Financial Times-journalist Richard Milne. Han er korrespondent for Baltikum og Norden for den engelske avisa.

Financial Times-journalist om norske sitatreglar: "Søppel"

Medan Presseforbundet granskar den norske sitatpraksisen, er utanlandske journalistar ikkje i tvil: Ordrett sitering er det einaste riktige.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Den største stormen er i ferd med å leggja seg etter at VG hamna i hardt vêr som følgje av dekninga av Trond Giske sitt famøse besøk på Bar Vulkan i februar.

Saka om dansevideoen med Giske og ei yngre kvinne, Sofie (27), har vore heftig diskutert etter at Sofie sto fram på TV 2 for to drygt to veker sidan og fortalde korleis ho opplevde sitt møte med VG, journalist Lars Joakim Skarvøy og at ho meinte seg feilsitert.

Det har skapt ein stor debatt om den norske sitatpraksisen, Norsk Presseforbund har utnemnt eit utval som skal granska norske medium sin omgang med kjelder, og fleire har teke til orde for å innføre den angloamerikanske sitatpraksisen – kor ein er nøydd til å sitere ordrett det intervjuobjektet sa.

"Det angloamerikanske journalistmiljøet er overraska over dei lokale journalistiske metodane. Me tek anten opp på lydopptak eller så stenograferer me", seier Richard Milne, Financial Times-korrespondent basert i Oslo, til Medier24.

"På pressekonferansar er det mogleg å finna 2-3 versjonar av det same sitatet. Det ser ikkje særleg klokt ut, då det berre er éin ting som er sagt", seier han vidare.

Han seier likevel at det ikkje er like viktig å vera 100 prosent ordrett dersom ein har intervjua ein tilfeldig person på gata om deira favorittiskrem.

"Men om du snakkar med nokon om potensiell seksuell trakassering, er bevisbehovet mykje høgare. Det er avgjerande for journalistar å sørgja for at det dei gjer er korrekt", seier han.

Han får støtte av kollega Pierre-Henry Deshayes, som er Oslo-korrespondent for det franske nyheitsbyrået Agence France-Presse (AFP), på naborommet på det internasjonale pressekontoret i Oslo sentrum. Allereie i 2015 vart han, og dåverande Reuters-journalist Alister Doyle, intervjua om temaet i Morgenbladet

Pierre-Henry Deshayes, Oslo-korrespondent for nyheitsbyrået Agence France-Presse (AFP).

"Me plar sitera ordrett. Det er det viktigaste. Me endrar så godt som ingenting i eit sitat. Det kan vera me reinskar bort små ubetydelege ting, men elles er me veldig opptekne av å sitera heilt riktig", seier han til Medier24.

Han ser fleire ulemper ved den norske sitatpraksisen, og meiner det må bli opp til lesaren å tolka betydninga av det kjelder er sitert på.

"Ein tileignar meiningar som den personen ikkje nødvendigvis har. Ein del av jobben vår er å rapportere, og å rapportera er å gi att det som er sagt, og ikkje å tolke. Ei tolking får bli opp til lesaren. Me er berre bodbringaren", seier han.

Franskmannen seier vidare at han sjølv har blitt «råka» av den norske sitatpraksisen, då Dagbladet nytta agurksesongen til å laga ei reportasje på dei internasjonale korrespondentane som hadde i oppgåva å vise Norge til resten av verda.

I artikkelen «De som forteller om oss» er både Deshayes og representantar frå høvesvis det polske telegrambyrået PAP og Middle East Broadcasting Centres 100 intervjua.

Vær Varsom-plakaten om sitering:

3.3. Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles overfor kjelder og kontaktar. Avtale om eventuell sitatsjekk bør ein inngå i forkant av intervjuet, og det bør gjerast klart kva avtalen omfattar og kva for tidsfristar som gjeld. Redaksjonen sjølv avgjer kva som vert endeleg publisert. .

3.7 Pressa har plikt til å gi att meiningsinnhaldet i det som vert brukt av utsegner frå intervjuobjektet. Direkte sitat skal givast att presist.

3.8 Endring av utsegner som er gitt, bør avgrensast til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell myndigheit kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale.

3.9 Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.

"Journalisten hadde ikkje opptaksmaskin, så eg tenkte at dette anten var bortkasta tid eller at ho hadde veldig god hugs. Eg kjente meg ikkje så trygg", seier han.

"Då ho var på veg ut etter om lag ein time med intervju, sa eg at det handla mykje om tilfeldigheiter at dei tre store nyheitsbyråa som var i Norge – Reuters, AP og AFP – hadde alle kome hit på grunn av ei norsk dame. Då sa ho spøkefullt «då burde kanskje UD sende fleire norske kvinner ut i den store verda, slik at me får meir mediedekning?»

Då skal Deshayes, ifølgje han sjølv, ha høfleg svart ja – for å anerkjenna journalisten sin vits. Det han likevel ikkje visste, var han skulle bli sitert på følgjande: "Hvis dere vil drive norgesreklame, bør dere sende ut vakre, unge, norske kvinner til internasjonale storbyer. Da kommer vi og skriver om dere".

"Det var eit skuleeksempel på at det går gale når ein ikkje siterer ordrett", seier Deshayes, 17 år etterpå.

Den britiske journalisten Alister Doyle hadde i mars sin siste arbeidsdag i nyheitsbyrået Reuters etter 36 år – dei siste 20 åra i Norge, seinast som miljøkorrespondent.

Han støttar sine kollegaer i AFP og New York Times som er sterkt kritiske til den norske måten å sitera på. Det han reagerer mest på er den etter kvart så godt innarbeidde sitatsjekk-praksisen.

"Det er ein kulturkollisjon mellom utanlandske medium sin praksis og den norske. Den norske er feil på mange måtar. Den krev at ein får godkjent sitat som er sagt. Folk kan endre meiningar undervegs", seier han.

Alister Doyle slutta førre månad i Reuters etter 36 år i jobben. Han har i ei årrekkje vore miljøkorrespondent for nyheitsbyrået i Oslo.

I 1994 vart kapittel tre i Ver Varsam-plakaten, Forholdet til kildene, utvida med sju punkt. Ut gjekk formuleringa "De bør klart fremgå at uttalelser som gis, kan bli offentliggjort", og inn kom "Endring av avgitte uttalelser bør begrenses til korrigering av faktiske feil. Ingen uten redaksjonell myndighet kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale".

Generalsekretær i Norsk Presseforbund mellom 1996 til 2013 har lang fartstid i norsk presse og Pressens Faglige Utvalg. Han presiserer at norske medium ikkje er pliktig til å gi sitatsjekk, men at det har blitt vanleg.

Han hugsar godt då endringane i plakaten kom.

"Det kom som eit resultat av ein rekkje døme på at maktmenneske vart intervjua, fekk sitatsjekk, og viste det til ein rådgjevar som ofte sa at ein ikkje kunne seia det dei hadde sagt. Då fekk ein det i retur med ein masse endringar", seier han.

Sjølv ber han aldri om sitatsjekk.

"Eg er konsekvent på at eg ikkje treng sitatsjekk. Det har eg angra på nokre gongar – det må eg innrømme. Eg har verkeleg blitt sinna altså", seier han.

Den pensjonerte presseveteranen er langt frå einig med dei utanlandske journalistane med sete i Oslo. Han meiner den norske praksisen, kor ein er plikta til å sitera meiningsinnhald, er ein god og fleksibel regel.

"Eg er ueinig med dei som vil innføra amerikansk praksis. Ein kan gjera det overfor maktmenneske som har folk rundt seg, og som ein forventar taklar presset og må finna seg i å bli sitert heilt korrekt. I USA ser ein likevel ofte ord som forstyrrar teksten. I Storbritannia er ein meir nøye på direkte sitering enn i Norge, men ikkje like mykje som i USA", seier han.

Tidlegare generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold.

Han er likevel samd i at praksisen kan ha veikskapar, og at den tillèt journalistane å vri sitat til å passe eit bestemt narrativ.

"Ein har nok mange døme på at journalistar vrir eit litt uklårt fråsegn i den retning dei ynskjer", seier han.

I New York Times vart det i 2012 lagt ned forbod mot å gi kjelder sitatsjekk. Milne i britiske Financial Times har gått så langt at han har kansellert intervju fordi vedkommande kravde sitatsjekk.

"Det er ein frykteleg praksis. Journalistar skal halda maktpersonar ansvarlege. Det kan du ikkje dersom du gir dei sjansen til å endra det dei har sagt. Poenget med journalistar er å fortelja akkurat kva folk har sagt, og føre det vidare til eit breiare publikum.

"Det som skjer når du gir sitatsjekk er at folk anten svekkjer eller styrkar det, dersom dei seier noko dei ikkje skulle ha sagt. Angloamerikanske journalistar tykkjer det er latterleg. Dei [kjeldene] seier det dei seier", seier Milne.

Financial Times-journalist Richard Milne. Han er korrespondent for Baltikum og Norden for den engelske avisa.

"Det er søppel", legg han til.

Som korrespondent i utlandet snakkar Milne ofte med personar som ikkje har engelsk som morsmål. Det kan skapa utfordringar både for kjeldene og han som skal sitera dei. Då kan han drista seg til å reinske språket, for å gjera det meir leseleg.

"Elles er det ingen moglegheit for å endra ord, og eg kan ikkje forstå at det vert tolerert uansett. Meiningsinnhaldet er dei orda som er brukt, og ikkje orda journalisten ynskjer dei hadde brukt", seier han.

Også Doyle har opplevd å finna fleire versjonar av same fråsegn i norske medium. Han tenkjer tilbake på då den tidlegare belgiske IOC-presidenten, Jacques Rogger, hald ein pressekonferanse i Norge.

"Han var belgisk, og skulle prata på engelsk. Då han byrja å prata kom tre journalistar opp og la opptakaren på disken. Det var dei utanlandske journalistane som gjorde det. Dei norske berre tok nokre sitat, og skreiv det dei meiner han sa. Den sitatstreken er misvisande. Når du les det, trur du at det er eit sitat, men det er eigentleg berre ei overskrift journalisten meiner dei har meint", seier han.

Alister Doyle slutta førre månad i Reuters etter 36 år i jobben. Han har i ei årrekkje vore miljøkorrespondent for nyheitsbyrået i Oslo.

"Giske-saka er annleis. Det handlar om ein ung person som må forsvara seg mot seg sjølv. Eg snakkar om offentlege folk, ministrar og talspersonar", legg han til.

  • For ordens skuld: Alle kjeldene i artikkelen er ordrett sitert. Denne saka er (forsøkt) skriven på den engelske måten, og Medier24 har ikkje endra skrivestil etter påtrykk frå utanlandske journalistar.
Powered by Labrador CMS