Måndag ettermiddag melde 110-sentralen i Finnmark på Twitter at dei rykka ut til automatisk brannalarm. Då journalist Randi Iren Olsen i Finnmarksposten ringde for å høyre kvar alarmen gjekk av, fekk ho ikkje ytterlegare informasjon.
– Då me ringde for å høyre kvar det var utløyst automatisk brannalarm, fekk me beskjed om at dei ikkje kunne seie dei fordi det var «små forhold». Honningsvåg er ein bitteliten stad, det er små forhold og det har 110 heilt rett i. Ein høyrer brannsirener før twittermeldinga, seier Randi Iren Olsen i Finnmarksposten til Medier24.
Dagen etter skjedde liknande i Hammerfest. Tysdag ettermiddag fekk brannvesenet melding om røykutvikling. På Twitter melde Politiet i Finnmark at «Hammerfest brann og politi har vært på stedet etter melding om røykutvikling på en adresse i byen, en kvinne er bragt til sykehus for sjekk pga at hun har pustet inn røyk.»
Då ein journalist i Hammerfestingen ringde for å finne ut kvar det hadde vore røykutvikling, fekk dei ikkje meir informasjon, med omsyn til teieplikta.
– Det er første gang i mitt liv at politiet ikkje kan seie kvar det er brann, seier redaktør i Hammerfestingen, Bjørn Egil Jakobsen, til Medier24.
– Veldig dumt
Det same seier Olsen i Finnmarksposten.
– Det er første gang eg får den beskjeden. Kvifor skal dei skjule det? Kva er vitsen? seier ho til Medier24.
Jakobsen i Hammerfestingen har ikkje drøfta problemstillinga med politiet i ettertid, og er difor ordknapp når Medier24 spør kva han meiner om svaret han fekk frå politiet.
Olsen tykkjer det er synd dersom naudetatane har endra mediestrategi.
– Eg tykkjer det er dumt av dei. Tidlegare har dei informert ned til adresse og nøyaktig kvar det er. Det blir litt rart om dei skal endre den, og eg skjønnar ikkje kvifor. Folk driv og deler bilete på Facebook og i sosiale medium, så kvifor skal ikkje me få den informasjonen direkte frå etatane? spør ho.
– Det er veldig dumt. Folk ser kvar brannbilen står, og deler det vidare på Facebook, seier ho vidare.
Ifølgje leiar for 110-sentralen i Finnmark, Gerd Isaksen, seier til Medier24 at det ikkje er innført nye reglar, og forklarar det slik:
– Me har teieplikt. Me skal ikkje gi opplysningar om personar. Operatørane har fått ettertrykkjeleg beskjed om å ikkje seie kvar brannar skjer, seier ho.
– Slik har me halde på lenge. Det er ikkje noko nytt. Som regel ligg media på hjul etter uansett, legg ho til.
– Politiregisterloven er svært streng
I ein e-post til Medier24 skriv leder for operasjonssentralen i Finnmark, Synne Stenslet Roaldsnes:
«En adresse er en identifiserende opplysning og dermed taushetsbelagt. I følge politiregisterloven § 34 må politiet ha en grunn for å gi ut identifiserende opplysninger i en sak Det være seg brann eller andre straffesaker. For eksempel så kan det være tjenstlig grunn til å gi ut opplysninger dersom veien må sperres eller nabohus evakueres, og politiet derfor ønsker å advare publikum slik at de vet at veien er stengt. Da kan politiet gi ut slike opplysninger, og det gjør vi også. I denne konkrete saken var det en liten røykutvikling, og det eneste brannvesenet trengte å gjøre var å lufte litt. Det var aldri noen åpen flamme eller andre som ble satt i fare, heller ingen konsekvenser for nærområdet. Politiet hadde derfor ikke tjenstlig grunn til å gå ut med identifiserende opplysninger som adressen, i henhold til politiregisterloven § 34. Politiet opplyste derfor at hendelsen skjedde i Hammerfest. Politiregisterloven er svært streng og ble skjerpet i 2016. Personvernlovene er også skjerpet. Det skal ikke være slik at publikum skal være redd for å varsle ved små hendelser fordi de da risikerer å bli offentliggjort i media.»