Kjært barn har mange namn, iallfall eit nyoppdaga virus. Koronaviruset, coronaviruset, COVID-19, SARS-CoV-2.
Medan SARS-CoV-2 er namnet på viruset, er COVID-19 namnet på sjukdommen. Koronavirus er namn på viruskategorien – men skal det skrivast med c eller k?
– Me skriv koronaviruset med k på norsk, fordi det allereie er eit ord på norsk – med k, seier seniorrådgjevar Erlend Lønnum i Språkrådet til Medier24.
Forklaringa?
«Ordet korona kjem frå latin corona ‘krans, krone’. Me skriv korona med k på norsk, og samansetjinga koronavirus er eit vanleg samnamn som skal ha liten forbokstav», skriv Språkrådet på sine sider.
– Me omset ikkje engelske namn
Det bryr derimot VG, Dagbladet og Nettavisen seg lite om.
– Dette er alltid ei vurdering. Men i denne saka ser me ingen grunn til å endra frå ein internasjonal, etablert skrivemåte, seier nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet til Medier24.
– Aftenposten, NTB og NRK følgjer Språkrådet si anbefaling om «korona». Kvifor følgjer de ikkje etter?
– Dette blir som sagt alltid ei vurdering, men i dette tilfellet har me gått for den internasjonale og etablerte skrivemåten.
Den same ordlyden finn me hos VG.
– Corona-viruset og COVID-19 er dei engelske namna som er gitt, og me har ikkje praksis i VG for å omsetja engelske namn til norsk, seier nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG til Medier24.
– Sjølv når Språkrådet vil det?
– I VG har me eiga språklinje, og me omset ikkje engelske namn. Her det heller ikkje noko forståingsbarriere for norske lesarar, seier ho.
– Korona med c er ikkje riktig etter norske rettskrivingsreglar, seier han.
Han presiserer at «koronavirus» ikkje er eit særnamn, som COVID-19.
– Kva tenkjer de om at VG, Nettavisen og Dagbladet, med alle sine lesarar, skriv med c?
– Det ville vore ein fordel for språkbrukarane om ein vart samde om den norske rettskrivinga. Dei når ut til mange folk, så ulempa er at det blir forvirrande for mange, seier han.
Han meiner å ha ei enkel forklaring på kvifor norske aviser skriv ordet på den engelske måten.
– Ofte, ganske ukritisk, tek ein inn engelske ord frå andre språk når ei stor nyheit skjer og så tenkjer ein at det ikkje finst norske ord for det.
VG: – Ikkje ukritisk
Den analysen deler ikkje Bakke Håndlykken i VG.
– Me har ikkje ukritisk teke eit engelsk ord inn, me har gjort ei vurdering av at me her steller oss til namngjevinga WHO har kome med og at det heller ikkje er ein barriere for VG sine lesarar å forstå den namnsetjinga. Eg trur elles at dei norske lesarane lever heilt fint med at ulike redaksjonar har vald ein noko ulik skrivemåte, og opplever at dei er langt meir opptekne av innhaldet i dekninga vår, seier ho.
Nyheitsredaktør René Svendsen i Nettavisen forklarar stavemåten med at det er slik det oftast blir omtalt i norske og internasjonale medium. Dei har teke ei vurdering, og konkludert, delvis som følgje av Dagbladet og VG sin praksis, med corona.
– Dersom VG og/eller Dagbladet endrar sin språknorm, så vil me også me vurdera, seier Svendsen.
NTB skriv med k
Dei som derimot har følgt råda frå Språkrådet er NTB, Aftenposten og NRK.
– Dette har me diskutert ein del internt, både kva me skal kalle viruset og korleis me skal skriva det. No har me landa på korona med k. Bakgrunnen for det er mellom anna at Språkrådet har anbefalt k. Også Store Norske Leksikon har endra frå c til k no, seier nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB til Medier24. – Og så har me samråda oss med andre medium, som NRK og Aftenposten, som òg skriv med k. Me tek alltid ein runde med store kundar i saker som dette. Men VG har vald annleis.
Tone Tveøy-Strøm Gundersen seier at Aftenposten sitt språkutval har vurdert det og landa på at også dei skriv koronavirus med k.
For ordens skuld: Medier24 følgjer Språkrådet si oppmoding om å skriva «koronavirus».