Førre torsdag kunne Aftenposten avsløre at justisminister Jøran Kallmyr sin au pair måtte forlate landet 10. mai, og at Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner ho har jobba ulovleg for familien hans sidan august.
Då Aftenposten bad UDI om grunngjeving, fekk dei tilbakemelding om at utvisingssaka ikkje er konkludert. Blant dei mest sentrale detaljane i saka handlar om tolking av regelverket, og Aftenposten har hatt fleire spørsmål knyt til utlendingslova.
– Vart lova intervju
Torsdag 30. mai, dagen etter Aftenposten si første sak, skreiv UDI-direktør Frode Forfang ein sms til Aftenposten at han kjem tilbake til dei med kven som gir intervju, men at han kunne gjere greie for ei forklaring.
– Me oppfattar at me vart lova eit intervju, utan at me fekk det, seier nyheitsredaktør i Aftenposten, Tone Tveøy Strøm-Gundersen, til Medier24.
– Eg har forståing for at UDI ikkje kan kommentere saka spesifikt, men det var mange spørsmål knyt til lovverket me ynskja svar på, legg ho til.
Ho meiner UDI hindra Aftenposten i å gjere jobben som dei ynskja.
– Det viktigaste med journalistikken er å opplyse saka, og det opplever me ikkje at UDI gjorde i tilstrekkeleg grad. Det skapar problem for sjølve innhaldet at UDI ikkje bidreg med informasjon og viktige opplysningar, seier ho.
Usemje om lovnad
Kommunikasjonsdirektør i UDI, Ingeborg Grimsmo, seier til Medier24 at dei ikkje opplevde dei gav Aftenposten ein lovnad om intervju.
– Det er heilt umogleg å kommentere regelverket utan å gå inn på saka. Det lét seg ikkje gjera. Då ville me berre sagt «ingen kommentar» heile vegen. Difor var det betre å gjere greie for i eit blogginnlegg, seier ho til Medier24.
– Men Aftenposten vart lova intervju seinast torsdag?
– Eg veit ikkje kva som sto i meldinga, men eg veit Forfang hadde fått ein førespurnad direkte til seg. Eg oppfatta ikkje det ikkje som at han lovde Aftenposten intervju, seier ho.
Medier24 har ikkje fått tilgang til sms-korrespondansen mellom Aftenposten og UDI-direktør Frode Forfang.
Grimsmo legg vekt på at saka stadig er i behandling, og at au pairen ikkje har gjeve UDI fritak frå teieplikta, og høve til å kommentere det.
– Ingen hadde fått innsyn, og då kunne me heller ikkje gi ut opplysningar knyt til saka.
– Me kunne ikkje gitt det eksklusivt til Aftenposten, berre fordi dei var først, så då måtte Forfang ha stilt opp i alle kanalar, og forsøkt å unngå å røre ved saka.
– Sat i skvis
UDI sin beskjed til media:
Her er informasjonen UDI fredag sende alle journalistane som hadde vore i kontakt med dei, saman med lenke til Forfang sin blogg:
«UDI har stor pågang fra journalister om au pair-saken til familien Kallmyr. Ettersom vi har mottatt klage på avslag om oppholdstillatelse og tilsvar til forhåndsvarsel om utvisning, kan vi ikke gå inn i den konkrete saken. Vi har heller ikke samtykke fra søker til å kunne omtale den. Det er også vanskelig å gi intervjuer om regelverket uten å berøre sakens kjerne. UDI direktør Frode Forfang har derfor skrevet en blogg med noen synspunkter rundt au pairordningen med vekt på noen generelle spørsmål som har kommet opp i forbindelse med saken. Ut over dette ligger det mye informasjon på nettsidene våre, og vi svarer selvsagt på faktaspørsmål, så lenge de ikke berører den konkrete saken.»
– Aftenposten meiner de hindrar dei i å utføre jobben ved å ikkje gi dei høve til å stille spørsmål dei har?
– Eg forstår det. Me har fått mange spørsmål som går på fakta, og når me svarar på e-post, så er det for å balansere og å sikre at fakta er i orden. I ein intervjusituasjon er det mykje vanskelegare å kontrollere det, så me tok ikkje sjansen.
– De unngjekk munnleg intervju med frykt for å seie noko de ikkje skulle ha sagt?
– Med frykt for å førehandsbehandle saka i media. Advokaten gjekk høgt ut på bana, og me kunne ikkje kommentere det. Me sat i ein skvis. Me skal handtere denne saka på ein grundig måte.
– Eg forstår at NRK til dømes tykkjer det er vanskeleg å lage god tv av ein blogg, men me er nøydd til å behandle saka først.
Då Forfang publiserte blogginnlegget sitt, sende UDI i tillegg ut ei grunngjeving om kvifor dei ikkje ville la seg intervjue om saka.
– Ekstra viktig
Tveøy Strøm-Gundersen meiner det er ekstra viktig at UDI svarar på spørsmål når saka gjeld justisministeren.
– Når medietrykket er så høgt, og det gjeld justisministeren, er det mange faktorar som gjer det viktig å opplyse, seier ho.
– Det var vesentleg informasjon me ikkje fekk høve å stille oppfølgingsspørsmål til, seier ho vidare.