Demonstrasjonen «We can't breathe - rettferdighet for George Floyd» utanfor Stortinget førre fredag.

Redaktørar: Vil ikkje at journalistane går i demonstrasjon mot rasisme

Journalistar blir inhabile av å delta i demonstrasjonen, meiner VG, Nettavisen, Dagbladet og Aftenposten. I Klassekampen, derimot, er det fritt fram.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Skal ein dekkja noko journalistisk, kan ein ikkje ha gått i eit demonstrasjonstog. Ein må tenkja seg godt om før ein ytrar seg i denne saka, seier nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG til Medier24.

Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG. Her under den store kjeldedebatten på Norsk Redaktørforening sitt haustmøte i Tromsø i november 2019. Sjefredaktør Gard Steiro til høgre.

– Også ukontroversielle meiningar som å vera mot rasisme?

– Det er nokre spørsmål som er meir allmenngyldige og går på menneskeverd. Det er eit klart element av det i saker som antirasisme og Pride, men så beveger det seg også over i reine politiske bodskap, seier ho.

Kan få konsekvensar

Førre veke samla nærare 15.000 personar seg i Oslo for å delta i demonstrasjon mot rasisme, i kjølvatnet av politidrapet på George Floyd i Minneapolis, USA. Også i store deler av resten av landet  har demonstrantar samlast for å markera sin støtte til kampen mot rasisme.

Demonstrasjonane samlar folk frå alle yrkesgrupper og samfunnslag, men fleire redaktørar Medier24 har snakka med seier at deira eigne journalistar, som dekkjer saksfeltet, ikkje får gå i liknande demonstrasjonar.

– Om ein skal dekkja saka, kan ein ikkje gå i eit slikt tog. Det har ikkje gått ut eit offisielt forbod, men me legg føringar, og så får kvar enkelt ta sitt val. Men dei vala kan få konsekvensar for moglegheita til å dekkja saka, seier Bakke Håndlykken vidare.

– Godt innanfor det avisa står for

I Klassekampen, som rett nok har ei meir tydeleg politisk forankring på venstresida, vurderer dei det annleis.

– Det skulle teke seg ut om me nekta journalistane våre å delta i den demonstrasjonen, seier redaktør Mari Skurdal i Klassekampen til Medier24.

– I utgangspunktet tykkjer eg det er positivt å vera engasjert i samfunnsspørsmål, men det kan bli problematisk om ein til dømes er partipolitisk aktiv og dekkjer saker. Det har me retningslinjer mot. Men ein demonstrasjon mot krig eller rasisme ville eg tenkt var heilt uproblematisk. Det er godt innanfor der avisa står, legg ho til.

Sjefredaktør Mari Skurdal i Klassekampen.

– Handlar om rolleforståing

Nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet og sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten legg seg derimot på VG si linje.

– Rasismesaka er på linje med alt det andre, og så har eg stor tiltru til våre tilsette når det gjeld deira integritet og truverd. Det finst aksjonar og underskriftskampanjar som er innanfor våre husreglar, utan at me har teke direkte stilling til demonstrasjonane den siste veka, seier han.

Nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet.

Eilertsen skriv i ein sms til Medier24:

«Vi ønsker ikke at redaksjonelle medarbeidere deltar i demonstrasjoner eller aksjoner som har utspring i nyheter de skal dekke. Jeg tviler på at vi ville møtt massiv kritikk hvis noen av våre journalister møtte opp i en demonstrasjon, men dette handler om en rolleforståelse som trengs i tilfeller der saken ikke er så enkel å slutte seg til som denne.»

Sjefredaktør og administrerande direktør Trine Eilertsen i Aftenposten.

Førre veke markerte millionar av Instagram-brukarar støtte til George Floyd og kampen mot rasisme ved å dela eit heilsvart bilete på den sosiale plattforma.

Også det bør ein avstå frå, meiner VG- og Dagbladet-redaktørane.

– Som å gå i 17. mai-tog

Sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen tykkjer ikkje saka er like enkel som sine kollegaer i Dagbladet, Aftenposten og VG.

– Så lenge det er kontroversielle ting, gjeld regelen om at ein ikkje skal markera standpunkt. Folk kan gå i 17. mai tog og skriva om 17. mai, men kan ikkje delta i ein demonstrasjon og etterpå dekkja saksforholdet. Det meiner eg følgjer av Ver Varsam-plakaten, seier han, og legg til:

– Ein rasismedemonstrasjon er på linje med å gå i eit 17. mai-tog, så å markera at ein er mot rasisme som fenomen, vil eg meina er innanfor.

Sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen.

Likevel presiserer Stavrum:

– Sjølv om mange oppfattar politidrapet som rasisme, kan det også oppfattast som politivald generelt. Med ein gang du seier det er rasisme, nærmar du deg å ta eit politisk standpunkt. Då blir du fort partisk i dekninga av saka.

– Grenseland

Klubbleiarane Jørgen Braastad i VG og Kristjan Molstad i Aftenposten tykkjer det er positivt med strenge retningslinjer for aktivisme blant journalistane sine.

– Eg tenkjer at det er heilt «fair». Ein må gjera det ein kan for å hindra interessekonfliktar, seier Braastad til Medier24.

Klubbleiar Jørgen Braastad i VG.

– Også i saker knytt til grunnleggjande menneskeverd?

– Det blir i grenseland, men når ein blir journalist brukar ein ytringsfridomen til å laga journalistikk. Då skal ein vera svært varsam med det, og det styrkar journalistikken å ha strenge retningslinjer for det, seier han.

Aftenposten sin klubbleiar, Kristjan Molstad, seier til Medier24 at det vart ein del spørsmål om deltaking i demonstrasjonar i forkant av rasismedemonstrasjonen.

– Ikkje fordi det var så mange som ville delta i demonstrasjonen i Oslo i helga spesielt, men fordi det ganske raskt vart ein prinsipiell debatt. Eit godt spørsmål her er til dømes om alle demonstrasjonar vert behandla likt. Eg trur til dømes det er mange journalistar som går i 8. mars-tog eller Pride. Ja, Pride er ei feiring av mangfaldet – men den kan òg bli ganske politisk, seier han.

Klubbleiar Kristjan Molstad i Aftenposten.

Molstad legg til:

– Er det slik at det finst heilt objektive, grunnleggjande menneskerettar, som det må vera ukontroversielt å demonstrera for? Det meiner eg jo det gjer – men akkurat når humanisme sklir over i politikk, kan jo av og til vera vanskeleg å avgjera.

Sjølv vurderte han aldri å delta, med omsyn til smittevern.

  • For ordens skuld: Journalist Ole Alexander Saue byrjar i ny jobb i Aftenposten i slutten av juni. Journalist Eira Lie Jor har difor hatt kontakten, og gjort intervjua, med sjefredaktøren og klubbleiaren i Aftenposten.
Powered by Labrador CMS