Korona­smell for Schibsted-aksjen: Verdi­fall på 25 milliardar kroner

Låg aktivitet for rubrikkselskapa, som FInn.no, gjer store utslag på Schibsted sin aksjekurs, meiner analytikar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sidan kurstoppen 11. februar i år har Schibsted-aksjen rast med 38,4 prosent. Verdien er barbert med 25 milliardar norske kroner – og Schibsted er no verdsett til 42,9 milliardar kroner.

No får du ein Schibsted-aksje til rundt 180 kroner, mot 292 kroner for ein dryg månad sidan. Det største raset kom førre veke, då Norge heva beredskapsnivået drastisk.

Årsaka er knytt til inntektsfall i Finn og verditap av Adevinta, Schibsted sitt utskilde rubrikkselskap som dei eig 60 prosent av, ifølgje analytikar Aksel Øverland Engebakken i ABG Sundal Collier.

Adevinta-aksjen har rast som ein stein i same periode, ned 41,6 prosent frå 119,8 kroner til dagens kurs på 70. Dermed er Adevinta-verdien redusert med 34,1 milliardar kroner sidan 11. februar i år.

Syklisk

Øverland Engebakken peiker på at verdien av rubrikkselskapa vert driven av transaksjonar, og volum på bil-, eigedom- og jobbannonsar.

– Dette er syklisk, og no vert nye jobbar, bilar og eigedommar stoppa eller utsett, seier han.

Analytikar Aksel Øverland Engebakken i ABG Sundal Collier.

Adevinta driv verksemd i 16 land i Europa, Sør-Amerika og Nord-Afrika. Det inneber selskapet sine tungvektarar Leboncoin i Frankrike, InfoJobs i Spania og Subito i Italia.

Schibsted si rubrikkverksemd inneber Finn.no, svenske Blocket.se og finske Tori.fi. I tillegg eig dei VG, Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad av norske mediehus. 

Prosentvis er nedgangen for Schibsted og Adevinta betydeleg større enn hovudindeksen på Oslo Børs, som sidan 11. februar har falt 31,1 prosent.

– Marknaden er uroa

Engebakken seier at rubrikkinntektene søkk i usikre tider, historisk sett.

– Under finanskrisa så sank inntektene til Schibsted si jobb-side i Spania (InfoJobs, journ.anm.) med 30 prosent. Ein såg likevel at det ikkje vart liggjande brakk over tid, men at det henta seg fort inn igjen då aktiviteten tok seg opp.

Adevinta-sjef Rolv Erik Ryssdal, tidlegare finansdirektør Trond Berger og konsernsjef Kristin Skogen Lund i Schibsted. Her frå kvartalspresentasjonen til Schibsted 13. februar 2019.

– Er ein uroa for situasjonen, eller tenkjer ein at dette snart er over?

– Ein ser at aksjemarknaden er uroa. Det er fasiten. Anten vil dette blåsa over relativt raskt, elles vil det få store økonomiske følgjeeffektar. Ein må håpa på det beste, og førebu seg på det verste.

Trur ikkje på permitteringar

Vidare meiner han at Schibsted og Adevinta ikkje er blant dei mest utsette, då dei opererer med sterk lønsemd og høge marginar elles.

Finn.no-sjef Christian Printzell Halvorsen.

Engebakken har dermed ikkje tru på permitteringar i rubrikkselskapa.

– Dei som permitterer er i stor grad dei som må permittera som ei naudløysing, fordi situasjonen er prekær, du mistar inntektsgrunnlaget totalt, marginane er låge – og det blir spørsmål om å permittera eller å gå konkurs.

Konsernsjefane Kristin Skogen Lund i Schibsted, Rolv Erik Ryssdal i Adevinta og Christian Printzell Halvorsen har ikkje latt seg intervjua av Medier24 torsdag.

Powered by Labrador CMS