Måndag flytta NRK Nordland inn i splitter nye kontorlokale midt i Bodø sentrum, og går dermed frå tre etasjar og 3.000 kvadratmeter til 1.000 kvadratmeter.
– Det er fantastisk at NRK investerer så mykje i kontora. I tillegg får me nokre moglegheiter me ikkje har hatt tidlegare. Dette er eit fleksibelt og moderne ope kontorlandskap, seier distriktsredaktør Eivind Undrum Jacobsen i NRK Nordland til Medier24.
Leiga, ikkje eiga
Kontoret som ligg i fjerde etasje av det nye landebygget Bodø 360, midt i sentrum, har no fått eit fleksibelt tv-studio med tv-bord på hjul, studio for å laga «tv-radio» og andre moderne fasilitetar.
– Her kan me lage sosiale medium-produksjonar, forklaringsvideoar og visuell radio, som ikkje var mogleg i det gamle lokalet, seier Undrum Jacobsen vidare.
I løpet av dei siste åra har NRK verkssett ein stor flytteprosess ute i distrikta, og Bodø-kontoret er no éin av mange som går frå gamle, store, lokale til eit nytt og moderne eit.
– Me hadde eit veldig umoderne ope kontorlandskap og altfor store lokale til vårt behov. I tillegg har NRK eit ynskje om å leiga, og ikkje eiga., seier nyheitssjef Adrian Dahl Johansen i NRK Nordland til Medier24.
– Her får me eit studiobord på hjul. Det er det ingen andre nyheitsstudio i NRK som har, etter det me veit. Det betyr at me kan rydda heile sona og ha debattar, konsertar og bruke studiet på ein heilt annan måte enn dersom det sto fast, seier han vidare.
– NRK sit på mange umoderne lokale
Han får støtte av Dag Olav Mosevoll, som har permisjon frå jobben som redaksjonssjef i NRK Hordaland for å vera prosjektleiar for flytting av distriktskontora.
– NRK sit på mange store og umoderne lokale rundt omkring, som ikkje er tilpassa dagens arbeidsflyt, seier Mosevoll til Medier24.
– Når ein no flyttar skal ikkje berre bytta lokale, men utvikle organisasjonen òg, seier han vidare.
Lokala er meir intime, studioa ligg tettare opp mot redaksjonen og desken, og teknologien er oppdatert. Dahl Johansen tykkjer spesielt det flyttbare tv-studioet er nyttig.
– Her har me ei publiseringssone for visuelt innhald. Her går tv-sendinga, ein kan gjera opptak til SoMe-videoar og me skal få ein backdrop-skjerm her, seier Dahl Johansen.
– Veldig etterlengta
I tillegg kan dei lage «visuell radio» i det nye studioet, som betyr at radiosendingane blir teken opp og kan sendast som video, på same måte som til dømes Dagsnytt 18 og Politisk kvarter på Marienlyst.
– I radiostudioet har me talestyrte kamera, som betyr at kameraet vil automatisk filma den som står og pratar i ein mikrofon, seier Dahl Johansen.
– Det er litt som dei har gjort på Marienlyst, men me er blant dei første kontora i distriktsdivisjonen. Her er same studiobord som hos Dagsnytt 18.
Reporter Monica White Martinsen ser fram til å ta det nye lokalet i bruk.
– Dei er kjempefine. Eg skal vere programleiar i det nye studioet etter kvart, og det ser kjempelekkert ut. Det er veldig etterlengta. Det er god lyd der inne, med god atmosfære, akustikk og planløysingar, seier ho.