Ada Cathrine Høst Mytting, ved Advokatfirmaet Mageli ANS, er advokaten til mor til Holøyen-brørne på Tolga.
Ada Cathrine Høst Mytting, ved Advokatfirmaet Mageli ANS, er advokaten til mor til Holøyen-brørne på Tolga.

Advokat slaktar Amedia-prosjektet «Dokument Tolga»: – Grovt overtramp mot alle involverte

Advokaten til mora til Holøyen-brørne vurderer å klage avisene til PFU etter artikkelserie om Tolga-saka førre veke.

Publisert

Førre veke kom Nettavisen, Arbeidets Rett, Østlendingen og Romerikes Blad med ei lang rekkje artiklar om den mykje omtalte Tolga-saka VG avslørte i fjor haust.

«Tolga-saken snudd på hodet etter dramatisk politiaksjon», var tittelen på første sak.

«En helt annen Tolga-historie» heitt ein kommentar signert redaktør Erik Stephansen i Nettavisen, kor han skreiv at det i hovudhistoria om Tolga-brørne var utelatt så mykje at den «rett og slett ikkee er riktig».

Avisene rettar mykje søkjelyset på at mor til Lars Peder, Magnus og Arvid Holøyen er sikta for vald i nære relasjonar og at kommunen ikkje sette brørne under verjemål med økonomiske motiv. Dei legg òg vekt på at siktinga av mora, som vart kjent i februar, aldri vart omtalt av VG. Sjølv forklarar VG det med presseetiske omsyn.

– Ikkje snudd på hovudet

Ada Cathrine Høst Mytting ved Advokatfirmaet Mageli ANS er advokaten til mor til Holøyen-brørne på Tolga. Ho reagerer kraftig på Amedia-avisene si framstilling av saka.

– Artiklane frå Nettavisen og Amedia-avisene er frykteleg unyanserte og blandar to saker, seier ho til Medier24.

Frank Haugsbø, Mona Grivi Normann og Maria Mikkelsen (ikkje på biletet) i VG fekk Den store journalistprisen for Tolga-saka.
Frank Haugsbø, Mona Grivi Normann og Maria Mikkelsen (ikkje på biletet) i VG fekk Den store journalistprisen for Tolga-saka.

– Saka er ikkje snudd på hovudet. VG har sett søkjelys på alvorlege regelbrot mot tre personar. Det er noko heilt anna enn det Amedia-avisene forsøker å få fram her, seier Høst Mytting vidare.

Advokat Nicolai Skjerdal ved Fend Advokatkontor representerer Lars Peder og Magnus Holøyen – men ikkje lenger Arvid, då bistandsadvokat Helge Hartz tok over i både Tolga-saka og i straffesaka mot mora.

Skjerdal er òg kritisk til vinklingane til Amedia-avisene.

– Eg undrar meg over både vinkling og overskrift (om at saka er snudd på hovudet, journ. anm.). Dette er forhold, under etterforsking, som gjeld den eine av Holøyen-brørne og mora. Det rørar ikkje ved forholda knyt til kommunen og Fylkesmannen, seier Skjerdal til Medier24.

Han held fram:

– Eg er ikkje sikker på om kritikken av VG treff. Dei har gjort ein grundig gravejobb, og det ligg til grunn redaksjonelle vurderingar som for meg står fram som forsvarlege.

Redaktør Erik Stephansen i Nettavisen seier det ikkje er naturleg å ta kontakt med advokat Skjerdal i samband med saka. I ein e-post skriv han:

«Disse to brødrene er ikke umyndiggjorte på noen måte, og det var selvsagt mye mer naturlig å snakke med Magnus og Lars Peder direkte. Vår sak handler ikke om en eventuell erstatningssak overhodet.» (Les heile tilsvaret nedst i artikkelen)

Tolga kommune har tidlegare klaga VG til Pressens Faglige Utvalg (PFU) for Tolga-sakene. VG avviser brot på god presseskikk.

Jurist Rune Fjeld, leiar av den regjeringsoppnemnde gruppa som granska Tolga-saka, ynskjer ikkje å kommentere saka overfor Medier24.

Bistandsadvokat Helge Hartz for Arvid Holøyen ynskjer ikkje å kommentere Amedia-avisene og VG si framstilling av saka. Det ynskjer heller ikkje bistandsadvokat Hanne Elise Skara for søster til Tolga-brørne.

Kontakta ikkje advokaten til brørne

Nicolai V. Skjerdal som er advokaten til Lars Peder og Magnus Holøyen.
Nicolai V. Skjerdal som er advokaten til Lars Peder og Magnus Holøyen.

Fredag siterte Nettavisen, Arbeidets Rett og Østlendingen leiaren for kontrollutvalet i Tolga, Marit Gilleberg, på at «VG har misbrukt dei tre brørne».

Advokaten til brørne, Skjerdal, vart derimot aldri kontakta om saka, til trass for at dei har arbeidd med saka i over ein månad. Sjølv har brørne ikkje ynskja å bidra til sakene.

– Å kontakte meg reknar eg som openbert naturleg, ettersom eg representerer dei, og dei hevdar at alt er snudd på hovudet. Eg meiner det er underleg at eg ikkje får koma til orde, dersom dei er opptekne av saksopplysing og at alle relevante aktørar skal komma til orde. Utan å kontakte meg vert sakene mangelfulle, seier Skjerdal.

Kan bli PFU-klage

Torsdag melde Arbeidets Rett, Østlendingen og Nettavisen detaljert om kontakten mellom Arvid og hans tidlegare verje og at det har vore konflikt mellom verje og mor til Arvid.

Ada Cathrine Høst Mytting, ved Advokatfirmaet Mageli ANS, er advokaten til mor til Holøyen-brørne på Tolga.
Ada Cathrine Høst Mytting, ved Advokatfirmaet Mageli ANS, er advokaten til mor til Holøyen-brørne på Tolga.

Det er noko av det som får advokat Høst Mytting til å sjå raudt.

– Opplysningane om sms-ane kjem frå ulike anonyme kjelder. Eg har ikkje fått høve til å kommentere desse direkte, men har tidlegare sagt til Amedia-avisene at eg ikkje kommenterer innhald i politidokumenta. Det er sjølvsagt med omsyn til den pågåande etterforskinga, seier ho, og legg til:

– Eg kommenterer ikkje det fordi det er ei pågåande etterforsking av ei sikting. Pressa skal ikkje blande seg i den jobben. Det er trist og uprofesjonelt.

– Vurderer de PFU-klage?

– Ja. Men på noverande tidspunkt konsentrerer me oss om straffesaka.

– Dei skriv om teiepliktbelagte opplysningar som om det var ålment kjent. Det vil bli ein del av ei eventuell PFU-klage.

Stephansen: «En av de vanskelige vurderingene»

Medier24 har førelagt kritikken for redaktør Erik Stephansen på e-post. Han svarar slik på spørsmåla:

Redaktør Erik Stephansen i Nettavisen.
Redaktør Erik Stephansen i Nettavisen.

– Kvifor har de ikkje kontakta advokaten til Magnus og Lars Peder?

«Her er det viktig å holde tunga beint i munnen: Magnus og Lars Peder er pr definisjon ikke psykisk utviklingshemmet, og de har heller ikke verge eller bistandsadvokat. Advokat Nicolai Skjerdal er familiens advokat i et eventuelt søksmål mot kommunen og staten, og er således denne delen av saken uvedkommende. Men han er selvsagt velkommen til å kontakte oss hvis han mener at noe ikke er kommet fram.»

– Når leiar for kontrollutval hevdar at VG har misbrukt Holøyen-brørne, er det ikkje naturleg å kontakte representant for brørne om påstanden?

«Nei. Disse to brødrene er ikke umyndiggjorte på noen måte, og det var selvsagt mye mer naturlig å snakke med Magnus og Lars Peder direkte. Vår sak handler ikke om en eventuell erstatningssak overhodet.»

Tolga-teamet til Amedia: Frå venstre Jan Morten Frengstad (redaktør Østlendingen), Katinka Sletten (journalist Nettavisen), Tonje Hovensjø Løkken og Eirik Røe (journalistar Arbeidets Rett), Magne Storedal (sjefredaktør Romerikes Blad), Kristina Fritsvold Nilsen (regiondirektør Amedia Romerike/Innlandet) Guri Jortveit (redaktør Arbeidets Rett), Rune Hagen (journalist Østlendingen), Erik Stephansen og Farid Ighoubah (redaktør og journalist Nettavisen).
Tolga-teamet til Amedia: Frå venstre Jan Morten Frengstad (redaktør Østlendingen), Katinka Sletten (journalist Nettavisen), Tonje Hovensjø Løkken og Eirik Røe (journalistar Arbeidets Rett), Magne Storedal (sjefredaktør Romerikes Blad), Kristina Fritsvold Nilsen (regiondirektør Amedia Romerike/Innlandet) Guri Jortveit (redaktør Arbeidets Rett), Rune Hagen (journalist Østlendingen), Erik Stephansen og Farid Ighoubah (redaktør og journalist Nettavisen).

– De skriv at Magnus og Lars Peder ikkje ynskjer å kommentere saka. Snakte de med dei direkte, eller via andre?

«Vår journalist snakket med dem direkte. De ble blant annet forelagt Gillebergs kritikk og synspunkter som kommer fram i denne artikkelen, samt spørsmål om hva de syntes om VGs dekning og vårt prosjekt. Begge var helt tydelige på at de ikke ønsket å bli sitert på noe.»

– Kva etiske vurderingar gjorde de knyt til identifisering i ei sak kor det berre er teke ut sikting?

«Dette var en av de vanskelige vurderingene. Vi ser helt klart at dette er en stor belastning for både mor og de tre brødrene, samt en søster. Imidlertid ble mor og de tre brødrene identifisert så grundig i vinter, at vi kom til at det ville være underlig å ikke skrive navnene på de tre brødrene nå. Du må også husket at dette var en av de mest omtalte sakene i VG i hele fjor. Familien oppsøkte selv offentlighetens lys, og lot seg eksponere for å fremme sin sak. Dette er ikke noe en enkelt kan gå "inn og ut" av etter eget ønske. Også med tanke på at en mulig erstatningssak ennå ikke er avgjort, var det naturlig å bruke navn.»

– Kva tenkjer de om å bli meldt til PFU?

«Det skal vi forholde oss til hvis det skjer.»

– Kva tenkjer de om påstandande frå advokaten til mora om «frykteleg unyansert, kjempetrist, uprofesjonelt»?

«Jeg har stor forståelse for at mor opplever det slik, og det står henne selvsagt helt fritt til å mene det. Jeg vil likevel påpeke at advokaten til mor har kommet fyldig til orde gjennom hele reportasjeserien, fra første sak.»

– Er det mange saker igjen i artikkelserien dykkar?

«Nei, nå gjenstår bare eventuelle oppfølgingssaker og kommentarer.»

Powered by Labrador CMS