Steingrim Wolland, styreleiar i Advokatfirmaet Rogstad, sjefredaktør og administrerande direktør Gard Steiro i VG og journalist Markus Tobiassen i VG.

Advokat­firma sak­søker VG og journalist Markus Tobiassen for 690.000 kroner

Advokatfirmaet Rogstad skuldar avisa og journalist Markus Tobiassen for fototjuveri. VG avviser kravet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Dei siste månadane har VG publisert ei rekkje kritiske reportasjar om Advokatfirmaet Rogstad og deira medarbeidarar. So langt har det resultert i to klager til Pressens Faglige Utvalg. 

– Vil hindra dei i å stela

VG-framsida 9. februar.

No får Medier24 opplyst at selskapet i tillegg saksøker VG og journalist Markus Tobiassen, med bakgrunn i det dei kallar «fototyveri».

Advokatfirmaet krev totalt 690.000 kroner frå VG og Tobiassen. Det kjem fram i ei stemning sendt til Oslo tingrett 29. april.

– Dette gjer me fordi dei stel og lyg. Og så kan me iallfall hindra dei i å stela i første omgang. Me misliker at dei nyttar desse bileta på ein illojal måte, seier styreleiar Steingrim Wolland i Advokatfirmaet Rogstad til Medier24.

VG avviser både kravet og påstandar om løgn. Les heile tilsvaret nede i artikkelen.

Vedlegget til stemninga Advokatfirmaet Rogstad sende i slutten av april. Biletet viser ein Facebook-post av VG-journalist Markus Tobiassen. Medier24 har sladda namnet på vedkommande som har kommentert artikkelen.

Saka held fram under biletet.

Vil ha betalt for bruk, skade og vinning

Sjefredaktør Gard Steiro i VG. Her under den store kjeldedebatten på Norsk Redaktørforening sitt haustmøte i Tromsø 2019.

Kravet er sendt av advokat Andreas Galtung på vegner av Advokatfirmaet Rogstad og Irfan Abbas. Advokatfirmaet meiner å ha eineretten til bileta av sine tilsette som ere henta frå deira heimeside, medan Abbas har teke biletet av Afzzal Ghauri med Lamborghinien, som mellom anna vart trykt på framsida av VG 9. februar.

Tobiassen er saksøkt fordi han har medverka ved å dela artikkelen på si Facebook-side og fordi han er den som har skaffa VG dei aktuelle fotografia.

No vil advokatfirmaet at VG og Tobiassen betalar for bruk, erstatning for skade og summen dei har tent på bileta. Dei ber dermed om at VG gjer greie for opplag- og salstal for den aktuelle utgåva, talet på klikk i nettartikkelen og ei rekkje andre opplysingar om VG sine inntekter knytt til artiklane.

VG avviser kravet

– Kravet er usedvanleg svakt fundert, og VG avviser det naturlegvis fullstendig, seier sjefredaktør og administrerande direktør Gard Steiro i VG til Medier24.

– Eg vil understreka at verken søksmål eller PFU-klager vil stoppa VG i å retta eit kritisk søkjelys mot Advokatfirmaet Rogstad, legg han til.

– Er de vant til å bli saksøkt for å bruka private bilete i kritiske reportasjar?

– Nei.

Advokat Halvard Helle.

Utover det ynskjer ikkje Steiro å kommentera saka. Journalist Tobiassen ynskjer ikkje å kommentera søksmålet overfor Medier24. VG og Tobiassen sin advokat, Halvard Helle i Advokatfirmaet Schjødt, ynskjer heller ikkje å kommentera saka.

«Det er ikke grunnlag for å kreve erstatning eller vederlag. VGs bruk av bildene ligger med god margin innenfor sitatretten etter åndsverkloven § 29, jf. § 23 fjerde ledd, og det er da ikke hjemmel for å kreve samtykke eller å betale for bruken. Under enhver omstendighet er VGs innhenting og bruk av bildene vernet av åndsverkloven § 36 om gjengivelse av verk ved medias omtale av dagshending», skriv Helle i sitt tilsvar som Medier24 har fått tilgang til.

Slik kom dei fram til summen

Wolland er ikkje samd med VG og Helle sine juridiske vurderingar.

– Det er fullstendig misforstått at dette har med sitatretten å gjera, seier han.

– Korleis har de kome fram til summen på 690.000 kroner?

Steingrim Wolland, styreleiar i Advokatfirmaet Rogstad.

– Det er skjønnsmessig fastsett. Det er formulert slik at den summen er øvre grense, så det kan bli lågare. No har ein fastsett ein sum ut frå vinninga, med påslag for ikkje-økonomisk skade. Då må ein ha innsyn i lesar- og annonsetal for VG. Ein må sjå kor mykje dei har generert av inntekter på artiklane.

Det er lagt ned påstand om at Tobiassen skal betala 40.000 kroner for Facebook-innlegget, medan VG og Tobiassen samla skal betala høvesvis 500.000 og 150.000 til Advokatfirmaet Rogstad og Irfan Abbas for avisartiklane.

Advokatfirmaet skal gi eit svar på VG sitt tilsvar i løpet av dei komande dagane, opplyser Wolland.

Wolland er tidlegare juridisk rådgjevar i Norsk Redaktørforening frå 1987 til 1991, og har saman med Rolv Øvrum skrive boka «Budbringerens dilemma – om ytringsfrihet, presseetikk og redaktøransvar».

Powered by Labrador CMS