyttårshåp for norsk presse er at fleire journalistar skal frigjera seg for maktas forlokkande slør. At dei skal stilla kritiske spørsmål, ikkje berre til Solberg, men til alle norske samfunnstoppar med makt. Det er trass alt det som er det viktige, å stilla makta til veggs.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS