Til venstre: Julian Assange. Til høgre: Rune Ottosen frå då han haldt apell under støttemarkering for Julian Assange utenfor den britiske ambassaden i vår.

Assange-utstilling i Media City Bergen fjerna etter reaksjonar. Då kom Norsk PEN på bana og bad om svar

– Skulle tru Media City, av alle, er interessert i å halde ytringsfridomsfana høgt, seier Rune Ottosen i Norsk PEN.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Fredag skreiv Bergensavisen at Entra, som eig Media City Bergen-bygget, skal ta ned Julian Assange-veggkunsten frå den anonyme gatekunstnaren AFK. Utstillinga vart sett opp 26. juli, og skulle i utgangspunktet stå til 16. august.

Bakgrunnen er, ifølgje eit brev til leigetakarane som Medier24 har sett, at «nåværende utstilling har fått en del reaksjoner».

– Eg høyrde om dette i går, og snakka direkte med AFK. Eg vart veldig bekymra over at dei berre har fått beskjed om å fjerne det, seier Rune Ottosen, nestleiar i styret til Norsk PEN.

Ottosen engasjerte seg sånn at han tok direkte kontakt med Entra for å få klårleik i kva som har hendt.

 

Entra vil ikkje svare

I ein e-post til Entra skriv han:

«1. Hvorfor har AFK fått beskjed om å fjerne utstillingen?

2. Flere mediebedrifter er leietakere hos  Media City - har noen av disse bedt om tat utstillingen blir fjernet?

3. Har Entra vurdert hvorvidt  en henvendelse om å fjerne utstilingen kan være problematisk i et ytringsfrihetsperspektiv?»

Han har enno ikkje fått svar frå Entra. Medier24 har òg gjennom fredagen forsøkt å få ein kommentar frå Entra. Dagleg leiar Sturla Hjelmervik bad om å få spørsmål tilsendt på e-post, og etter fleire purringar kom det etter knappe fire timar eit svar frå kommunikasjonssjef Ida Kr. Schlotterbeck:

«Den aktuelle delen av lokalet der kunsten er presentert i MCB, disponeres av Compass Group. Det er de som har inngått avtalen med kunstneren. Det er derfor mest naturlig at dere kontakter Compass Group for kommentarer til denne saken.»

Compass Group har so langt ikkje svart Medier24 sin førespurnad.

I den MCB-interne e-posten skriv dei:

«Kunst fyller en funksjon også når det skaper debatt og uenighet, og det er kunstnerens synspunkt og mening som kommer til uttrykk i kunsten, ikke Compass Group eller Entra’s.

Vi har uansett landet på at det er riktig å ta utstillingen ned denne gangen.»

 

 

– Kor mykje toler ein

Ottosen, som i tillegg er professor emeritus ved OsloMet, meiner det heile ser ut som sensurering av kunstnaren.

– Det minner om sensur når dei tek ned kunsten før avtaletida, med grunngjeving om at nokon har reagert. Ein skulle tru at Media City Bergen, av alle, kor det er mange medieverksemder, er interessert i å halda ytringsfridomsfana høgt.

Ottosen presiserer at det bør vere lov å vere usamd med Usamd, men at det er urovekkjande at kunsten vert teken ned som følgje av at folk vert provosert.

– Kor mykje toler ein då? spør Ottosen.

Han, og Norsk PEN, har sjølv engasjert seg i Assange-saka. Saman med Norsk Redaktørforening, Norsk Presseforbund og Norsk Journalistlag, leverte dei ein felles uttale til den britiske ambassande om at han ikkje skal bli utlevert.

Også kunstnaren AFK reagerer negativt. Til BA seier han:

– Det har berre kome positive tilbakemeldingar, så eg tykkjer det er rart at det er nokon som er tilknytt media som har reagert så sterkt at dei får den fjerna.

Powered by Labrador CMS