Marie Simonsen om Telia-reklamen: – Alle er så krenkja heile tida

Dagbladet-kommentator Marie Simonsen reagerer på NRK sitt intervju med Telia-topp Abraham Foss tysdag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Det er nesten ulideleg at #dagsrevyen blindt aksepterer premissen for kritikken av Telia-reklamen og griller sjefen om det», skreiv Marie Simonsen på Twitter tysdag.

Ho reagerer på Dagsrevyen (13:28) sitt intervju med Telia-sjef Abraham Foss om den mykje omtalte reklamekampanjen som viser ei kvinne som tek av seg hijaben, og ei som tek den på seg.

Sidan reklamen vart rulla ut har debatten gått om verkemidla brukt i reklamen som er produsert av Los & Co. Kritikarane meiner Telia framstiller kvinna som tek av seg hijaben som blid, og ho som tek på seg hijaben som trist.

Bakgrunnen for Dagsrevyen-innslaget er at Thomas Haile ved Islams Lære & Metode kallar reklamekampanjen «avskyeleg». Han meiner Telia byggjer opp under fordommar ved å framstille hijaben som tvang.

– Ver kritisk til kritikarane

– Dagsrevyen har gjort eit revolverintervju med Telia-sjefen fordi nokon har tolka reklamen på ein bestemt måte, seier Simonsen til Medier24.

Kommentator Marie Simonsen i Dagbladet snakkar med nasjonal talsperson Une Bastholm i Miljøpartiet de grøne.

Ho legg til:

– Eg tykkjer at sjølv om nokon klagar, eller føler seg krenkja, er ikkje media nøydd til å ta det vidare. Ein bør stille kritiske spørsmål til dei som føler seg så krenkja heile tida også.

 

– Ganske hårsår

– Dei aller fleste tykte dette var uproblematisk. Eg tykte den var søt, eg. Det var ein hyggeleg reklame med eit oppløftande bodskap. No har Telia fått mykje god reklame frå alle hald, seier Simonsen.

Dagsrevyen-programleiar Atle Bjurstrøm intervjuar Telia-sjef Abraham Foss om den mykje diskuterte Telia-reklamen.

Ho fekk massiv respons på twittermeldinga 27 har retweeta, medan 201 har trykt liker.

– Eg trur beviset på at Dagsrevyen har gjort ei feilvurdering her er at tweeten vart støtta va både dei les Resett og Antirasistisk Senter. Det var brei semje, seier ho.

– Alle er så krenkja heile tida. Ein må vere ganske hårsår for å reagere på denne raklemen. Difor reagerte eg på at Dagsrevyen i fullt alvor revolverintervjua på premissane til dei som var krenkja. Det verka litt ubalansert, seier ho vidare.

 

– Ikkje ein diskusjon om hijab

Kyrre Nakkim i NRK.

Programredaktør i NRK Nyheter, Kyrre Nakkim, er ikkje einig i Simonsen om at dette var eit revolverintervju.

– Eg trur Marie er nøydd til å sjå det intervjuet med Telia. Me ynskja å setje lys på det med eit roleg intervju om kva Telia ynskja å formidle. Det var ikkje eit veldig hardt intervju, seier han.

– Det handla meir om kvifor dei har lagd denne reklamen, og om dei kunne forstå kritikken. Dette var ikkje ein diskusjon om for eller mot hijab, men om reklamen, seier han.

 

Dagsnytt 18-debatt

Nakkim er einig i at dei kunne ha vore tydelegare på kritiske spørsmål til dei som reagerte negativt på reklamen.

– Me kunne sikkert ha vist fram spørsmåla me stilte kritikaren, men først og fremst er me opptekne av dette som eit fenomen, seier han.

Vidare viser han til at Dagsnytt 18 debatterte Telia-kampanjen kor både Thomas Haile, Abraham Foss og Kamzy Gunaratnam (Ap) deltok.

Powered by Labrador CMS