Bernt Olufsen, tidlegare sjefredaktør i VG.

Bernt Olufsen er positiv til sponsa journalistikk: – Ikkje uproblematisk

Den tidlegare sjefredaktøren i VG får støtte av Aftenposten-sjef Espen Egil Hansen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tysdag skreiv Medier24 at professorane Svein Brurås ved Høgskulen i Volda og Jens Barland ved Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU) tek til orde for å tillate sponsing av nyheits- og aktualitetsjournalistikk.

Det kjem fram i ein rapport levert til Norsk Presseforbund.

 

– Viktige ting

Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten er positiv til forslaga deira.

– Eg er einig i at det finst fleire argument for å endre punkt 2.8 i Vær Varsom-plakaten. Eg tykkjer Brurås og Barland peiker på viktige ting, seier Hansen.

Førsteamanuensis ved NTNU, Jens Barland.

Bakgrunnen for rapporten var debatten om tolkinga av punkt 2.8 i Ver Varsam-plakaten, som slår fast at «sponsing eller produktplassering i nyhende- og aktualitetsjournalistikk (…) er ikkje i samsvar med god presseskikk».

I mai i fjor vart nettopp Aftenposten felt for brot på god presseskikk med dokumentarserien «Stuck», som var sponsa av bistandsorganisasjonen Plan.

Hansen var sterkt kritisk til avgjersla, og sa at Ver Varsam-plakaten i praksis vert nytta som eit presseetisk apartheidregime.

 

– Uheldig

Svein Brurås, professor ved Høgskulen i Volda.

Til Medier24 seier Brurås at dagens Ver Varsam-plakat hindrar ei grei finansiering av god journalistikk, og at gode journalistiske saker vert pressa over som innhaldsmarknadsføring. Det er Hansen einig i.

– Sponsing er ein moglegheit til å finansiere vesentleg journalistikk. Det er fullt mogleg å opprette eit skilje, så eg trur på dette, og har lenge argumentert for det. Eg opplever at dei argumenterer etter dei same linjene.

– Presseetikken bør òg praktiserast meir plattformnøytralt. Det er ein litt annan tradisjon i tv- enn i avisjournalistikken. Det er uheldig, så eg meiner rapporten er eit bra bidrag til debatten.

Espen Egil Hansen, sjefredaktør i Aftenposten.

Aftenposten-redaktøren har tru på at endringane kan skje, men innser at det er ei rekkje høver som må opp til diskusjon.

I rapporten tek Brurås og Barland til orde for at det ikkje skal tillatast å sponse saker om eigne interesseområde, og at representantar frå sponsor ikkje skal opptre som kjelde eller part i saka. Merkinga bør i tillegg inkludere ei erklæring om det redaksjonelle sjølvstendet.

– Kva tenkjer du om å leggje føringar som at sponsor til dømes ikkje kan opptre som kjelde i saka, ha interesse eller vere part i sakene dei sponsar?

– Det bør vera eit spørsmål om det skal leggjast føringar i 2.8 eller om det er opp til kvar enkelt redaktør korleis det vert løyst, seier han.

 

Tidlegare sjefredaktør i VG og juryleiar i SKUP, Bernt Olufsen - her frå konferansen i 2018.

– Ubegripeleg

Pensjonert mangeårig VG-redaktør Bernt Olufsen tykkjer det er ein betre idé med sponsa journalistikk enn marknadsføring kledd som journalistikk.

– Den praksisen er meir reinhårig enn andre annonseformat, som tek sikte på å lure folk til å tru at det er uavhengig produsert innhald, seier han.

– Kan sponsa journalistikk vere 100 % uavhengig?

– Det kan det vere. Ein god del av det The Guardian og New York Times leverer av sponsa journalistikk, er uavhengig kvalitetsjournalistikk.

– Likevel er det ikkje uproblematisk. Det krev ein ganske inngåande prosess for å diskutere nærare korleis det kan gjerast. Det er i tillegg viktig at brukaren har eit bevisst forhold til korleis journalistikken er finansiert.

Olufsen forstår mellom anna ikkje kvifor sportsjournalistikk ikkje går under kategorien «nyheits- og aktualitetsjournalistikk».

– Det er ubegripeleg, seier han.

Kan bli storrevisjon av VVP

Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund.

Onsdag skreiv Medier24 at generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund ynskjer ein omfattande revisjon av Ver Varsam-plakaten.

På eit styremøte 22. mars vart det vedteke at Floberghagen skal koma opp med ein konkret plan for korleis endringane skal skje. Ho meiner det er på tide å gjera plakaten mindre komplisert og sjå på moglegheita for å slå saman punkt.

Under det same styremøtet presenterte Barland og Brurås rapporten om sponsing av journalistikk.

Ikkje lenge etter – i kjølvatnet av VG-krisa i vår – vart det i tillegg av Presseforbundet sett ned eit utval, leia av presseveteran Sven Egil Omdal, som skal granske mediene sin omgang med kjelder. Med seg har han Eva Sannum, Anki Gerhardsen og Simen Sætre.

Powered by Labrador CMS