Måndag ettermiddag møtte den terrorsikta Philip Manshaus (21) frå Bærum i Oslo tingrett for fengslingsmøte etter å ha blitt sikta for terror og drap.
Manshaus smilte til pressa og kom til møtet tydleg forslått etter å ha blitt overmanna under angrepet i al-Noor Islamic Center laurdag.
Kjapt etter var framsidene til norske nettaviser dekkja av Manshaus.
Vil ikkje mystifisere
Nyheitsredaktør Frode Hansen i DagbladetErik Waatland
Dagbladet publiserte fleire artiklar med bilete av 21-åringen, og viste i tillegg ein video frå då han kom inn i rommet.
– Me publisere bilete laupande, men sende ikkje direkte. Me ynskja å sjå korleis han agerte i salen først. Det var viktig for oss, seier nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet til Medier24.
Han held fram:
– Etter vår vurdering er det viktig å ikkje gøyme den terrorsikta bak ansiktslause skildringar. Me skal ikkje teie eller mystifisere gjerningsmannen.
– Samstundes er det viktig å ikkje bli ein del av eit propagandaapparat.
Skjermdump av Aftenposten-fronten måndag.Skjermdump
Aftenposten tonar det ned
Hos Aftenposten var ikkje biletbruken like omfattande tidleg måndag ettermiddag. Dei brukar bevisst berre eitt bilete, og hadde lenge berre eit i nedskalert utgåve.
Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen forklarar det slik:
– Det var ei etisk vurdering, seier ho.
– Me ser ingen grunn til å bruke fleire. Me praktiserte det same med El Paso, sjølv om det var eit heilt anna omfang då, legg ho til.
– Sjølv om han er identifisert med namn og bilete, er me stadig på eit tidleg stadium i straffesaka. Han har endå ikkje forklart seg. Me kjenner ikkje hans helsetilstand. Me treng difor ikkje å tapetsere framsidene med bilete av han, seier ho.
Skjermdump av NRK-fronten måndag.Skjermdump
Ingen tungtvegande argument mot å publisere
Også hos NRK var det omfattande dekning av fengslingsmøtet. Dei brukte fleire bilete, og video, av då den terrorsikta dukka opp i salen.
– Me tok avgjersla om å identifisere med namn og bilete då siktinga vart utvida til òg å gjelde terror. Me avgjorde å bruke bilete frå retten etter at Manshaus gjennom sin forsvarar samtykka til fotografering, seier etikkredaktør Per Arne Kalbakk til Medier24.
Kalbakk utdjupar:
– Det er uvanleg at ein sikta er sopass synleg forslått når han møter i retten, men det er samstundes relevant dokumentasjon i saka. Me har difor vald å halda fram å bruke desse bileta i dag.
– Er det argument for og imot?
– Når ein sikta sjølv har samtykka til fotografering i retten kan me ikkje sjå at det er nokre tungtvegande argument mot å publisere slike bilete.
Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.Erik Waatland
Forseinka video
VG slo òg opp bileta stort opp måndag ettermiddag.
– Me brukar desse bileta fordi dei er journalistisk relevante. Me omtalar i saka korleis han står fram i retten, at han har samtykka til fotografering under rettsmøtet og òg korleis han i forkant av skytinga har lasta opp bilete av seg sjølv, seier nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken til Medier24.
– Bileta frå retten har ein informasjonsverdi, på linje med tekst, og er med på å dokumentere hans åtferd.
Bakke Håndlykken seier dei har diskutert biletbruk i denne saka inngåande, og var førebudd på at det kunne bli ei problemstilling. Difor tok dei eit viktig grep:
– VGTV sender difor med noko forseinking, nettopp for at me skal ha rom til å gjere redaksjonelle vurderingar. Her har me landa på at det er riktig å publisere bileta frå retten, men at den journalistiske konteksten me set bileta i er viktig, seier ho.