Dei heldige som fekk jobb: Aftenpostens sommervikarar på taket i Akersgata 55.

Fire søkte sommarjobb hos Åndalsnes Avis. Nær 400 i VG. Og 550 ville til Aftenposten

Mens BA fekk berre 15: - Det kan ikkje vere noko tvil om at Bergen er langt å føretrekke, meiner likevel redaksjonssjef Kjell-Eirik Mikkelsen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Åndalsnes Avis lyste ut sommarjobbar i år, var det ein heller laber respons. Fire søknader tikka inn til lokalavisa i Noreg sin tindehovudstad.  

– Det er veldig lite, men samtidig var vi veldig seint ute, og har forståelse for at folk allereie hadde fått seg sommarjobb.

Det seier ansvarleg redaktør i avisa, Per-Kristian Bratteng.

– Viss eg hadde fått rundt ti søknader, så hadde det vore nærare det eg forventa. Kun fire var litt lite, men når det er sagt; dei vi fekk er vi nøgde med. 

– Ein av dei to tilsette sommarvikarane er ein lokal gut på 19 år. Det er kjempespanande og veldig gledeleg at ein lokal gut ønsker å jobbe i lokalavisa. Då tek vi han imot med opne armar, seier Bratteng.

Redaktør Per-Kristian Bratteng i Åndalsnes Avis.

Gjennom fleire år har avisa hatt lokale personar som kunne steppe inn i sommarvikariat, men i år var ikkje desse tilgjengelege. Av dei fire søkarane i årets bunke var tre lokale.

– Det å få tak i nokon lokale som har journalistisk erfaring og utdanning er gull, og når dei sjølv vil inn i bransjen må vi ta i mot dei. Og så er det ei lukke at dei har med seg ein ballast som søkarar utanfor kommunen med liten kjennskap til våre område ikkje har. Det er flott å få inn ungdommar i redaksjonen som er frå distriktet og som veit kvar ting ligg. Då kan du seie at dei må reise ut på ei sak på rådhuset, og så veit dei kvar det er. Ein utanfrå vil ikkje ane kvar det er.

 

- Kjem tett på lesaren

Arbeidskvardagen for journalistane i Åndalsnes Avis er travel, med kontinuerlege oppdateringar til nettavisa i tillegg til tre papiraviser i veka.

Redaksjonen består av 4,5 årsverk fordelt på fem personar.

Bratteng meiner ein jobb i ei lokalavis byr på ei allsidigheit ein ikkje kan få i ein større redaksjon der ein arbeider med eit snevert fagfelt.

Er du sommervikar? Dette har du krav på:

Generelt gir tilsetting i sommarvikariat krav på same ytingar som det fast tilsette får. Mange mediebedrifter er bundne av tariffavtalen mellom NJ og MBL/NHO, og der er det heilt tydeleg fastslått i § 2 nr. 3 at «midlertidig og fast ansatte skal like behandles når det gjelder lønns- og arbeidsvilkår»

Det betyr til dømes at sommarvikarar skal ha same overtidssats som fast tilsette dersom dei jobbar meir enn den normale arbeidstida, i tillegg til same ulempetillegg (til dømes kveld/helg) dersom dei er satt opp på vakter på slike tidspunkt

Spesielt for redaksjonelt tilsette sommarvikarar er at det kan oppstå spørsmål om rettigheiter til bilder og anna stoff som produserast for arbeidsgivar. Også her gjeld dei same reglane som for fast tilsette.

Om du får lønn per time i staden for månadslønn, er det viktig at arbeidsavtalen tydeleg angir kva som er årslønna i den aktuelle stillinga. Då kan det etterprøvast at korrekt årstimetal blir benytta ved utrekninga av timelønn

Her vil det dei fleste stader gjelde 1950 timar i eit årsverk for dagtidsarbeid (tilsvarar 37,5 timar per veke). Viss ein går i ein turnus som gir krav på 35,5 timers veke, som ikkje er uvanleg for nyheitsjournalistar, så skal årstimetalet normalt justerast ned til 1846. Det gir ei høgare timelønn

Er du student og har sommarjobb ein stad som verken er heimstaden eller studiestaden din? Eller må du av annan grunn pendle til jobb i sommar? Då har du rett på frådrag i skatten. Før dette inn på punkt 3.2.7 i skattemeldinga 

Kjelde: NJ (v/ advokat Knut Skaslien)

– Hos ei lokalavis får du moglegheita til å jobbe med mange fagfelt i eit høgt tempo, på godt og vondt. Det trur eg er nyttig om ein har ambisjonar om å jobbe vidare i denne bransjen. Ein får jobbe med det aller meste, og det er mykje opp til deg sjølv kva du gjer. Å jobbe i lokalavis er eit godt springbrett vidare.

Bratteng trur folk som kun søker jobb i byen ikkje forstår viktigheita av lokalpressa.

– Du kjem veldig tett på lesaren, blir automatisk veldig sjølvstendig og får eit stort ansvar. Du får vere med på det aller meste som skjer i løpet av ein sommar, og får stoffet ditt publisert. Det er ikkje sikkert det er tilfelle, med all respekt, om du hamnar i Magasinet i Dagbladet.

 

Fekk fleire hundre færre søkarar

Bjørn Tore Grøtte.

– Hos oss er talet relativt stabilt, og det er heldigvis kjempepopulært å jobbe i NRK P3. Vi får tak i veldig flinke folk, det er eg svært glad for.

Det seier redaksjonssjef for radio og nett hos NRK P3 og mP3, Bjørn Tore Grøtte. Men i år var det eit stort fall i talet på søkarar til sommarjobbane hos ungdomskanalen.

– Vi fekk i overkant av 100 søknader, og har tilsett fem nye vikarar i sommar. I tillegg så har vi nokre som har vore i andre vikariat som skal vere her i sommar i andre funksjonar.

– Det har gått gjetord om at det i fjor var heile 400 søkarar til P3 sine sommarjobbar, stemmer det? 

–  Eg har ikkje heilt tal og oversikt over fjoråret. Men det er riktig som du seier at vi har hatt nokre utlysningar både med sommar og noko tilkalling/opne utlysningar som har hatt heilt hinsides mange søkarar. Men det blir sjølvsagt litt færre viss vi spissar og ønsker ei retning - til dømes produsent, reporter, DJ og så vidare. Dersom vi søker etter sommarvikar P3» så kjem det mange.  

Grøtte seier eit sommarvikariat i ein redaksjon er viktig for unge folk som vil vise seg fram.

– Det er ei god moglegheit. Eg trur likevel det viktigaste er at unge, svoltne folk er aktive utanom studiene og lærer seg handverket. Spesielt på radio er det vesentleg at folk har mykje erfaring frå studentradio eller lokalradio.

- At dei kan teknikken og er gode formidlarar. Det er få som lærer seg å bli ein god radio-DJ av seg sjølv på seks veker i ei ferievaktliste. Og så er det viktig at dei er svoltne etter at dei har vore på vaktlista. At dei trener, øver og står på.

 

375 søkarar til VG

For mange journalistspirar er sommarjobb i Akersgata og VG den store draumen. Også i år var det stor pågang hos den nest største avisa i landet.

375 personar søkte på VG sine sommarjobb-utlysningar, ifølgje administrasjonsleiar i redaksjonen, Andreas Arnseth. 

VG og VGTV har totalt 75 sommarvikarar.

– Dette er omtrent det same talet på søknader som vi fekk i fjor. VG-redaksjonen skal i år ha drøyt 60 sommarvikarar. I tillegg kjem sommarvikarane til VGTV. Sommaren er alltid ei god moglegheit for å kunne rekruttere nye dyktige redaksjonelle medarbeidarar, seier Arnseth.

 

 

I tillegg til dei 60 sommarvikarane i VG-redaksjonen, skal rundt 15 vikarar arbeide i VGTV, samt Discovery, Snapchat og VG Next. Det fortel administrativ nyheitssjef i VGTV, Veslemøy Eineteig Christiansen.

– I fjor fekk vi inn 119 søknader her på VGTV, men det som er nytt i år er Snapchat, Next og Discovery. Det kan hende at totalen er ørlite grann høgare i år på grunn av dei nye konsepta. 

– Dei vikarane som gjennom sommaren klarar å produsere sjølv på dei mest hendingsfattige dagane samtidig som dei kan levere på dei aller heftigaste dagane, det er dei som meir eller mindre får bli eller som vi ønsker å behalde. No er jo det ikkje slik at vi kan behalde alle, men sommarperioden er utan tvil ei gylden moglegheit til å vise kva ein er i stand til og meistrar, seier Christiansen.

Ho seier VGTV er ute etter folk som kan fange merksemda også til den yngre garde.

Aftenpostens sommarvikarar.

– Vi ser etter folk som ønsker å utfordre dei tradisjonelle forteljarteknikkane. Dei som tenker annleis og snur boksen opp ned. Dei som vil utgjere ein forskjell i eit hav av nyheiter og formidle dei slik at sjølv dei yngste av oss ønsker å vite meir, seier Christiansen.

 

 

...og over 500 til Aftenposten

I same bygg i Akersgata kan storebror Aftenposten skilte med topplassering kva angår talet på søkarar.

Heile 550 personar søkte sommarjobb hos den største avisa i landet, og 32 har fått vikariat. Det er omtrent dei same tala som i fjor, ifølgje Tone Tveøy Strøm-Gundersen, nyheitsredaktør i Aftenposten.

Tone Tveøy Strøm-Gundersen, nyheitsredaktør i Aftenposten.

–  Våre lesarar og abonnentar har stor tillit til oss og til den journalistikken vi leverer dagleg. Det, i kombinasjon med at vi fornyar oss heile tida med gode digitale forteljarteknikkar og presentasjon, tror eg gjer Aftenposten til ein attraktiv stad å jobbe.

– Eit sommarvikariat i Aftenposten er ei svært god moglegheit til å vise seg fram. Vi ser etter talent som kan drive fram og formidle godt, grundig, etterretteleg og kritisk journalistikk, i kjernen av våre hovudprioriteringar, seier Strøm-Gundersen.

Ho meiner ein som sommarvikar i Aftenposten gjer seg verdifulle erfaringar ein kan ta med seg vidare.

– Dei får god trening i å vere kjeldekritiske, til dømes når dei jobbar med breaking news. Aftenposten vektlegg å bringe riktige opplysningar ut til lesarane våre. Det er mykje viktigare enn å vere først med opplysningar. Samtidig er tempoet så høgt at det krevjer at journalistane kan vurdere og eventuelt verifisere opplysningar og kjelder relativt raskt. Dei får veiledning, men må også bidra med sjølvstendige vurderingar. 

Strøm-Gundersen seier sommarvikarane får god trening i etiske refleksjonar. Aftenposten vektlegg opplæring i etikk før vikarane byrjar, i tillegg til å oppfordre til jamlege diskusjonar. 

– Eg håpar dei får god trening i å vere maktkritiske og i å stille spørsmål. Vi vil ha journalistar som spør kvifor heile tida og som ikkje nøyer seg med halvgode svar og forklaringar.

- Journalistikken i Aftenposten skal gi lesarane ny innsikt og forståing, forklare samanhengar og vere analyserande. Det krevjar journalistar som ikkje berre stablar informasjon, men som klarar å sette saman all informasjonen raskt og nøyaktig slik at lesarane umiddelbart forstår.

 

Redaksjonssjef Kjell Eirik Mikkelsen (t.v.) i BA skjønner ikkje at nokon ikkje vil jobbe i Bergen. Her i godt humør saman med kollegaer då Medier24 var på besøk våren 2017.

– Bergen er langt å føretrekke

Rundt 15 personar søkte seg til byen mellom dei sju fjell og sommarjobb hos Bergensavisen. To av desse fekk jobb, fortel redaksjonssjef Kjell-Eirik Mikkelsen.

– Det store fleirtalet av sommarvikarane i år er folk som allereie jobbar for oss, og/eller har vore sommarvikarar tidlegare. 15 er mindre enn forrige gang, men vi annonserte mykje seinare. Vi trudde vi hadde fylt opp, men så var det eit par som trakk seg.

Avisa byr på ein allsidig jobb i det som potensielt kan bli nokre regntunge sommarmånader.

– Sommarvikarar i Bergensavisen får prøve seg på det meste, og dei fleste oppgåver.

Camilla Island fekk sommerjobb i Budstikka.

– Mange søker jo seg til Oslo og dei største redaksjonane, kvifor er det betre å dra til Bergen og Bergensavisen? 

– Kvifor velge Bergen før Oslo? Ærleg talt, dette spørsmålet må vere laga i Oslo. Det er då ikkje noko å spørre om. Det kan ikkje vere noko som helst tvil om at Bergen er langt å føretrekke, og at det reint fagleg er mykje meir å lære i Bergensavisen enn i ein kva som helst slags Oslo-redaksjon, seier Mikkelsen.

 

Positivt at vi får prøve oss

21 år gamle Camilla Island frå Oslo studerer journalistikk på andre året i Volda. Medan ein ofte høyrer om den såkalte «kampen» om sommarvikariata, opplevde både ho og studievenner av henne eit luksusproblem i år: Sommarjobbar vart omtrent kasta etter dei.

– Eg søkte vel tre sommarjobbar i år, og fekk tilbod om jobb på den første eg takka ja til. I ettertid fekk eg tilbod om intervju andre stader, men takka då nei ettersom eg allereie hadde jobb i boks.

Sommaren skal ho tilbringe som journalist hos lokalavisa Budstikka.

– Blant mine medstudentar i Volda har eg inntrykk av at dei aller fleste som søkte fleire stader i år, har fått sommarjobb. Det var også fleire andre som fekk tilbod om sommarvikariat fleire stader, og måtte takke nei til fleire tilbod.

Island trur årsaka til dei mange tilboda skuldast at bedriftene merkar ressursmangelen når sommaren kjem.

– Inntrykket mitt er at mitt kull som skal starte på sisteåret til hausten, har vore heldig og fått fleire tilbod på sommarvikariat i forhold til kva tidlegare kull har fått. Eg trur kanskje årsaka til at det er slik er at nedbemanningar av fast tilsette i mediehusa fører til at det trengst fleire sommarvikarar for å fylle redaksjonane om sommaren.

At dei no får sjansen gjer ho optimistisk. Iallfall litt. 

– Det er jo stor forskjell på eit sommarvikariat og eit fulltidsvikariat, men det er klart det er positivt at vi som framleis ikkje er ferdig med utdanning får prøve oss. Det er slik vi lærer mest!

 

Powered by Labrador CMS