Tannbleiking frå Norisma på Love Island (TV 2), briller frå Brilleland på dommar Tore Petterson i Skal vi danse (TV 2), Meny-butikk på 4-stjerners middag (TVNorge) og utstyrsleverandør Ulvang i Farmen kjendis (TV 2).

Tann­bleiking, briller og mat: Her er den «skjulte» reklamen på norske tv-kanalar

Det er ikkje alltid like openbert kva som er betalt produktplassering på norske tv-program. Visste du til dømes at Brilleland betaler for Skal vi danse-dommaren sine briller?

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Du har truleg sett «P»-en, eller «Produktplassering», i byrjinga av eit tv-program. Merkinga, ofte vist i eit hjørne av skjermen, står der i nokre sekund og signaliserer at produksjonen har fått betalt for å eksponera ulike produkt gjennom programmet.

Men nøyaktig kva som er betalt for er det ikkje alltid like enkelt å vita. Difor har Medier24 bede TV 2, TVNorge-eigar Discovery og TV3-eigar NENT for ein oversikt over kva produkt som er produktplassert i eit knippe utvalde program.

NENT ville ikkje svara på kven som har betalt produktplassering i deira program, medan TV 2 og Discovery gav ei komplett liste.

TV 2

Love Island:

  • Cutters (Beach spray og Moulding paste)
  • Norisma (Premium White, Nutri-lashes og Skin flirt)
LOVE ISLAND: Frisørkjeda Cutters har betalt for plassering av «Beach spray» og «Moulding paste» på Love Island.
LOVE ISLAND: Skjønnheitsselskapet Norisma har betalt plassering av ei rekkje produkt i realityprogrammet Love Island. Blant dei er tannbleikingsproduktet Premium White.
LOVE ISLAND: Skjønnheitsselskapet Norisma har betalt for plassering av vippeserumet Nutri-lashes på Love Island.
LOVE ISLAND: Skjønnheitsselskapet Norisma har betalt plassering av ei rekkje produkt i realityprogrammet Love Island. Blant dei er produktet Skin Flirt, som ifølgje seg sjølv «bidrar til å opprettholde normalt hår og normal hud».

Tid for hjem:

TID FOR HJEM: Her har Jotun betalt for produktplassert måling.
TID FOR HJEM: Elkjøp har betalt produktplassering av smartheim-produkt og -kjøkken i éin episode. Her ved ein Google Nest Hub.
  • Jotun (måling)
  • Elkjøp (smartheim-produkt og -kjøkken i éin episode)
IDOL: Hurtigruten har betalt for at Idol skal ha audition-innspeling på denne båten.
IDOL: Dette korte innslaget under årets Idol-sesong er, ikkje overraskande, betalt av Ringnes. Solo-konkurransen fekk i Kampanje kritikk av Gunnar Bodahl-Johansen, og kalla det «markedsføring av Solo som nesten er uten grenser».

Idol:

  • Solo (redaksjonell konkurranse og produktplassering av Solo)
  • Seat (premiepresentasjon)
  • Hurtigruta i tre episodar
  • Grilstad (Grill-produkt og spekemat)
SKAL VI DANSE: Brillene til TV 2-dommar Tore Petterson er betalt produktplassering av Brilleland.

Senkveld:

FARMEN KJENDIS: Ulvang er utstyrsleverandør til Farmen-deltakarane også under årets sesong. Her representert ved trøyene til deltakarane Vidar Villa og Per Sandberg.
FARMEN KJENDIS: Lundhags er utstyrsleverandør til Farmen-deltakarane, her illustrert ved buksa til Mímir Kristjánsson.
  • Lille nøttefabrikken (Nøtter i enkelte episodar i samband med «Blipp mot resten»)

Skal vi danse:

  • Brilleland (briller)

Farmen kjendis:

  • Ulvang (utstyr)
  • Lundhags (utstyr)

Sponsorsjef Ina Rønning i TV 2 seier at produktplassering er viktig for TV 2, og at dei utvalde annonsørane må vera forankra i redaksjonen og ynskja redaksjonelt.

4-STJERNERS MIDDAG: Ein tur innom Meny er fast rutine for vertane på TVNorge-programmet 4-stjerners middag. Det har butikken betalt for.

– Til dømes irriterer me ikkje sjåaren ved at Farmen-deltakarane brukar Ulvang-klede på garden, seier ho.

71° NORD: Atello leverer «La sportiva»-sko til deltakarane i programmet.
71° NORD: Helly Hansen er utstyrsleverandør til 71° Nord. Her med ei jakke på deltakar Melina Johnsen.
71° NORD: Det var ikkje tilfeldig at deltakarane på 71° Nord var innom Rema 1000 for ein matbit midt i førre sesong. Det har nemleg matvaregiganten betalt for.
71° NORD: Denne hyppig eksponerte Toyotaen er betalt produktplassering under programmet.

– Produktplassering er ein av fleire moglegheiter våre kundar og annonsørar har til å integrera sine produkt, tenester og merkevarer. Dette vart tillate i Norge i 2013 og sider har det blitt meir og meir vanleg, seier Rønning.

Før selde TV 2 berre reklamen mellom programma, medan det no handlar om både sponsing, førehandsfinansierte produksjonar, produktplassering og innhaldsmarknadsføring, held ho fram.

TVNorge

4-stjerners middag

  • Meny (produktplassering og sponsor)

71 grader nord - Norges tøffeste kjendis

  • Helly-Hansen
  • Rema 1000
  • Atello, La sportiva sko
  • Toyota

– Skal vera naturleg

PR-rådgjevar Lasse Gimnes.

Kommersiell direktør Morten Dovland i Discovery seier til Medier24 det er viktig å finna annonsørar som passar programma deira.

– Når ein skal finna naturlege partnarar handlar det om å finne annonsørar med god match mellom program, innhald og varmen programmet representerer mot annonsørane si merkevare, seier Dovland.

– Desto flinkare me er der, desto viktigare blir dei som bidragsytarar for programfinansieringa, legg han til.

Dovland meiner Helly Hansen i 71 grader Nord er eit godt døme på det.

– Me er veldig opptekne av at det skal vera naturleg, og at det ikkje ser kunstig ut og tilfeldig plassert. Det skal vera ein naturleg del av miljøet, seier han.

Anbefaler bruk av teskei

Pr-rådgjevar og tv-ekspert Lasse Gimnes i GimCom tykkjer merkinga av produktplassering er altfor dårleg.

Morten Dovland, Discovery

– Media er for opptekne av kva dei skriv. Dei burde vore endå meir opptekne av målgruppa og korleis det vert oppfatta, seier Gimnes til Medier24.

Gimnes meiner det er vanskeleg for sjåaren å vita nøyaktig kva som er produktplassert, til trass for P-en i byrjinga av eit program.

– Eg vil anbefala bruk av teskei for at det skal vera lettast mogleg å forstå. Er du sponsa av eitt eller anna, må det gå klart fram, og då bør du også skriva det. Den P-en kan tolkast på mange måtar, seier han.

– Lovleg

TV 2 er opptekne av tydeleg merking, seier sponsorsjef Rønning.

– Me følgjer til ei kvar tid lova og merkar sendingane med «P- inneholder produktplassering».

– Korleis kan ein vita kva som er betalt produktplassering i TV 2 sine program?

– Som sagt er dette ei lovleg plassering, som skal passa inn i det redaksjonelle miljøet. Ved å følja med på merkinga før og etter programmet, vil ein sjå om programmet inneheld produktplassering.

Dovland i Discovery påpeiker at det annonsørane ofte blir annonsert på førehand med sponsorplakat.

– Det signaliserer at ein då kan bli påverka av sponsor i programmet, seier han.

Powered by Labrador CMS