Sjefredaktør og administrerande direktør i Dagens Næringsliv, Amund Djuve, sjefredaktør og administrerande direktør Trine Eilertsen i Aftenposten og sjefredaktør og administrerande direktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet.

Sjef­redaktørane opp­summerer første krise­veke: – Absurd

– Akkurat no forstår alle at dette ikkje blir eit godt år økonomisk, seier sjefredaktør og administrerande direktør Trine Eilertsen i Aftenposten.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det norske samfunnet legg bak seg ei veke langt frå det normale etter at landet trappa opp beredskapsnivået og stengde ned store deler av landet førre veke.

Mediehusa har sendt medarbeidarar heim. Aviser har blitt lagd frå kjøkenbenken. Leiarmøte føregår digitalt.

Korleis har arbeidsveka gått? Medier24 slo på tråden til sjefredaktørane i Dagbladet, Aftenposten og Dagens Næringsliv.

– Jobbar hardt og kreative

– Det har vore ein veldig spesiell periode på alle måtar. I løpet av ei veke har måten me jobbar på endra seg radikalt, seier sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet til Medier24.

– Mange – i både nett-, tv- og papirproduksjonen – jobbar heime, frå kjøken- og stovebord, så det store endringar, seier ho.

Beverfjord fortel at dei har 123 % fleire sidevisingar på mobil samanlikne med same periode (11. mars–17. mars) i fjor.

– Me har eit enormt trykk frå lesarane. Det er eit stort informasjonsbehov, så i likskap med veldig mange andre media har me vekst langt over det me har sett me har sett med tidlegare store nyheitssaker.

Sjefredaktør og administrerande direktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet.

Beverfjord trur at korona-krisa kan utløysa ei endring i folk sine medievanar.

– Me opplever auka interesse for pluss-saker, og overordna kan det vera me ser ei endring i brukarvanane over tid. Denne hendinga kan setja ytterlegare fart på digitale abonnement i Noreg og i verda, seier ho.

Medier24 har allereie skrive om ei rekkje mediehus som må permittera tilsette som følgje av massiv inntektssvikt. Dei økonomiske konsekvensane ved at Noreg er stengt ned vil også gi store utslag i medieøkonomien. Men kva som vil skje vidare, tør ikkje Beverfjord å spå.

– Eg trur alle medieorganisasjonar sit og jobbar med ulike scenario, men det er for tidleg å seia korleis det vil slå ut.

– Korleis jobbar leiargruppa i Dagbladet for å møta dei økonomiske utfordringane som kjem?

– Der jobbar me hardt og kreativt.

– Ufatteleg mykje har skjedd

Sjefredaktør og administrerande direktør Trine Eilertsen i Aftenposten fortel også om ei veldig spesiell veke hos «Tanta i Akersgata».

– Det er eigentleg heilt absurd kor mykje som har forandra seg på kort tid, seier Eilertsen til Medier24.

– For litt over ei veke sidan lurte me på om me klarte å lage avis med halvparten av dei tilsette på heimekontor, og no er så og sei alle, utanom digitaldesken, heime. Det har skjedd ufatteleg mykje. Eg har sett ei utruleg sporty innstilling hos folk, det er god stemning, men mange er slitne, seier ho.

Aftenposten-sjefen fortel om stor vekst i trafikktal og brukarinntekter, men at korona-krisa har gjort eit stort innhogg i annonseinntektene.

Sjefredaktør og administrerende direktør Trine Eilertsen i Aftenposten.

– Men me har ikkje oversikt over kor hardt det råkar oss enno.

– Korleis jobbar de for å sørgja for at dette ikkje påverkar Aftenposten sin økonomi for hardt?

– Akkurat no forstår alle at dette ikkje blir eit godt år økonomisk, men det går over ein dag, så no jobbar me for å vera i god stand gjennom krisa og den dagen det går over. Må ikkje overreagera og mista for mykje kraft.

– Er permitteringar aktuelt?

– Me har ikkje komen dit enno. Eit av mange tiltak mange har på lista si i mediekonserna, men i redaksjonane handlar det om å sørgja for at så mange som mogleg klarar å jobba som mogleg. Utfordringa no er kapasitet.

 

Aldri hatt så låge annonseinntekter

Amund Djuve, sjefredaktør og administrerande direktør i Dagens Næringsliv, meiner det aldri har vore større behov for journalistikk enn under koronakrisa. Likevel klarar han ikkje å gleda seg heilt, gitt situasjonen samfunnet står i.

– Men me har aldri vore i nærleiken når det kjem til trafikk og sal av abonnement, seier Djuve, og legg til:

– På den andre sida: Me har aldri hatt så låge annonseinntekter på denne tida av året før.

– Er de uroa for den økonomiske effekten?

– Det kjem an på kor lenge det varar.

Sjølv har leiargruppa i DN kutta løna si med ti prosent, fortel Djuve.

No ser dei på ytterlegare tiltak for å redusera kostnadane, men so langt har dei ikkje gått til steget å senda ut permitteringsvarsel.

Dagens Næringsliv gjekk gjennom eit dramatisk 2019. Avisa, som er eigd av NHST, måtte nedbemanna med nesten 30 årsverk, og gjorde ei omfattande restrukturering av organisasjonen.

– Korleis er det å gå gjennom eit slikt 2019, med kutt, omorganisering, og så kjem dette i tillegg så fort den nye organisasjonen er i ferd med å setja seg?

Sjefredaktør og administrerande direktør i Dagens Næringsliv, Amund Djuve.

– Eg trur ikkje me har det verre enn alle andre. Dei aller fleste media opplever no at det er ein forrykande etterspurnad for god journalistikk – og alle media med annonseinntekter opplever fall i annonseinntektene. Det gjeld både norske og utanlandske, seier Djuve, og legg til:

– Men eg er veldig glad for at me har gjort omstillinga, og eg er glad for at ne har oppbemanna nyheitsbordet og auka fleksibiliteten. Dei endringane me gjorde, medan me var i ein heilt annan situasjon, har likevel vore riktig, viktig og bra.

Også hos dei har det gått greitt med heimekontor, seier Djuve.

– Korleis trur du at DN hadde klart å laga avis med heimekontor dersom eg hadde spurt deg for ein månad sidan?

– Dette er ikkje noko me har tenkt på tidlegare. Det har aldri vore eit tema. Me er best når me jobbar saman, men me menneske er ganske tilpassingsdyktige så det fungerer veldig bra når me kommuniserer på chat og video. Men etter kvart er får ein eit snev av brakkesjuke, dersom dette varar veldig lenge. Om du er på veke 10 eller 12 på vekekontor kjem du nok til å sakna kollegaene dine.

Powered by Labrador CMS