Steingrim Wolland, styreleiar i Advokatfirmaet Rogstad, sjefredaktør og administrerande direktør Gard Steiro i VG og journalist Markus Tobiassen i VG.

VG og journalist Markus Tobiassen møter advokat­firma i retten

Det er sett av to dagar i september for saka kor Advokatfirmaet Rogstad har saksøkt VG og Markus Tobiassen for fototjuveri.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medier24 skreiv førre veke at Advokatfirmaet Rogstad og Irfan Abbas har saksøkt VG og journalist Markus Tobiassen for fototjuveri. VG avviste kravet på 690.000 kroner, og partane har ikkje kome til ei minneleg løysing.

No er saka fastsett i Oslo tingrett til 7. og 8. september i år.

Dei siste månadane har VG publisert ei rekkje kritiske reportasjar om Advokatfirmaet Rogstad og deira medarbeidarar. So langt har det resultert i to klager til Pressens Faglige Utvalg og eit erstatningskrav på 690.000 kroner.

Vedlegget til stemninga Advokatfirmaet Rogstad sende i slutten av april. Biletet viser ein Facebook-post av VG-journalist Markus Tobiassen. Medier24 har sladda namnet på vedkommande som har kommentert artikkelen.

Kravet er sendt av advokat Andreas Galtung på vegner av Advokatfirmaet Rogstad og Irfan Abbas. Advokatfirmaet meiner å ha eineretten til bileta av sine tilsette som er henta frå deira heimeside, medan Abbas har teke eit bilete av Afzzal Ghauri, som mellom anna vart trykt på framsida av VG 9. februar.

Tobiassen er saksøkt fordi han har medverka ved å dela ein artikkel, med bilete, på si Facebook-side og fordi han er den som har skaffa VG dei aktuelle fotografia.

Advokatfirmaet og Abbas vil at VG og Tobiassen betalar for bruk, erstatning for skade og summen dei har tent på bileta. Dei bad dermed i stemninga om at VG gjer greie for opplag- og salstal for den aktuelle utgåva, talet på klikk i nettartikkelen og ei rekkje andre opplysingar om VG sine inntekter knytt til artiklane.

– Kravet er usedvanleg svakt fundert, og VG avviser det naturlegvis fullstendig, sa sjefredaktør og administrerande direktør Gard Steiro i VG til Medier24 førre veke.

VG-framsida 9. februar.

Advokat Halvard Helle, som representerer VG og Tobiassen, ynskjer ikkje å kommentera saka.

I tilsvaret Helle har sendt på vegner av VG og Tobiassen, skriv han:

«Det er ikke grunnlag for å kreve erstatning eller vederlag. VGs bruk av bildene ligger med god margin innenfor sitatretten etter åndsverkloven § 29, jf. § 23 fjerde ledd, og det er da ikke hjemmel for å kreve samtykke eller å betale for bruken. Under enhver omstendighet er VGs innhenting og bruk av bildene vernet av åndsverkloven § 36 om gjengivelse av verk ved medias omtale av dagshending.»

Styreleiar Steingrim Wolland i Advokatfirmaet Rogstad er ikkje samd:

– Det er fullstendig misforstått at dette har med sitatretten å gjera, sa han til Medier24 førre veke.

Han fortalde at dei tek VG og Tobiassen til retten fordi dei «stel og lyg».

– Og så kan me iallfall hindra dei i å stela i første omgang. Me misliker at dei nyttar desse bileta på ein illojal måte, sa han.

Powered by Labrador CMS