Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen.Ole Gunnar Onsøien
Nettavisen-redaktør Gunnar Stavrum med varsku om stor E24-satsing: – Blåkopi av NA24
Schibsted gjer som tapsprosjektet NA24 og samarbeider om økonomistoff på tvers av riks- og regionaviser. – Utfordrande modell, seier NA24-gründer Gunnar Stavrum.
Det kan minna om NA24-satsinga tilbake i 2006, kor Aller Media, TV 2, Fædrelandsvennen, Adresseavisen, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad gjekk saman om ei nettavis for økonominytt frå heile landet.
Selskapet gjekk med store økonomiske tap, og tre år etter lansering trakk regionavisene, TV 2 og Aller seg ut av samarbeidet.
– Eg tykkjer Schibsted-satsinga er nært ein blåkopi av det me gjorde den gongen. Idéen er å laga riksavis med ei trafikkmaskin i ryggen og bidrag regionalt, seier Gunnar Stavrum til Medier24.
Stavrum var blant dei som starta NA24-prosjektet, og var nettavisa sin første redaktør. Han var også redaktør i Nettavisen, som då var heileigd av TV 2.
– Det er ikkje umogleg, men det er utfordrande å få det til å fungera redaksjonelt, held han fram.
– Prega av lokal tilnærming
Nettavisen-redaktøren meiner det er langt frå enkelt å laga god riksavis med lokalt næringslivsstoff. Likevel meiner han at dei fekk det til redaksjonelt, men at forretningsmodellen, ein haltande annonsemarknad og for lite tolmod gjorde at det til slutt gjekk ad undas.
Tidlegare nettredaktør i Adresseavisen og styremedlem i NA24, Rolf Dyrnes Svendsen, støttar varskuet til Stavrum.
– Det er eit sprang mellom den lokale journalistikken og det nasjonale perspektivet, så journalistisk er det nok ei utfordring å få eit slik samarbeid til å fungera. Når ein sit lokalt, vert ein veldig prega av ei lokal tilnærming til problemstillingar og perspektiv, seier Dyrnes Svendsen til Medier24.
Sjefredaktør i E24, Gard L. Michalsen, erkjenner at det kan bli krevjande å få den nye modellen til å gli.
– Det er ikkje ei enkel oppgåve. Me veit NA24 har prøvd, og E24 har forsøkt ei rekkje prosjekt det aldri har blitt noko av. Men me trur likevel det er riktig å prøva, og me trur me skal få det til, seier Michalsen til Medier24.
– Eg er så ung at eg ikkje hugsar så mykje av NA24. Eg har lese om det, og det var eit prosjekt som tapte pengar og ikkje lukkast, så eg håpar ikkje me er ein blåkopi. Den store skilnaden er at E24 har ein nummer-éin-posisjon frå før. Og så må me bli endå smartare enn dei var i korleis me jobbar og byggjer kultur, legg han til.
Lokale saker bak mur
Michalsen legg vekt på at det er stor semje om prosjektet blant dei ulike samarbeidspartnarane, og er tydeleg på at dette ikkje er teikna ut på eit kontor i Oslo og faksa til Bergen med beskjeden om at «slik blir det».
– Men det er ikkje gitt at ei regionavis og ei nasjonal næringslivsavis har det same oppdraget. Me skal òg laga ulike produkt, med E24-saker publisert i E24-drakt, men som får stor plass på framsida til Stavanger Aftenblad.
– Blir det endå meir betalingsstoff, i og med at Aftenposten og regionavisene har betalingsmur på nett?
– Det kjem til å bli fleire både opna og lukka saker, utan at me veit nøyaktig korleis ting kjem til å bli. Det blir viktig at store nyheiter som set dagsorden nasjonalt skal vera opne, medan lokale saker kanskje går bak mur.
Aftenbladet: – Heilt annleis i dag
Blant utfordringane Stavrum peiker på er det same som Dyrnes Svendsen: Å laga ein publikasjon som heng saman, og som er interessant for folk i både Oslo og i regionane.
– Det kan bli slik at dei som sit i ein lokalredaksjon, i ei lokal medieverkelegheit, er oppteken av det som ikkje er interessant i andre deler av landet, seier Stavrum.
– Når du har ei trafikkmaskin som VG i ryggen kan det bli enkelt å gløyma at du må laga saker som står på eigne hjul, legg han til.
Stavrum meiner i tillegg at dei er nøydd til å ha klare planar om korleis regionavisene skal handtera E24 som landingsside og knutepunkt for alle økonomisaker.
– Det er eit problem at ein kan forvirra lesarane om kvar ein er, og kvar ein kjem til, dersom ein vert sendt vidare, seier han.
Det trur derimot sjefredaktør Lars Helle i Stavanger Aftenblad ikkje er eit problem.
– Tvert om trur eg det vil styrka merkevara vår ved at me kan tilby dei endå meir kvalitetsinnhald, seier han.
Han meiner dei kan ta lærdom av NA24-satsinga, men legg til at Schibsted sin storleik og talet på tilsette vil gjera at dei står langt betre rusta enn «forgjengaren».
– Me tek med oss erfaringa frå NA24, men forståinga for eit fellesskap er heilt annleis i dag. Eg trur ikkje me i dag vil sjå opponentar til ei slik fellessatsing, held han fram.
– Trist utan Nord-Norge
Medan E24 har varsla at dei skal styrka redaksjonen med 30 nye årsverk, er det stadig ingen journalistar som er tiltenkt plass i Midt-Norge eller nordover. Det reagerer Dyrnes Svendsen på.
– Ei utfordring er at E24 sit med eit så austlands- og vestlandsdominert perspektiv. Det er trist. Norge heng saman på ein heilt annan måte, men det reknar eg med nordlendingen Gard har tenkt på.
Men har han det?
– Me er veldig medvitne på at Vestlandet ikkje representerer heile Noreg. Då er det naturleg å sjå mot heile Noreg. Meir konkret enn det kan eg ikkje vera no, seier Michalsen.
– De har planar om å dekkja heile landet?
– Uavhengig av kvar me sit, har me ambisjonar om å dekkja heile landet. Om det blir med samarbeid eller tilvære får me sjå.
– Skal regionavisene no laga lokale saker retta mot eit nasjonalt publikum? Eller skal dei halda fram med lokale saker?
– Ja, takk, begge deler. Ein vil få fleire ressursar, utan at me har landa på noko endeleg. Dette er eit par dagar gammalt. Men det er til dømes naturleg å sjå føre seg at Stavanger får eit spesielt oppdrag på oljesektoren, og Bergen på sjømat. Og så vil det vera stoff som berre er viktig og interessant lokalt og regionalt. Men slik har E24 alltid vore, med journalistikk for dei som både kjem frå VG og dei som sit på Aker Brygge og følgjer med minutt for minutt.
– E24 vil ha saker som ikkje har eit nasjonalt publikum, men dei vil ikkje nødvendigvis vera så synlege på E24 si framside, held han fram.