VG-journalist Bjørn A. Johannessen var einaste skrivande journalist som tok imot Lars Lagerbäck i pressesalen etter kampen mellom Kypros og Norge måndag kveld. Til venstre for Lagerbäck sit mediesjef for Norges Fotballforbund (NFF), Svein Graff.

Då landslagssjefen haldt pressekonferanse etter Kypros-sigeren, dukka det opp éin journalist

Strengt UEFA-reglement skapte problem for norske journalistar måndag kveld.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Aldri opplevd makan, seier VG-journalist Bjørn Arne Johannessen, som var einaste skrivande journalist på pressekonferansen. Adrian Richvoldsen i Nettavisen prioriterte mixed zone (intervjusone med spelarar) i det han kallar «det evige dilemmaet» åleine på jobb.

Det var etter at Norge hadde slått Kypros 2-0 på GSP Stadium i Nikosia at den noko annleis pressekonferansen fann stad.

– Eg vart veldig overraska. Både eg og (Lars) Lagerbäck møtte kvarandre med eit smil, og det heile var litt komisk, seier VG-journalist Bjørn Arne Johannessen til Medier24, og legg til:

– Han har jo trena Sverige, Nigeria og Island i fleire EM og VM, så han vart nok òg litt overraska av oppmøtet.

NFFs medieansvarleg Svein Graff på pressekonferansen etter Nations League-kampen i fotball mellom Kypros og Norge på GSP Stadion i Nikosia måndag kveld.

– Aldri opplevd færre

Situasjonen var denne: Pressekonferansen, som UEFA og det kypriotiske fotballforbundet hadde fastsett tidspunkt for, vart avvikla samstundes som spelarane gjekk gjennom mixed zone.

I tillegg direkteoverførte NTB/Scanpix pressekonferansen, og dermed var det knapt nokon som prioriterte seansen med landslagssjefen. Det var ei ny oppleving for medieansvarleg i Norges Fotballforbund (NFF), Svein Graff.

– Eg har vore medieansvarleg for landslaget i åtte år, og følgde laget som journalist i ti år før det, men eg har aldri opplevd færre på ein pressekonferanse. Timing er alt, seier han til Medier24.

Dette seier UEFA-regelverket:

Sportsjournalist i Nettavisen, Adrian Richvoldsen.
  • Den offisielle UEFA-pressekonferansen etter kamp er koordinert av UEFA, og må starte seinast 20 minuttar etter kampslutt. Begge lag er pålagt å gjere hovudtrenar tilgjengeleg på desse pressekonferansane.

Adrian Richvoldsen i Nettavisen var blant journalistane som var nøydd til å velje vekk pressekonferansen med Lagerbäck.

 – Det er det evige dilemmaet når ein berre er éin mann på jobb. For oss blir det ei vurdering på kva me får ut av intervjua. Går ein på pressekonferansen kan ein risikere å kome så seint til intervjusona at spelarane har forsvunne, seier han til Medier24.

– Kunne UEFA løyst dette betre?

– Det har eg ikkje eg så store føresetnadar for å uttale meg om. Eg forstår jo dei vil koma seg kjapt til hotellet, seier Richvoldsen.

– Ingen mikrofon og handsopprekking

Landslagstrenar Lars Lagerbäck handhelsar på VG-journalist Bjørn Arne Johannessen.

Det har heller ikkje den røynde VG-journalisten, som etter 26 år i VG har dekkja ei lang rekkje store meisterskap i inn- og utland.

– Som regel er det som å stå i sild i tønne. Eg har aldri opplevd makan i heile min karriere.

– Fekk du deg ein god prat med han då, eller?

– Ja, eg fekk stilt alle spørsmål på laupande band utan mikrofonar og handsopprekking. Eg kom meg kjapt tilbake til tastaturet etter fem-seks spørsmål, han svarte godt som vanleg, og eg fekk meg til og med ein oppfølgjar, seier han.

Travelt i mixed zone

Den røynde VG-journalisten Bjørn Arne Johannessen i samtale med hoppstjerna Simon Ammann under Hoppuka i fjor.

Rett nok var òg Espen Solbakken, som var ansvarleg for TV 2 si sending, der – men ikkje som ordinær journalist.

Johannessen forstår at dei andre journalistane måtte prioritere spelarintervju i mixed zone.

– Norge var gruppevinnar i Nations League, Ola Kamera var tomålsscorar, og Markus Henriksen var blitt pappa. Det var nok å ta tak i, seier han.

Og nettopp det var det Richvoldsen måtte prioritere.

– Men aller helst skulle eg fått med meg begge deler, seier han.

Powered by Labrador CMS