Aftenpostens Joacim Lund skreiv kritisk kommentar om DNs Tidal-avsløringar. Så sletta avisa heile artikkelen
– Det var noko skikkeleg søl, seier featureredaktør i Dagens Næringsliv, Gry Egenes, til Medier24. Aftenposten sjølv seier saka var ein uferdig kladd.
«Har hun virkelig lurt alle sammen?» var tittelen på kommentaren til Aftenposten-kommentator Joacim Lund måndag, ei dryg veke etter at Dagens Næringsliv-journalistane Markus Tobiassen og Kjetil Sæter vann SKUP-prisen for sine avsløringar i «Strømmekuppet».
Med «hun» referer han til Beyoncé, som ifølgje Dagens Næringsliv sine avsløringar har fått sine lyttartal manipulert på musikkstrøymetenesta Tidal, som er eigd av artistane Beyoncé og hennar ektemann Jay-Z.
«Gratulerer med SKUP-prisen, DN! Men er dere helt sikre på at saken deres holder vann?», skreiv Lund vidare. I artikkelen er han kritisk til at DN-artiklane ikkje avdekkjer juks, «simpelthen fordi det ikke finnes beviser på juks». Han avsluttar med at han er skuffa over at DN ikkje synleggjer tvilen betre.
Månedlig
Første mnd til kr 1
deretter 189,- pr mnd
Kjøp
Årlig
12 mnd abonnement for 1899,-
Kjøp