Politiinspektør Tommy Brøske haldt pressekonferanse framfor eit titals journalistar. Deretter følgte halvannan time med individuelle intervju. Til venstre er VG-journalist Tor-Erling Thømt Ruud.

Forsvinningssaka:

Politiet frykta journalistane ville sprekke saka. Slik gav dei media munnkorg

(LILLESTRØM): I fleire veker arbeidde politi og journalistar i skjul med saka om den forsvunne kvinna. Det skjer svært sjeldan, seier politiet til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag morgon sprakk Aftenposten nyheita om at kona til investor Tom Hagen, Anne-Elisabeth Falkevik Hagen, har vore sakna sidan 31. oktober i fjor.

Både Aftenposten, VG, Romerikes Blad og Dagens Næringsliv har visst om saka lenge – utan å skrive noko. Ifølgje redaktør i RB, Magne Storedal, har dei visst om saka sidan før desember.

Alvorlege truslar

Journalistane skal ha fått beskjed av politiet om å ikkje gjere saka offentleg kjent som følgje av fare for liv og helse for offeret.

– Me har funne grunn til å kome med ei slik oppmoding til pressa med bakgrunn i dei alvorlege truslane som er framsett i denne saka, seier politiinspektør Tommy Brøske i intervju med Medier24 etter pressekonferansen som vart heldt i Lillestrøm onsdag føremiddag.

– Kva kan du seie om dei truslane? Går dei mot offeret, media, eller politiet?

Fleire titals journalistar møtte opp på Lillestrøm politikammer for politiinspektør Tommy Brøske sin pressekonferanse om forsvinningssaka.

– Eg ynskjer ikkje å kommentere meir utover at det er framsett alvorlege truslar.

 

Lydig presse

– Kva kunne konsekvensane blitt ved ei eventuell publisering?

– Me vurderte det som ein risiko ved at saka skulle bli omtalt i pressa utan at eg no ynskjer å gå meir i detaljar rundt det. Me kjem tilbake til det seinare. Generelt kan eg seie at det er svært få som gjer seg skuldig i kriminalitet som ynskjer at politiet vert varsla.

– Var det vanskeleg å få media til å halde tett om saka?

– Samarbeidet med media, etter mitt syn, har vore svært godt.

Til Medier24 sa Magne Storedal i Romerikes Blad at avgjersla var enkel om å følgje politiet si oppmoding. Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten sa følgjande onsdag morgon:

– Det gjorde me fordi politiet ha gitt informasjon om at det var fare for kvinna sitt liv dersom saka vart kjent. Når me får den informasjonen, så gjer me vurderingar, men vel å etterkomme det fordi me ikkje vil at vår journalistikk skal setje andre sitt liv og helse i fare.

 

Kan få konsekvensar

I alle sakene som vart publisert av den sakna onsdag morgon vart det brukt det same, kornete, biletet. På politiet sin pressekonferanse, derimot, vart det publisert ei rekkje bilete av Anne-Elisabeth Falken Hagen, som ikkje hadde blitt offentleggjort i media tidlegare.

TV 2-reporter Kadafi Zaman.

– Me har ikkje bevisst haldt tilbake fotografia. Det er naturleg at ei offentleggjering som dette skjer etter dialog med familie, og blant dei tinga som familien kan påverke er kva bilete ein offentleggjer. Det er bakgrunnen for at det er andre bilete her i dag. Samstundes er me oppteken av at ein viser bilete som viser personen så godt som mogleg, slik at folk kan kjenne ho igjen, seier Brøske.

– Kva prosessar og vurderingar gjorde at de i dag kan offentleggjere saka?

– Kontinuerleg, heilt sidan me vart kjent med saka, har me gjort heilskapsvurderingar fortløpande. Det har vore eit vanskeleg val, men slik saka står no, treng me meir informasjon. Det er hovudårsaka til at me vurderer det annleis no.

– Me kan ikkje utelukke at dette inneber ein risiko, eller kan få konsekvensar, men me vurderer det litt annleis i dag enn tidlegare. Me har ein motpart me veit svært lite om, i ei alvorleg sak. Me er i behov av å få informasjon for å gå vidare.

– Kor ofte må de be pressa leggje lokk på informasjon?

– Mi erfaring er at det skjer svært sjeldan, seier Brøske.

Powered by Labrador CMS