Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten, Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende og Eivind Ljøstad, sjefredaktør i Fædrelandsvennen.
Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten, Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende og Eivind Ljøstad, sjefredaktør i Fædrelandsvennen.

150 mill. i pluss:

Schibsted-redaktørar med varsko trass godt 2018: – Veldig få har teke innover seg alvoret

Schibsted sine abonnementsaviser leverer gode resultat i 2018. Redaktørane meiner likevel det er totalt naivt å tru at mediekrisa er over.

Publisert

Ferske rekneskapstal for Schibsted sine abonnementsaviser viser at årsresultatet for Aftenposten, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad enda på 150,7 millionar kroner i pluss i 2018.

Det er ein nedgang på 18 prosent, men alle avisene leverer positive resultat, bortsett frå Fædrelandsvennen, som i fjor tapte 5,2 millionar kroner på drifta.

Best resultat har Aftenposten og Bergens Tidende, som oppnådde driftsmarginar på høvesvis 9 og 10 prosent.

– Me har lukkast med ein grunnleggande transformasjon av Aftenposten og leverer eit solid resultat, samstundes som me har investert i nysatsinger. Det er spesielt digitale abonnement som bidreg positivt til våre resultat; i tal på abonnentar totalt er me tilbake på nivå med dei aller beste åra, seier Espen Egil Hansen, ansvarleg redaktør i Aftenposten.

 

Mista 1,4 milliardar i omsetnad

Likevel er det grunn til bekymring, meiner sjefredaktørane Hansen og Øyulf Hjertenes i Bergens Tidende.

– Om nokon trur transformasjonen er over, og om politikarane trur at dette er løyst, er det totalt naivt. Me har mykje jobb framføre oss, og det vert mange vanskelege stunder framover, seier Hansen til Medier24 onsdag.

– Tek politikarane høgde for den reelle situasjonen for norske medier?

Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten.
Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten.

– Nei. Sjå til USA. Det vert det jamleg lagt ned medier. Det kjem tøffe tider framover. Eg trur veldig få har teke innover seg alvoret, seier Hansen.

Aftenposten omsette i fjor for over 1,4 milliardar kroner, og fekk eit driftsresultat på 128,6 millionar kroner. Det er ein betydeleg nedgang frå 2008, då Aftenposten snuste på 2,2 milliardar kroner i omsetnad.

– I 2008 kom iPhonen. Sidan den kom, har me – omgjort til dagens kroneverdi – mista 1,4 milliardar kroner i omsetnad.

Likevel har «tanta i Akersgata» levert gode resultat, år etter år.

– Nedgangen i omsetnad har me teke inn ved å kutte kostnadar i alle ledd. Det er ein dramatisk historie, seier han.

– I nøyaktig same periode har me skifta forretningsmodell. Før hadde me 70 prosent av inntektene frå annonsar, medan 80 prosent no er frå abonnement. Det er få selskap i verda som har fått til det, held Hansen fram.

Saka held fram under grafen.

 

– Færraste er klar over det

Også i Bergens Tidende har det vore eit dramatisk fall i omsetnad. I 2008 omsette avisa for over 980 millionar kroner, medan dei i 2008 enda på 497,7 millionar kroner – seks millionar kroner ned frå 2017.

– Me leverer solide resultat i BT, og det er viktig for oss. Då kan me investere i journalistikken, og me har no ro til å jobbe med journalistikken og produkta våre, seier sjefredaktør Øyulf Hjertenes innleiingsvis til Medier24.

Likevel er det langt frå tid til å slå seg til ro på lang sikt.

– Dei færraste er klar over det me har vore gjennom dei siste ti åra. Forventningane på kva nivå me skal levere på journalistikken har auka, medan inntektene er meir enn halvert, seier Hjertenes.

 

Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende.
Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende.

– Farleg å stire blindt

Han tykkjer dei har handtert omstillinga på ein god måte, men er meir uroa for kva som er i vente.

– Det store spørsmålet er framover. Med tanke på mediestøttemeldinga er eg usikker på om bransjen og politikarane eigentleg tek innover seg dei utfordringane me står føre oss, når det gjeld å byggje ein digital berekraftig forretningsmodell, seier han.

– Det er farleg å stire blindt på korleis det går no, seier Hjertenes.

Aftenposten-redaktør Hansen meiner dei har lukkast med å byggje opp ein solid abonnementsbase, og legg spesielt vekt på at avisa når fleire digitale abonnentar utanfor Oslo/Akershus, som lenge var deira kjerneområde.

– Akilleshælen er digitale annonsar. Me lukkast stadig bra med papiravisene, men digitalt har me ein for svak posisjon, seier han.

Det same er beskjeden frå Hjertenes. For ti år sidan hadde avisa over 700 millionar kroner av inntektene frå annonsar.

– Dei annonseinntektene me får digitalt no er om lag ti prosent av kva me tidlegare klarte på print. No har me om lag 200 millionar kroner i printomsetnad, seier han.

Saka held fram under grafen.

 

Eivind Ljøstad, sjefredaktør i Fædrelandsvennen.
Eivind Ljøstad, sjefredaktør i Fædrelandsvennen.

– Stussar på fokuset

Eivind Ljøstad, sjefredaktør i Fædrelandsvennen, stiller spørsmålsteikn til vinklinga – og er glad for at dei på Sørlandet oppnår vekst i topplinja, når dei sidan 2008 har gått frå ein omsetnad på 410 millionar kroner til 222,6 millionar kroner.

– Eg stussar på fokuset. Det som var spesielt i fjor var at dei fleste klarte topplinjevekst, seier han. Sjølv auka Fevennen omsetnaden med ein dryg million kroner frå 2017 til 2018.

– Sjølv meiner eg me har brukt alle høver, både eksternt og internt, også med politikarar, på å seie det motsette av at me ser lyset i tunnelen. Denne krisa er ikkje over, seier han.

– Tvert om trur eg dei neste åra kan bli dei mest krevjande om me ikkje lukkast me å få opp farta på den digitale omstillinga, seier han vidare.

Fædrelandsvennen, i motsetnad til dei tre andre avisene, tapte 5,3 millionar kroner i 2018. Det forklarar han med høge kostnadar.

Vidare måler han utviklinga i fire parameter: Annonseinntekter print og digitalt, og abonnementsinntekter print og digitalt.

Siv Juvik Tveitnes, konserndirektør i Schibsted News Media.
Siv Juvik Tveitnes, konserndirektør i Schibsted News Media.

– Berre éi av dei punkta peiker i riktig retning, og det er dei digitale abonnementsinntektene. Det er der vår moglegheit ligg, seier han.

 

Kostnadsreduksjon

Konsernsjef for Schibsted Media, Siv Juvik Tveitnes, seier i ei pressemelding onsdag at ho er nøgd med at avisene aukar inntektene, og peiker spesielt på at avisene auka abonnementsinntektene med 40 prosent frå 2017.

Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.
Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

At inntekter og årsresultat totalt sett går noko ned, meiner ho er som venta, gitt at heile mediebransjen stadig er midt i ei rivande omstilling.

– Me ser no resultatet av at me har lukkast med å jobbe saman i Schibsted på teknologi, kommersielt og på utvikling av talent. Me har sterke fagmiljø som eg opplever at berre blir sterkare og meir solide. I tillegg har me jobba med å få ned kostnadane. At me klarar å jobbe med dette på tvers av mediehusa våre er ein føresetnad skal me lukkast òg framover, seier Tveitnes i meldinga.

Stavanger Aftenblad-redaktør Lars Helle er, som Ljøstad, nøgd med at inntektene er i ferd med å stabilisere seg. Avisa omsette i fjor for 358,2 millionar kroner, ned frå 360 millionar kroner året før. Sidan 2008 har falt 40 prosent frå 596 millionar kroner.

– Me får eit ok resultat, me stabiliteten er viktig. Med tanke på historikken dei siste ti åra – på omsetnaden – er eg kjempenøgd med det. Det skuldast at me jobbar godt med å få nye abonnentar, og har opplagsvekst, seier Helle til Medier24.

Han meiner dei er i ferd med å få på plass ein berekraftig forretningsmodell, som gjer dei mindre avhengig av printinntekter.

Men:

– Me er stadig avhengige av papir-businessen, så berekraftig er det ikkje før me viser me kan leve av berre det digitale, seier han.

Powered by Labrador CMS