Professor Helle Sjøvaag ved Universitetet i Stavanger og medieforskar Jens Barland ved Høyskolen Kristiania.Universitetet i Stavanger/Gard L. Michalsen
Spår «knalltøff» konkurranse for Amedia si nysatsing i Trondheim: – Vanskeleg
Men medieforskarane er positive til at Amedia bryt avismonopolet i Trondheim når dei går i konkurranse med Adresseavisen og lanserer nettavisa «Nidaros».
Slik reagerer medieforskar Jens Barland når han høyrer nyheita om at lokalavisgiganten lanserer Trondheim-avisa Nidaros, som i første omgang skal ha ein redaksjonell stab på 13 personar.
Det er bra av fleire grunnar, meiner Barland, som er instituttleiar ved Institutt for kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania.
– For det første får ein mediemangfald, for det andre ser me nok ei storsatsing etter mange år med kutt. Å satsa med 13 årsverk er verkeleg stort, seier han.
Trondheim er inntil no den største byen i landet med avismonopol. No er det sunt at Polaris-eigde Adresseavisen med 252 års historie får konkurranse, meiner Barland. Han får støtte av medieforskar Helle Sjøvaag ved Universitetet i Stavanger.
– Det er bra for journalistikken med konkurranse i marknaden. Analysar eg har gjort viser at det blir meir politisk dekning med meir enn éi avis. Særleg i byar som Oslo og Bergen har det vore meir dekning av politiske prosessar og byråd med fleire aviser.
– Det vert interessant å sjå korleis konkurransen utviklar seg. For alle medium er det skjerpande med konkurranse, og eg forventar at dette vil ha positiv effekt også på Adressa sin journalistikk.
– Korleis trur du det blir å konkurrera med Adresseavisen om annonsekroner og abonnentar?
– Det er vanskeleg å koma inn i ein etablert annonsemarknad med éin leiande aktør. Likevel har Amedia kraftige musklar i digital annonsering med sitt samkøyringssystem, seier ho, og legg til:
– Betalingsviljen i Norge er høg i forhold til andre land, og mange som betalar har fleire abonnement – så det er moglegheiter. Og også her ar Amedia lang røynsle med konvertering, har ein stor datakapasitet og forstår kundebasen sin.
Berre digitalt
Barland trur Amedia må førebu seg på «knalltøff» konkurranse.
– Adressa er veldig profesjonelle, seier han.
Han meiner likevel at nettsatsinga til Nidaros har eit klart fortrinn.
– Når du publiserer utelukkande digitalt så sparar du deg for alle fabrikkutgiftene med trykk og distribusjon.
– Korleis vurderer du moglegheitene ved å lukkast?
– Det veit eg ikkje, seier Barland.
– Adressa slappar ikkje av
Sjøvaag meiner det er bra at det er eit nytt konsern som går inn i Trondheim.
– Å ha to medieeigarar i same marknad er bra for mangfaldsstrukturen. Det har ikkje så mykje å seie for innhaldet, for journalistikken er veldig profesjonell i Norge – med veldig lokalt orienterte aviser, men på eit grunnleggjande mangfaldsnivå er det bra med eigarskapskonkurranse, seier ho.
Barland peiker spesielt på at dei tre store norske aviskonserna – Amedia, Schibsted og Polaris – har fått brukarbetaling til å «rulla».
– Eg går dermed ut frå at Amedia veit kva dei gjer. Likevel kjem Adresseavisen overhovudet ikkje til å slappa av, legg han til.