Nyheitsredaktørane Tora Bakke Håndlykken i VG, Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten. Karianne Solbrække i TV 2, Sarah Sørheim i NTB og Frode Hansen i Dagbladet.

Topp­redaktørar slaktar Kilde­utvalget: Vil ikkje endra Ver Varsam-plakaten

– Å ta utgangspunkt i Sofie-saka er feil for heile arbeidet med rapporten, seier nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Ver Varsam-plakaten er bra nok som den er, meiner TV 2 sin nyheitsredaktør, Karianne Solbrække.

Ho er kritisk til Kildeutvalget sine seks føreslåtte endringar i Ver Varsam-plakaten.

Sofie Bakkemyr vann i august fram med si PFU-klage mot VG for handteringa av den sokalla Sofie-saka.
  • Sjå alle forslaga i faktaboks nedst i saka.

Utvalet vart sett ned av Norsk Presseforbund i kjølvatnet av at nettopp TV 2 avslørte korleis Sofie Bakkemyr vart behandla av VG i saka om Trond Giske som dansa med Bakkemyr på Bar Vulkan.

VG vart felt på fem punkt i Ver Varsam-plakaten for måten dei handterte saka.

– Ikkje representativ

Måndag debatterte ei rekkje norske redaktørar i landets største mediehus dei føreslåtte endringane i VVP. Det var her Solbrække delte sine synspunkt.

– Å ta utgangspunkt i Sofie-saka er feil for heile arbeidet med rapporten. Den er ikkje representativ for verken bransjen eller VG. PFU-fellingane viser at dagens VVP er nok, sa Solbrække under debatten, og la til:

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2.

– Men me ynskjer debatten i etterkant velkomen, men at den saka skal føra til endringar i plakaten meiner me er feil.

Overfor Medier24 utdjuper Solbrække at ho meiner det er feil at VVP utviklar seg til å bli ei samling av ei rekkje ulike døme på saker.

– Difor lurer eg på om Sofie-saka og VG si behandling av Sofie Bakkemyr var det riktige utgangspunktet for å setja ned eit slikt utval, seier ho.

– Skummel utvikling

Kildeutvalget vil mellom anna leggja inn ei presisering i punkt 3.1 om at personkarakteristikkar og udokumenterte påstandar ikkje bør vera anonymt.

Der fekk Solbrække sin kritikk støtte av nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet.

– Ein kan ikkje sjå på punkt 3.1 utan å sjå på punkt 3.2, som går på kjeldekritikk. Den fangar opp noko av det same, sa Hansen.

Nyheitsredaktør Agnar Kaarbø i Kommunal Rapport la til:

– Dette forslaget må ikkje inn. Det er for spesifikt. Det er ikkje ein god måte å løysa eventuelle problem på. Det er ei skummel utvikling.

Leiar Sven Egil Omdal av Kildeutvalget seier til Medier24 at han ikkje ynskjer å kommentera debatten medan høyringsrunden går føre seg. Fristen for å levera inn sine høyringssvar er først til hausten.

– Bar Vulkan-saka viste at VVP fungerte

Utvalet vil også leggja inn formuleringar i punkt 3.3 om at opptak av intervju skal informerast om på førehand, og at urutinerte kjelder i kontroversielle saker bør gjerast oppmerksame på at dei har moglegheit til sitatsjekk.

Det møter motbør av både Dagbladet, VG og Aftenposten.

– Kva er ei urutinert kjelde, og kva er ei kontroversiell sak? Her støyter me på ei tolkingsmoglegheit som ein ikkje kan gjera andre stader enn lokalt i redaksjonen. Det ville vore problematisk, sa Hansen i Dagbladet.

Sjefredaktør Gard Steiro og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG i PFU-møtet 28. august 2019.

– Bar Vulkan-saka viste at VVP fungerte. Me vart felt så det song. Det viste at utforminga av plakaten fanga dei presseetiske overtrampa som vart gjort i den saka, sa nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten meiner det i nokre høve ikkje passar seg å gi beskjed om at det vert gjort opptak. Då kan ein gå glipp av vesentleg informasjon frå intervjuobjekta, til dømes i kriminalsaker, sa ho.

– Dette bør ikkje regulerast av Ver Varsam-plakaten. Den bør i tillegg vera teknologinøytral, sa Strøm-Gundersen.

– Heilt feil

Blant dei mest radikale forslaga til Kildeutvalget er å gjera sitata ordrette, medan meiningsinnhald kan siterast «indirekte». Både nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB og nyheitssjef Stein Bjøntegård i NRK meiner det er media sin praksis, og ikkje VVP sine formuleringar, som er problemet.

– Me har ein slurvete bruk av sitatstrek, sa Sørheim.

– Eg forstår ikkje kva som må endrast i plakaten. Det som står der er heilt greitt, men det er praksisen som har utvikla seg heilt feil. Det burde vore slått ned på for lenge sidan, sa Bjøntegård.

– Upraktisk

Utvalet sitt forslag til endring av punkt 3.8, om å gjera sitatsjekk personleg, møter også kritikk.

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten.

– Formuleringa om ein personleg sitatsjekk er litt upraktisk. Eg forstår intensjonen, å koma forbi rådgjevarane, men i mange tilfelle vil det vera ganske upraktisk og gi moglegheiter til å trenera journalistikken, sa Strøm-Gundersen i Aftenposten.

Medlem Eva Sannum i Kildeutvalget presiserte:

– Det er retten som er personleg. Det vil seia at du kan avvisa å gi ein sitatsjekk til eit kommunikasjonsapparat som ikkje var til stades under intervjuet, sa ho.

Kildeutvalgets forslag til endringer i Vær Varsom-plakaten: 

■ Dagens punkt 3.1:

Kilden for informasjon skal som hovedregel identifiseres, med mindre det kommer i konflikt med kildevernet eller hensynet til tredjeperson.

■ Forslag til nytt punkt 3.1 (tillegg understreket):

Kilden for informasjon skal som hovedregel identifiseres, med mindre det kommer i konflikt med kildevernet eller hensynet til tredjeperson. Personkarakteristikker og udokumenterbare påstander bør ikke fremsettes anonymt.

 

■ Dagens punkt 3.3:

Det er god presseskikk å gjøre premissene klare i intervjusituasjoner og ellers overfor kilder og kontakter. Avtale om eventuell sitatsjekk bør inngås i forkant av intervjuet, og det bør gjøres klart hva avtalen omfatter og hvilke tidsfrister som gjelder. Redaksjonen selv avgjør hva som endelig publiseres.

■ Forslag til nytt punkt 3.3 (endringene understreket):

Det er god presseskikk å gjøre premissene klare i intervjusituasjoner og ellers overfor kilder og kontakter. Dette gjelder også opptak av samtaler. Hvis det inngås avtale om sitatsjekk, bør det gjøres klart hva avtalen omfatter og hvilke tidsfrister som gjelder. I kontroversielle saker bør urutinerte kilder gjøres oppmerksomme på muligheten for sitatsjekk. Redaksjonen selv avgjør hva som endelig publiseres.

 

■ Dagens punkt 3.6:

Av hensyn til kildene og pressens uavhengighet skal upublisert materiale som hovedregel ikke utleveres til utenforstående.  

■ Forslag til nytt punkt 3.6, (endringen understreket):

Av hensyn til kildene og pressens uavhengighet har ingen utenforstående rett til å få utlevert upublisert materiale.

 

■ Dagens punkt 3.7:

Pressen har plikt til å gjengi meningsinnholdet i det som brukes av intervjuobjektets uttalelser. Direkte sitater skal gjengis presist.

■ Forslag til nytt punkt 3.7 (tillegg understreket):

Pressen har plikt til å gjengi meningsinnholdet i det som brukes av intervjuobjektets uttalelser i indirekte sitater. Direkte sitater skal gjengis presist.

 

■ Dagens punkt 3.8:

Endring av avgitte uttalelser bør begrenses til korrigering av faktiske feil. Ingen uten redaksjonell myndighet kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale.

■ Forslag til nytt punkt 3.8 (endringene er understreket): 

Kildens rett til sitatsjekk er personlig, og begrenset til korrigering av faktiske feil. Ingen uten redaksjonell myndighet kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale. Som hovedregel tilbys ikke sitatsjekk når svar er avgitt skriftlig.

 

■ Dagens punkt 3.9:

Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særlig hensyn overfor personer som ikke kan ventes å være klar over virkningen av sine uttalelser. Misbruk ikke andres følelser, uvitenhet eller sviktende dømmekraft. Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre.

■ Forslag til nytt punkt 3.9 (endringene er understreket):

Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særlig hensyn overfor urutinerte kilder og personer som ikke kan ventes å være klar over virkningen av sine uttalelser. Vær aktpågivende ved bruk av sosiale medier som kildegrunnlag. Misbruk ikke andres følelser, uvitenhet eller sviktende dømmekraft. Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre.

Powered by Labrador CMS