– Dette er jo ei gåvepakke til både norske sportsredaksjonar og lesarar, seier sportssjef i Aftenposten, Eirik Fardal, til Medier24.
Sidan rykta byrja å svirre om at Ole Gunnar Solskjær skulle ta over Manchester United på midlertidig basis då José Mourinho fekk sparken i desember har det kokt over av Solskjær-stoff i norske medier.
Norsk presse sitt jag etter nye Solskjær-saker og -vinklingar har blitt både verdsett og kritisert. VG sin berømte «Solskjær-tabell» og spørsmål til Manchester City-sjef Pep Guardiola om nordmannen er blant det som har blitt diskutert i sosiale medier.
25 prosent betre lest enn resten
Skal me tru norske sportsredaksjonar, er det likevel ingen tvil om at stoffet vert godt lese.
– Sidan Solskjær vart tilsett i Manchester United 18. desember, har Dagbladet hatt snaut 13 millionar sidevisingar på Solskjær-relaterte saker på nett, seier Paul Marius Tingve, sportsredaktør i Dagbladet, til Medier24.
– Me ser at interessa er jamt stor heile tida, og heilt enorm før, under og etter Manchester United sine kampar, legg han til.
Dei har fast nærvær i Manchester, og vil ha det i minst eit par månadar til framover, opplyser han til Medier24. Det same har VG, Aftenposten og TV 2.
– Interessa for Solskjær-stoffet skil seg ut frå den andre sportsdekninga, både i tal på visingar, generelt engasjement og ikkje minst lesetid, som ligg om lag 25 prosent høgare enn det andre sportsstoffet, seier Tingve vidare.
Grafen under viser at norske medier sin omtale av Solskjær for alvor skaut fart då rykta byrja å svirre 17. desember, medan den gradvis minka utover romjula. Etter nyttår har det vore jamt over mange saker, medan det tek seg betrakteleg opp på kampdagar.
Saka held fram under grafikken.
5.500 oppslag mot 445 i fjor
Analysesjef i Retriever, Guro Lindebjerg, fortel om ein enorm auke i oppslag om nordmannen.
– Etter at Ole Gunnar Solskjær gjekk inn i jobben som Manchester United-manager, har norske medier publisert 5.500 oppslag om han. Det er soleklart at den nye jobben har aktualisert fotballstjerna, for i same periode i fjor vart han omtalt i totalt 445 medieoppsla
– Me ser at det største medietrykket kom i desember like etter at nyheita vart slept, men at det òg utover januar månad vert publisert mykje Solskjær-omtale. Analysen vår viser at norske medier publiserer om lag 100 artiklar om fotballproffen dagleg, legg ho til.
– Det klart mest interessante
Òg hos VG har nordmøringen skapt enormt engasjement. Ifølgje avisa har deira Solskjær-studio hatt 6,7 millionar besøk sidan lanseringsdato 20. desember. Toppdagen kom 22. desember, med 729.000 besøk.
I tillegg har den totale trafikken på Premier League-stoff firedobla seg etter Solskjær-tilsetjinga.
Sportssjef i VG, Øyvind Brenne, fortel at Solskjær er det klart heitaste temaet for VG sine lesarar om dagen.
– Sakskomplekset Solskjær er det klart mest interessante for våre lesarar den siste månaden. Trafikken kan knapt måle seg mot noko utanom snømeisterskap kor Norge feiar golvet med andre land.
– Stoffet treff særdeles bredt. Der drypp rundt klubben vert lese svært godt, er interessa for kampane heilt enorm.
Stram tilgang
Fardal i Aftenposten fortel at dei held «trykket oppe» så lenge interessa er til stades. Han har latt seg overraska over at lesartala held seg så stabil som den gjer.
– Eg trur det er fordi folk, òg dei som ikkje nødvendigvis er fotballfans, interesserer seg. Når ein nordmann har fått som jobb å styre eit av verdas største merkevare og fotballklubbar, vil følgje med, seier han, og legg til:
– Ein del Liverpool-fans er nok lei, men sjølv dei klarar ikkje la ver å klikke seg inn dei heller.
Det er likevel ikkje berre-berre for norske journalistar å dekke ein av verdas største fotballklubbar i ein bransje kor det meste skjer bak lukka dører.
Sjølv på arrangerte pressekonferansar slit Aftenposten med tilgangen.
Solskjær-saker sidan 18. desember:
Aftenposten nett
189
Aftenposten papir
67
Aftenposten total
256
Dagbladet nett
176
Dagbladet papir
49
Dagbladet pluss
8
Dagbladet total
233
TV2.no
163
VG papir
77
VG Nett
141
VG pluss
7
VG sporten direkte
140
VGTV
48
VG total
413
– Det er tøffe arbeidsforhold der, og det set krav til gode idear. Det er lukka og med lite tilgang for norske mediar som ikkje får tilgang til pressekonferansane før. Svaret frå klubben er at dei inviterer lokale journalistar og rettshavarar.
Heller ikkje i «mixed zone» er dei garantert ein prat med «Sunny».
– Solskjær stoppar ikkje opp for å snakke med oss sjølv om me er norske. Han gjorde det i starten, men no er det vanskeleg, seier Fardal.
– Vanskeleg å finne kritiske røyster
Norske medier har òg motteke kritikk for ukritisk dekning av Manchester United, og sportskommentator og -journalist, Andreas Selliaas, var blant dei som gjekk ut mot VG sin «hyllest» av nordmannen på idrettspolitikk.no.
Spesielt klubbens treningsleir til Dubai har blitt heftig diskutert i sosiale medier. VG omtalte saka 9. januar.
– Kor opptekne er de av ein balansert journalistikk i dekninga?
– Me har vore ganske opptekne av å få fram dei andre sidene enn den reine hyllesta, og så får lesaren bedømme om me lukkast ikkje. Det har lege langt framme i pannebrasken. Me skal ikkje vere eit hyllestkor, men òg få fram kritiske røyster, seier Fardal.
– Men når Solskjær vinn kampar, er det vanskeleg å finne kritiske røyster. Me har vore opptekne av dette, så eg håpar me har hatt ei balansert dekning ut frå føresetnadane, seier han vidare.
– Utfordrande
Sjølv sportsredaktør i TV 2, Vegard Jansen Hagen, fortel om krevjande arbeidsforhold for TV 2, som sit med rettane til Premier League.
– Det er krevjande. Blant dei store utfordringane er å få tilgang til kjelda sjølv, og ikkje berre sitere av andre- og tredjegangskjelder, og at det vert ei sak kvar gong nokon rundt han seier noko. Å kome i god posisjon med han er ei utfordring for alle som dekkjer han for augneblinken, seier Jansen Hagen.
Han seier til Medier24 at dei knapt har sett liknande interesse for eit saksområde som Ole Gunnar Solskjær genererer om dagen.
TV 2 opplyser til Medier24 at annakvart klikk på sportssidene til TV2.no er Solskjær-relatert.
For tida er Ingrid Halstensen i TV 2 fast i Manchester, kor ho har vore sidan sesongstart. Men òg TV 2 vil auke bemanninga på balløya.
– Solskjær tek ein del av merksemda, naturlegvis, og interessa er eksplosiv. Men oppi det heile styrer Liverpool mot seriegull, og det er mange andre interessante innfallsvinklar. Me må passe på at me ikkje vert blinde på Solskjær, og at me òg klarer å dekkje andre viktige saker som skjer i engelsk fotball, seier Jansen Hagen.
– Kor opptekne er de av ein balansert dekning, sjølv når ein nordmann vert sjef i Manchester United?
– Me prøver å vere obs på det, men eit godt uttrykk i denne samanheng vil vere «begeistring med truverd». Det er heilt naturleg og fullt ut lov å vere begeistra når ein nordmann tek over verdas største fotballklubb og leverer desse resultata.
– Og så skal me ha eit journalistisk truverd som varetek integriteten til TV 2 Sporten. Me kan ikkje ofre integriteten ved ei heilt ukritisk dekning, seier han vidare.
For ordens skuld er underteikna tidlegare journalist i United.no og betalande medlem av Manchester Uniteds skandinaviske supporterklubb, utan at det har hatt innverknad på det redaksjonelle innhaldet i saka.