Advokat Steingrim Wolland i Advokatfirmaet Rogstad og VG-artikkelen «Mannen som bygget et advokatkontor fra fengsel».

Advokat­firma meldte VG-avsløring til PFU allereie før publisering. No varslar dei ny klage

– Sjikane, og ikkje journalistikk, seier advokat Steingrim Wolland i Advokatfirmaet Rogstad til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Laurdag publiserte VG spesialen «Mannen som bygget et advokatkontor fra fengsel» om Advokatfirmaet Rogstad og bedrageridømte Afzzal Ghauri, som styrer selskapet.

Advokatfirmaet Rogstad klaga inn VG til Pressens Faglige Utvalg før saka vart publisert, skreiv avisa sjølv i artikkelen.

No opplyser advokat Steingrim Wolland at dei kjem til å sende inn ei ny klage, med bakgrunn i den faktiske publiseringa.

VG: – Skal svare grundig

I den første klaga, som Medier24 har fått tilsendt av Wolland, meiner klagar at avisa har brote punkt 1.5, 3.9 og 4.3 i Ver Varsam-plakaten.

VG skriv at Afzzal Ghauri har bygd opp firmaet samstundes som han sona ei fengselsstraff for lånebedrageri. Ghauri har aldri stått oppført som dagleg leiar, eigar eller styreleiar i selskapet. Likevel kan VG dokumentera hans sentrale rolle i selskapet med interne epostar, dokumentasjon og samtalar med noverande og tidlegare tilsette i Advokatfirmaet Rogstad.

Ver Varsam-plakaten:

1.5 Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

3.9 Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.

4.3 Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, etnisitet, nasjonalitet og livssyn. Ver varsam ved bruk av omgrep som kan verke stigmatiserande. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette er saka uvedkomande.

«Det finnes ikke ett eneste åndsfriskt menneske som hevder at eierforholdene er annerledes enn det som fremgår av aksjonærregisteret», skriv Wolland i klaga.

Klaga er sendt på vegner Sidra Bhatti, Afzzal Ghauri og advokatfirmaet Rogstad, og gjeld VG sin «samlede opptreden i en 3-4 måneders periode», heiter det.

Medier24 har måndag føremiddag forsøkt å få ein kommentar av VG. I ein sms skriv nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken følgjande:

«Hvis saken blir tatt opp til behandling i PFU, skal vi svare grundig på de påstander som framsettes om VGs journalistikk.»

Måndag ettermiddag skriv VG at Tilsynsrådet aksjonerer mot selskapet etter VG-avsløringa.

– Ikkje mykje av substans

Når Medier24 tek kontakt ber Wolland om å få spørsmål tilsendt på mail. I sitt svar skriv han at VG skriv «mot bedre vitende», og at vital informasjon er halde tilbake. Det meiner Wolland er ureieleg og uetisk.

«På ett eller annet tidspunkt blir fremgangsmåten sjikane, og ikke journalistikk. Det må kreves en viss proporsjonalitet mellom den samfunnsinteressen en sak har, og den skaden man anretter», skriv Wolland i ein e-post til Medier24.

VG-artikkelen «Mannen som bygget et advokatkontor fra fengsel».

«Vi klaget til PFU for å synliggjøre allerede på forhånd, den agenda VG hadde, og dette underbygges av artiklene. Det er arbeidet og arbeidsplassene til nesten 40 seriøse mennesker som forsøkes tilsvinet», står det videre.

Vidare skriv han at dei meiner saka er motivert av uakseptable fordommar mot pakistanarar og kvinner.

«Det er ikke mye av substans i den saken, som er relevant for advokatfirmaet Rogstad eller advokatvirksomheten her, når man leser nøye», skriv han vidare.

Må slå saman til éi klage

Rådgjevar Mathias Vedeler i PFU stadfestar overfor Medier24 at dei fekk inn klaga 4. februar, altså fire dagar før artikkelen vart publisert.

– Me har sagt til klagar at det må slåast saman til éi klage. Det har klagar godteke, så det vil komma ein ny klage, seier Vedeler til Medier24.

Rådgjevar Mathias Vedeler i Pressens Faglige Utvalg.

– Det skjer av og til folk sender inn klage til PFU før saka er publisert. Dersom det gjeld noko som snart kjem på trykk, må ein då venta på behandlinga slik at publisering blir ein del av saka, seier han vidare.

– Vil de slå saman ei eventuell ny klage med den første, eller må dei levera inn ein ny, samla, klage?

– Dei må levera inn ny klagetekst, fordi dei allereie er på grensa over kor langt ein kan skriva, seier Vedeler.

I klaga står det mellom anna:

«Det ble helt tydelig at VGs journalister er fullstendig fastlåst i sine vrangforestillinger. De ser «stråmenn» alle veier. De påstår at Bhatti er stråmann for Ghauri, og at Ghauri er stråmann for Irfan Abbas. Overfor advokat Nasir Iqbal skal de ha påstått at undertegnede er stråmann for Ghauri. Det er såpass forrykt at man må spørre seg hva som er galt med holdningene?»

«VG har ikke kontaktet personer som kan avkrefte VGs vrangforestillinger», skriv dei vidare.

«Du skjemmer ut deg selv og VG»

I artikkelen refererer avisa ein e-post kor Wolland kjem med sterk kritikk mot VG-teamet.

«Spørsmålene dine inneholder så mye feil, slurv og forvrengninger at det er håpløst å korrigere alt. Du burde ikke skrive om ting du skjønner så lite av», skriv han mellom anna.

Vidare er Wolland sitert på:

Advokat Steingrim Wolland i Advokatfirmaet Rogstad.

«Som nevnt tidligere; min tålmodighet med deg er slutt og jeg gidder ikke hjelpe deg med å forstå de aller enkleste ting eller oppklare dine mange feil. Gjør jobben din og sjekk! Og ikke minst; vær kritisk til deg selv og din agenda! Du resonnerer ikke godt, og måten du opptrer overfor mulige kilder på, er egnet til å frembringe feil faktum – hvilket vel er ditt mål.»

Då VG ber om eit intervju med Ghauri si kone, hovudeigar i selskapet, advokat Sidra Bhatti, er det Wolland som svarar.

«Ingen her vil ha noe som helst med deg å gjøre. Du skjemmer ut deg selv og VG, dessverre», skriv han til VG.

Powered by Labrador CMS