Sjefredaktør og administrerande direktør Gard Steiro i VG, sjefredaktør Kirsti Husby i Adresseavisen og redaktør Helge Nitteberg i Nordlys.

Kva aviser er mest lønsame? VG, Adressa eller Nordlys? Sjekk stor oversikt

Korleis hamlar dei største papiravisene opp med lokalavisene? Her er dei 100 mest lønsame avisene i landet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Fristen for å levere rapportere inn årsrekneskapen for 2018 har for lengst gått ut, og dei aller fleste avisene i landet har no deira økonomiske resultat fritt tilgjengeleg i Brønnøysundregistra.

Medier24 har gått gjennom årsresultata til over 200 papiraviser for å sjå kven som er størst, minst, og kven som er mest lønsame.

Denne oversikta er rangert etter avisene med best marginar.

Lokalavisene dominerer toppen – og Schibsted si mest lønsame avis, VG, kjem på 17.-plass. Deira inntening er rekna før renter, skatt, av- og nedskrivningar.

  • Sjå oversikt nedst i saka.

Fosna-Folket på topp

Det er nemleg Polaris-avisa Fosna-Folket som var fjorårets mest lønsame avis. Dei sat, før skatt, igjen med kvar fjerde omsette krone.

– Såpass, ja. Det visste eg ikkje.

Redaktør Alexander Killingberg i Fosna-Folket. Han byrjar som økonomijournalist i Adresseavisen i oktober.

Slik reagerer ein audmjuk sjefredaktør Alexander Killingberg når han får vita at han er redaktør for den mest lønsame papiravisa i 2018.

Den vesle lokalavisa Fosna-Folket i Trøndelag kunne i 2018 slå i bordet med ein resultatmargin på 24,7 prosent. Med det slår dei Amedia sine profittgigantar på Austlandet: Romerikes Blad, Fredriksstad Blad og Tønsbergs Blad.

Fosna-Folket omsette i fjor for 25,9 millionar kroner, og fekk eit resultat før skatt på 6,4 millionar kroner.

– Det er hyggjelege tal det, seier Killingberg vidare.

 

– Heile tida i forkant

Dagleg leiar Henning Johansen er svært glad for dei gode økonomiske resultata. Han forklarar lønsemda slik overfor Medier24:

Henning Johansen, direktør for lokale mediehus i Adresseavisen.

– Staben er nøktern og veit kva dei held på med. Fosna-Folket har hatt sterk vekst i abonnementsantala og dette ser ut til å halda fram. Det er gjort eit imponerande arbeid i redaksjonen med å auka attraktiviteten av det digitale redaksjonelle innhaldet.

– 2018 vart òg eit bra år for annonser samanlikna med tidligere år.Dette kombinert med kostnadsreduksjonar dei seinare år har gitt ein veldig god margin.

Avisa har, som resten av Polaris Media, vore gjennom nedskjeringar dei siste åra som del av spareprogrammet PM2020.

– Me har ikkje kutta i den redaksjonelle staben som ein del av nedbemanninga. Ei heller i samband med frekvenskutt i 2017, seier han, og legg til:

– Me har jobba ganske tøft med dei programma for å vera i stand til å stå mot utfordringane.

  • Medier24 har berre gjennomgått aviser frå Kulturdepartementet sin opplagsstatistikk. Den er basert på tal frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Landslaget for lokalaviser (LLA) og tal samla inn av forskar Sigurd Høst.

Powered by Labrador CMS