Konsernsjef Kristin Skogen Lund i Schibsted.

Schibsted-aviser skal kutta fleire ti­tals millionar i 2020

– Håpar å unngå nedbemanning, seier konsernsjef Kristin Skogen Lund til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag kom Schibsted med sitt resultat for fjerde kvartal i 2019. I presentasjonen kjem det fram at mediedvisijonen – som består av VG, Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad i Noreg – skal kutta kostnader. Også Aftonbladet og Svenska Dagbladet inngår i konsernet.

– Mesteparten av effekten kjem i 2021, men me vil sjå ein effekt på titals millionar allereie mot slutten av 2020. Det vert teke ganske jamt utover ulike brands, og det er eit sterkt mål å skjerma menneske involvert. Me har gjort ganske mange investeringar i nye plattformer, som gjer at me har føresetnadane til å driva meir effektivt framover. Så handlar det om å satsa på fleire ting som E24-satsinga, seier konsernsjef Kristin Skogen Lund til Medier24.

– Kan det bli nedbemanningar?

– Det handlar om å gjera det på ein måte at ein skånar menneske. Det er ikkje der ein startar, og me håpar å unngå det, seier Skogen Lund.

I rapporten heiter det at ein skal «implementera initiativ for å snu den negative marginutviklinga og sikra langsiktig lønsemd for News Media». Vidare summerer dei opp grep som stram kontroll på kostnadane, effektivitetsforbetringar, og kostnadsreduksjonar.

Stadig har Schibsted sine abonnementsaviser, som er Aftenposten og dei to regionavisene, sterk vekst i abonnementsinntekter. I fjerde kvartal hadde konsernet ein vekst på 21 prosent i digitale brukarinntekter samla, og 29 prosent for abonnementsavisene.

Schibsted-avisene landa på 7,5 milliardar kroner i omsetnad i 2019, 760 millionar kroner i driftsresultat og ein driftsmargin på ti prosent.

Samla for heile konsernet enda konsernet med ein omsetnad på 12,7 milliardar kroner, eit resultat på 2 milliardar kroner. Det gir ein driftsmargin på 16 prosent.

Svingande annonsemarknad

Schibsted News Media hadde ein topplinjenedgang på 268 millionar kroner i 2019, som skuldast nedgang i annonsar. Skogen Lund er ikkje uroa for at veksten i abonnementsinntekter skal flata ut med det første.

– Når annonseinntektene går sviktar og brukarinntektene flatar ut, korleis skal ein hamla opp?

– No gjorde dei ikkje det i fjerde kvartal, til og med målt mot eit sterkt kvartal i 2018.

– Men er det venta at den veksten skal halda fram i same tempo?

– Reklamemarknaden er meir svingande uføreseieleg. Dei går opp og ned, og det er ikkje ei stabil inntektskjeldene, seier Skogen Lund:

– Men spørsmålet er framleis: Når ein kjem til eit tidspunkt der brukarinntektene har den same veksten den har hatt dei siste åra, og annonsekronene går til dei globale gigantane, korleis skal ein hamla opp med det?

– Eg veit ikkje om me skal seia at brukarinntektene ikkje kjem til å halda fram. Det er primært ikkje volum som driv det lenger, men verdiauke. Det er opp til oss å klara å skapa andre inntektsbein, både å styrka brukarbetalinga og finna andre måte å kapitalisera den sterke trafikken og posisjonen på.

– Få meir pengar frå kvar enkelt brukar?

– Det høyrast negativt ut då, men det handlar om å skapa meir verdi for brukaren. Når me blir meir fokusert på data, handlar det om å kombinera produkt og bli meir brukarorientert. Me har så mange tilbod me kan tilby på tvers, som me ikkje klarar å «bundle» saman, seier ho.

Styrking av E24

Schibsted lanserte i haust ei offensiv satsing på økonominettstaden E24 og næringslivsjournalistikk på tvers av dei norske avisene. Det er varsla ei oppbemanning med om lag 30 nye journalistar, og eit større samarbeid mellom avisene.

Skogen Lund er heller ikkje her uroa for at økonomisatsinga kan bli innhenta av sviktande annonseinntekter.

– De satsar tungt på E24 og økonomi. Kor raskt vil det vera lønsamt?

– Kva meiner du? E24 har me allereie, så det handlar om å styrka satsinga og gjera det betre, også med posisjonane me har regionalt. Det blir ein pågåande prosess.

– Men planen er å tilsetja om lag 30 nye journalistar. Vil det vera økonomisk lønsamt umiddelbart?

– Kjem an på kva du meiner umiddelbart. Dette skal skje gradvis, og alle blir ikkje tilsett på éin dag. Eg kjøper ikkje premissen på spørsmålet ditt.

Powered by Labrador CMS