Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten og nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB. Innfelt er Aftenposten-oppslag på papir 21. oktober.

Aftenposten slår opp 40 år gamle rykte, medan NTB utelét detaljane: – Me skal ikkje driva ryktespreiing

– Det påståtte forholdet har versert i rykteform og har blitt omtalt gjennom lang tid, seier nyheitsredaktør i Aftenposten til Medier24. Presseekspert reagerer.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • Medier24 skreiv i første versjon av saka at NTB ikkje omtalte det påståtte forholdet mellom Brundtland og Steen. Det er ikkje riktig, då nyheitsbyrået 20. oktober publiserte saka «Ny bok bringer nye opplysninger om relasjonen mellom Gro Harlem Brundtland og Reiulf Steen» – med færre detaljar.

Førre veke lanserte Hans Olav Lahlum den politiske biografien om Reiulf Steen, «Historien, triumfene og tragediene».

Boka har fått massiv presseomtale, og spesielt delen om avdøde Reiulf Steen sitt påståtte intime forhold til tidlegare Arbeiderparti-leiar og statsminister Gro Harlem Brundtland har blitt omtalt i norsk media. Aftenposten valde å slå det opp over to sider i papiravisa måndag 21. oktober med tittelen Reiulf Steen i ny bok: «Jeg hadde et intimt forhold til Gro Harlem Brundtland».

– Eg tykkjer oppslaget, mildt sagt, er å vera uforsiktig. Dei vidarebringar opplysningar dei overhovudet ikkje kan undersøkja, seier Gunnar Bodahl-Johansen til Medier24 om Aftenposten sin artikkel.

Han er presseetikar og tidlegare fagmedarbeidar hos Institutt for Journalistikk. Laurdag skreiv han kommentaren Ryktene om Gro og Reiulf demonstrerer pressens kretsløp for Fredriksstad Blad, kor han drøftar det etiske ved slike rykter og bilete.

«Ryktene har blitt historie, og dermed behøver tilsynelatende ikke pressen lenger å være tilbakeholden», skriv han mellom anna.

Difor publiserte Aftenposten saka

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen forsvarar saka slik:

– Me kontrollerte i den grad det var mogleg, var kjeldekritiske, og brukte mykje tid på å snakka med Lahlum om saka.

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten.

– Det påståtte forholdet har versert i rykteform og har blitt omtalt gjennom lang tid. Maktkampen har òg fått mykje omtale, og det var bakgrunnen for våre vurderingar.

Strøm-Gundersen seier dei har fått få reaksjonar.

– Det var viktig å få fram, høgt opp, at Lahlum har gjort forsøk på å verifisera påstanden og kom fram til at han tykte det var vanskeleg å kontrollera det, seier ho.

Vidare legg ho til at dei i nettversjonen har teke med i tittelen at Brundtland avviser påstandane. Aftenposten publiserte i tillegg kommentaren Ny flamme i utbrent ryktebål, av Harald Stanghelle. 

– Overraska

Bodahl-Johansen seier han er «overraska» over at avisa slår det opp som dei gjer.

– Det er skilnad på å omtala noko og å slå noko opp.

Gunnar Bodahl-Johansen, pressenestor og mediekritikar.

– Men dei har fått med, høgt opp, at Brundtland avviser det, og at Lahlum tvilar på at forholdet har skjedd?

– Likevel får det eit stort oppslag, med ein spekulativ biletbruk. Før i tida var det – innanfor pressemiljøet – åtvara mot å bruka slike bilete. Media som brukte dei, fekk kritikk internt i bransjen, seier presseveteranen.

Aftenposten-redaktøren er ikkje samd i kritikken av biletbruken.

– Me brukar historiske bilete av Brundtland og Steen saman, fordi det er dei to me omtalar i saka om boka. Det er ikkje spekulativt å velja bilete som er relevante for boka me skriv om, seier ho.

Medier24 har vore i kontakt med Gro Harlem Brundtland sin PR-sjef, Jon Mørland. Han seier at Brundtland er på reis, og har ikkje høve til å kommentera saka.

– Rykte

NTB valde å ikkje omtala saka like detaljrikt, sjølv om også dei har skrive ei sak om forholdet. Nyheitsredaktør Sarah Sørheim forklarar vurderinga slik:

Nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB.

– Me brukte mykje tid på den vurderinga. Me sat, i likskap med Aftenposten, på manus i forkant. Me landa på å vidarebringa nokre av opplysningane i boka, men ikkje på same detaljnivå som Aftenposten valde å gjera.

– Det er lenge sidan, den eine er daud, og opplysningane vert avvist av Brundtland. Det talte mot å omtale det. Likevel er det av offentleg interesse då Reiulf Steen og Gro Harlem Brundtland var høvesvis nestleiar og leiar av Noregs største parti.

Ho legg til:

– Nokre ting står fast, sjølv om media utviklar seg. Det gjeld særleg etikken, og me skal ikkje driva med ryktespreiing. Når me høyrer eit rykte med offentleg interesse, skal me undersøkja det og finna ut om det kan dokumenterast.

– Må vera varsame

I Dagsavisen valde dei å ikkje laga ein sjølvstendig redaksjonell sak på påstandane. Til Medier24 seier sjefredaktør Eirik Hoff Lysholm:

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør Eirik Hoff Lysholm i Dagsavisen.

– Vår meldar valde å skriva om det, men ikkje som hovudvinkling på ei bok som omtalar mykje meir enn berre det. Det vart altså gjeve att utan å bli forstørra, eller teke ut av samanheng.

– Slike skuldingar om privatlivet, der me ikkje sjølv kan sjekka med begge partar, tykkjer eg det er naturleg at me er varsame med, legg han til.

Powered by Labrador CMS